onsdag 21. april 2010

Onsdag 21.april.

Min kjære kollega kom inn til meg med eit bilete tidlegare. Ho hadde leita i gamle bilete og fann to likeeinse.Då tenkte ho at ho skulle vere snill og la meg få det eine:=)
Det har seg slik at dette biletet er tatt, sånn høveleg bra regna ut, hausten 2000. Vi hadde hausttur med skulen og var ved Storbotnvannet. Ein fin tur skal vite, men det er ikkje det som er så bra med akkurat dette biletet.

For ti år sidan å hadde eg jo ikkje hår på hovudet. Etter ei impulshandling i lag med nokre venninner, som var minst like impulsrike som eg var på den tida, klipte vi først håret veldig kort ein fredagskveld. Laurdagskvelden var ALT borte. Det som stod att var tre millimeter med hårvekst...... Det verste var vel at eg aldri angra på denne impulshanndlinga. Eg trivdes godt utan hår....

Kva gjorde det vel at eg ikkje hadde hår??? Vel, den tanken var ok heilt fram til Tysfjord Kommune ringte pappa og spurte om han kunne avsjå meg litt den sommaren pga at dei hadde mangel på folk i heimesjukepleien og ville spørre meg om å stille opp..... Det blei heimesjukepleie på meg i tillegg til kroa den sommaren. Først då gjekk det opp for meg at eg kanskje måtte vurdere korleis eg såg ut på håret. Sjå for deg alle dei eldre menneska eg skulle besøke og det utan hår. Trur mange av dei ville tenkt litt av kvart om eg ikkje fann den løysinga eg gjorde.
Eg valgte å bruke sjal på hovudet heile tida mend eg var i husa til dei eldre. Varm sommar, sol og blå himmel.....Sjølvsagt var det deilig å gå rundt å sjå ut som ei budeie på hovudet....NOT! Det tok ikkje lange stunda før eg bestemte meg for å la håret vekse (sjølv om det er riktig så godt å vere utan).

Ti år er gått og eg har heldigvis ikkje hatt same impulshandlinga på nytt....:=) Uansett, biletet vekker minner!! Eg flirte godt då eg såg det. Kanskje like godt at eg ikkje har scanner så det kan puttast inn her. Hehe.......

Ein endrar seg med åra, både på godt og vondt, men slik er det vel for oss alle...... Ha ein fortreffeleg ettermiddag!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar