lørdag 10. april 2010

Fasinerande!!!

Heilt sidan eg var ei lita jente har eg visst om korleis ein fugl lagar reiret sitt. Ikkje akkurat noko nyhende det, då:=) Det er berre det at eg aldri i løpet av mitt nesten femogtredve år lange liv har vore vitne til ei slik hending.
I dag var vi oppover ein tur og fann ut at vi skulle gå på kroa og spise litt kake...... Medan vi satt der, blei eg plutseleg merksam på ei sjur som satt i treet i Thindberggården. Først var det ikkje noko spesielt med å sjå ei sjur. Det har ein sett nok av i løpet av åra. Etterkvart skjønna eg at den faktisk holdt på med eit heilt stykke arbeid! Ho flaug frå kvist til kvist i det store treet. Med nebbet sørga ho for å brekke av kvister og slapp alle kvistene ned på samme sted på bakken. Ganske fasinerande å sjå på. Det var fantastisk å sjå på teknikken ho bruka på å knekke kvistene. Skulle tru ho aldri har gjort anna...:=)

Etter å ha fulgt med ei stund, tok sjura seg ein liten pause der ho leita etter noko å spise. Etterpå kom ho attende, og det viste seg at ho holdt på å byggje seg reir rett nedi gata. Ho var nesten ferdig, og dei kvistane ho skaffa seg utfor kroa tok ho med seg for å fullføre reiret sitt. Utroleg!

Det er mykje som er utroleg, men ein tenker ikkje over det før ein ser det med eigne auge. Men så heiter det dog seg at det er maura som er det sterkaste "dyret" som finnes. Vi veit alle kva ei maur er i stand til......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar