mandag 26. april 2010

Måndag 26.april 2010.

Ei ny arbeidsveke er igong. Det er måndag og det er snart mai månad! Berre sjå ut vindauget så ser du det heilt klart.
Eg trur eg blir gal av desse vèromslaga. Det er nesten ingenting som tyder på at det snart er maifeiringer osv....... I går var eg vitne til både snø og hagl! Jaja..... Det er jo fint for dei som enno ikkje har lagt årets ski på hyllene:=) Eg veit det er fleire som går.

Eg skal ikkje klage. Om eg ikkje tar mykje feil, får vi nok mange kjempefine dagar snart..... Det skulle eigentleg vore slik at det var kvoter for soldagar og andre dagar. Som regel er det pyton å sitte inne på eit klasserom i slutten av mai og i juni. Når sola står rett på vindauga, er det vanskeleg å finne motivasjonen. Kvart år har vi hatt mange slike dagar. Så kjem sommaren og vi saknar slike dagar.
I år ser det ut som om vi får "godvèret" litt seinare enn vanleg. Så hadde det vore kvoter på vèret ville vi fått ein fin sommar:=) Vi berre forskyver vèret litt.....

Førstkommande onsdag inviterer Kjøpsvik skule til kulturkveld. Håper det blir masse folk!! Uansett, det blir ein bra kveld. For å ta unna all publikum blir det køyrt to konsertar der elevane frå 5.-9.klasse er aktørar. I tillegg blir det lysbileteshow frå ein del år attende i tid. Sjølv har eg sett nokre av bileta, og tru meg.....det var ei positiv røynsle. Så no veit eg korleis mange av dei som er eldre enn meg såg ut då dei var berre ungdommar:=)

Planen var å skrive eindel no, men det ser ut som om det må vente... Det står visst ein bil utanfor og venter på meg.
Hasta luego!!

I've already fallen.......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar