mandag 17. mai 2010

Langhelga er over.

Så var den første av langhelgene over. Det er fleire av dei denne månaden.....tre om eg ikkje tar heilt feil. Ingen kan seie at vi ikkje har vore heldige med denne helga i alle fall. Det vil eg påstå!!

Sjølv om det har vore godt å vere på hytta (noko eg trives særs godt med), var det godt å kome heim også.

Sjølv om det har vore langhelg har eg hatt med meg tre bunker med oppgåver som elevane har levert inn. Det er berre koseleg å lese fortellinger om kvelden når det er heilt stille rundt meg, og så får eg det rolegare etter helga når eg slipper å rette dei då:=)

Ein ting er sikkert. Det er lettare å vere småbornsmamma når det er flott vèr!! Då vil ungane i mest mogleg grad vere ute, og det er lettare for dei å finne på noko.



Det gøyaste for tida er å kaste ball på taket og prøve å fange den når den kjem attende. Eg skjønnar ikkje heilt det der med at dei aldri blir lei av å gjere det samme om att og om att, dag etter dag...........

Denne helga kom det eit uventa brev frå heksa, Cornelia?, adressert til borna i Herøyvika. Det ser jaggu meg ut som om vi får besøk av ho i år også!! Borna er veldig glad for at det er akkurat ho dei har fått brev frå, for ho er nemleg ei av dei snille!! I fjor var ho så glad då dei berga ho frå sjørøveren at ho baka muffins og laga heksedrikk til dei...... Uansett, i brevet stod det at ho hadde mista eindel krefter og at det er langt å gå frå heimplassen hennar i Sverige og heilt til Herøyvika. (Spesielt med tanke på at det er så kort tid att til det er Sankthansaften). Ho hadde sendt med ein liten holdar med nokre frø borna måtte plante i helga. Dersom det blir blomster av dei vil ho få krefter til å komme. Gjett om dei var snar til å plante frøa!??! No attstår det berre å vente og sjå om ho dukkar opp:=) Eg trur eg veit svaret! Hehe..... (Nei, det har ikkje rabla for meg eller nokon annan for den del). Tradisjonen tru er det på Sankthansaften ho dukkar opp, men i fjor var ho litt seinare enn det. Eg har i alle fall tenkt å vere der!

17.mai i år blei feira på ein høveleg brukbar dag, vèrmessig. Ei stund midt på dagen var det litt utrygt, men det regnet holdt seg for det meste borte. God temperatur var det og. Tradisjonen tru hadde dei også i år leikar/konkurransar for born. Det var ein glad, liten seksåring som kunne fortelje om alle dei gøyale aktivitetane han hadde delteke på!! :=) Ellers av underhaldning var det eindel musikk. Det er gjerne det som oftast pregar underhalndningane rundt om i landet på ein slik dag. Song frå skuleborn, bandaktivitet frå både unge og eldre var med på å sette fin ramme rundt årets nasjonaldag. Talen var og grei. Eindel ting blei nemnt som vi bør ha til ettertanke.

Det er heller ikkje ofte eg har høve til å vere i lag med husnesingar på ein slik dag. Trur det må vere 15 år sidan sist!!! Huff, tida går altfor fort. I år var i alle fall Mads her i lag med kjæresten sin og det var veldig hyggeleg. Minst like hyggeleg var det å få vite at bror hans blei pappa den natta:=) <3

Uansett, ei langhelg er over, ei ny starter snart. Ukene flyg avgarde. Om to uker er det juni.... Treng eg seie meir??!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar