fredag 14. mai 2010

Deilig!!

Kva er vel betre enn å vakne utkvilt til deilig fuglekvitring og godt vèr? Sidan eg dro ut på hytta på onsdag har eg lagt merke til at seint på kvelden og tidleg på morgonen, når det er heilt stille, er det kjempedeilig å høyre på denne fuglekvitringa. Då er det verre når måsen kjem og held eit liv utan like!!! Vi har no fred enno, enn så lenge! Ein høyrer på lyden av fuglane at vèret er bra. Godt vèr sprer glede! I alle fall hos meg....

Her sit eg på verandaen og nyt "stillheten". Alle borna i området er samla hos hyttenaboane og har berre meg sjølv å tenke på. Kaka står i omnen og eg kjenner lett den deilige duften som sig ut frå steikeomnen. Steffen er seks år i dag og då må vi jo ha kake! :=) Litt uverkeleg å tenke på at han er skulegut om 3 månader!! Jaja.....

Det er langhelg no. I går var det Kristihimmelfartsdag og på mandag er det 17.mai. Så det har i realiteten for meg betydd fri frå onsdag ettermiddag til tysdags morgon. Deilig er det, og eg misunner ikkje dei som er nødt til å arbeide alle desse dagane. Halve Noreg har vel ordna seg fri i dag, men eg kjenner og dei som ikkje har høve til det av ulike årsaker. Eg er sikker på at dei ønsker å kunne ta seg ei langhelg dei og.... Eg skal spise eit kakestykke for dei og eg!!! :=)

Det siste snølaget har akkurat forsvunne herifrå, no er det berre i fjella vi kan skimte det kvite. Det tar vel si tid før det er heilt borte. Glad er eg for at eg veit vi ikkje har snø syttande mai. Det såg lenge farleg ut.

Akkurat no veit eg ikkje heilt om eg skal ta attende det eg sa om fuglane. Eg har ikkje før skrive at det er deilig å lytte til dei før dei no tar heilt av . Det virker som om dei har ein eller annan form for konkurranse ipiping. Maraton kanskje?! Hehe.... Heller fuglekvitring enn den avbala reven som brukar å snike seg rundt hytteveggene. Det har nokre naboar her oppe i lia sørga for med at dei har heve ut mat til han kvar dag dei har vore her dei siste to åra. Det er vel eigentleg synd på reven. Han er så vant til å bli mata at han får store problemer om vinteren. Det er såvidt han har klart seg i vinter. Det er lett å sjå på han at han er sjuk. Ikkje vil eg at nokon av borna skal vere i nærleiken av han!!!
Det er aldri bra at reven oppholder seg i eitt bestemt område. Då jaktar han jo berre der han er, og følgene blir at vi får eit område utan orhøner og orhanar. Det har det vore manko på dei siste to åra!
Eg har ikkje sett reven den siste tida og i går høyrde eg faktisk kurringa til orfuglen!! Får håpe det fortsett slik.

Graset byrjer å bli grønt, "flagget" vaier i vinden, det er vår og ikkje minst har det dukka opp eit par sommarfugler her. Gud kor eg gler meg til sommaren!!!

We can pick up from where we started. Listen now to what my heart says!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar