onsdag 4. mars 2015

Hårreisende??

En personlig mobbing som har vært helt hårreisende. Stemmer det? Går "vi" for langt i våre kommentarer på nett? Lenge leve ytringsfriheten, liksom.......

Torbjørn Jagland får så øyrene flagrar. Folk er rett og slett nådelause. Nettavisa har ei sak der søstra står opp for han og seier rett ut "Slutt å mobb broren min!". Engasjementet hennar er flott, spør du meg. Ikkje av di det er Jagland det er snakk om, men uavhengig av kven det gjeld.
Ein kan meine kva ein vil om personar, men det betyr ikkje at det er fritt fram for å mobbe dei på nett.
Det er ofte greit å kalle ein spade for ein spade, men det er ikkje det same som at det er greit at ein ikkje legg band på seg i det offentlege rom.
Jagland har mange tilhengjarar, men det er nok fleire som ikkje likar han heller. Akkurat det kan ingen nekte dei.

Det er fleire som gjer søstra til Jagland kred for at ho går ut på denne måten, men det er mange som ikkje klarar å halde seg til det saka gjeld. "Ja, dere mener han trenger det? Bor og jobber i Europa med flere millioner i lønn. Bor gratis, betaler ikke skatt, men nyter godt av norsk helsevesen." 
Bakgrunnen for denne ytringa kjenner ikkje eg, men det kan jo hende at det er snakk om sjalusi. Kva anna kan det vere?
Ein mann som leier Europarådet og er utsendt frå Noreg....... Ikkje veit eg om han betaler skatt, men eg er ganske så sikker på det at han overheld dei reglar som er. Dessutan.......om han bur gratis, så er det mange som gjer det. Eg reknar med det er ein del av lønna.
Eg tvilar på at det er mange som ville tatt ein jobb og tvinga seg på for å betale skatt om ein ikkje må.  Så lenge han held seg til reglane som er satt så fell heile argumentet i fisk. Det blir berre tåpeleg. Han betalte i alle høve skatt før, så det er greit at han nyter godt av helsevesenet vårt.

Kva er det som gjer at det er så mykje fokus på denne mannen nett no?  Jo, han er ikkje blitt valgt til å fortsette som leiar av Nobel-komitèen. Det er ho Kaci.
Kunnskapsministeren vår kalte Jagland ein klovn etterpå. Heilt sånn der indirekte så er han ein av mine overordna (kunnskapsministeren). Han er ein av dei som fortel oss at vi skal vere dei fremste til å bekjempe mobbing. Det er ei av hjartesakene hans. Så framstår han sjølv som ein av dei verste mobberane. Korleis kan han forsvare seg der?

"Syns klovn er dekkende nok. Idiotisk moralimperialisme med det formål å pusse sin egen stjerne." 
"Jagland blir mer og mer patetisk."
"På tide at denne arrogante mannen blir fjerna. Får viktige personer hit bare for å sole seg i glansen av dem."
"Jagland var et blødende magesår for AP." 

Å ikkje vere einig med Jagland er èin ting, men det er noko anna å gje han heile skulda for alle val Nobel-komitèen har gjort. Det er han som har fronta dei, men valga er tatt saman.
Han er ein mann som blei valgt til generalsekretær i Europarådet og gjenvalgt. Det kan ikkje bety anna enn at han er over gjennomsnittet dyktig.
Dessutan vil eg påstå at han er sterk som person, for jaggu meg har han måtte tåle mykje frå folk. Han har stått rakrygga gjennom all kritikken opp gjennom åra. Han har stått for sine meininger og han har turt å ikkje vere einig.
At engelsken hans ikkje er den beste.......Tja, har dei andre statsleiarane rundt om i verda så god uttale at det gjer noko?? Just asking..... Den franske, tyske osv.....for å nemne nokon...
I skisporten heiter det "det er typisk norsk å vere god". Det er visst meininga at vi skal leve opp til det idealet innanfor alle greier.
Litt trist om det er den engelske uttalinga som er avgjerande for kven som kan sitte i ei slik stilling. Vi kan gå glipp av god arbeidskraft då.

No kan det virke som om at denne knetta som sit bak tastaturet her er ein ihuga Jagland-tilhengjar. Det kan du berre gløyme å tolke ut ifrå kva eg skriv. Det er ikkje kva eg syns om han som legg grunnlaget for haldningane rundt temaet Jagland. Det er haldningane til oppførsel, nettmobbing, ytringsfrihet osv.....som gjer seg gjeldande. Folk burde vite betre enn å oppføre seg som idi.... på nettet.
Vi ønsker at born skal vere greie med kvarandre. Vi ønsker at dei skal lære kva som greit eller ikkje. Korleis skal det la seg gjere når vi vaksne ikkje klarar å la vere.
Vi snakkar nedsettande om andre foran øyrene på born. Vi skriv stygt på nettet. Vi hever oss over andre og er så fordømt mykje betre sjølv.
Takk Gud for at eg ikkje er kjendis!!

Ordet "vi" er nok litt missvisande, for det gjeld jo ikkje alle. Det er mange som ikkje mobbar på nettet. Det er mange som tar avstand frå det. Likevel, eg vel å bruke "vi" når eg skriv av di eg reknar med at du som lesar uansett forstår kva eg legg i ordet. Eg snakkar om dei nordmenn som ikkje har nettvett på dette området.

La Jagland vere Jagland. Mein kva du vil om han, men publiser det no ikkje for einkvar pris på det sosiale nettverket. Han er trass alt berre eit menneske. Han har sine feil og manglar, men det har jaggu meg alle vi andre også.


Ha ei god natt!! Sov godt! :=))

Hasta luego!

IWALY!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar