tirsdag 11. august 2015

Pust pes..... :=)

Sjå for deg at du har ein puls på 960 (minst!!!!) og føtene syns det er tungt å flytte seg forover ein etter ein i sånn høveleg tempo at det skal sjå ut som at du er på trimtur..........
At pusten sikkert høyres ut som ein dampveivals er du fullstendig klar over, men legger ikkje merke til det sjølv av di Bruce Springsteen si låt "I wanna marry you" presser tonene sine inni øyregongane der du spring. Like greit det....... Ein legg ikkje så lett merke til den høge pulsen heller då. Det er berre om å hugse på at ein ikkje skal gløyme seg av og synge ilag med musikken. For......Det kan jo faktisk vere litt kjipt om du plutseleg spring forbi DEN "hottisen" og plutseleg lyrer ut av deg "I wanna marry you" og oppdager sjølv kva du gjorde.
For all del.....Eg har ikkje opplevd det enno, og så er det ikkje ufatteleg mange "hottiser" her, så det er vel kanskje ugrunna bekymring. Jaja..... :)

Vel, den følelsen av høg puls, dampveivalspust osv....... Den oppstod i dag! Tunge føter også!
Tildels litt sliten og med akkurat "I wanna marry you" i øyrene. Oppe i hovudet mitt holdt eg på å motivere meg til den litt seige kjøpsviksvingbakken. Vel vitande om at det ikkje var den beste dagen i mitt liv (når det kjem til form)...... Og der, i same augeblink eg ser bakker, ser eg at det er eit menneske som også er ute og trimmar (dog litt saktare enn eg). Sjølvsagt er det den nye rådmannen og eg tenker "farsken òg - no blir eg nøydd til å løpe heile bakken". Ja, for eg kunne jo ikkje berre kapitulere rett foran den nye sjefen og utsette meg for ein kommentar der han mest sannsynleg ville, av rein høflegheit, seie kor sprek eg er som er ute og løper. For det er vel det ein gjer når ein møter folk.....?!"Kor sprek du e!"
Hahaha...... Seig i ræva og hvalrosspust er ikkje noko som legg opp til slike kommentarar, så det var om å bite tenna saman og "klatre" heile bakken. (Og ja, i dei sekunda det tar å passere eit anna menneske er det berre å halde pusten så ikkje dei rare lydane skal nå fram til andres øyre.
Og fy flate kor tung det då blir etterpå. Når ein er utan påfyll av luft nokre sekundar i ei stigning.......Say no more!!

No er eg nydusja og overlevde joggeturen denne gongen også. Eg møtte ingen "hottiser" på min veg og ikkje sang eg unødvendig mykje. (Det hadde eg jo ikkje pust til...) No har eg kvalitetstid med den bestaste. Vi regjerer ilag på kjøkkenet og lager skoleboller. Eg har laga deigen og minstemann tar seg av tilbehøret. Medan omnen gjer sitt arbeid med bollene, sit eg no her og skriv litt. Det er lenge sidan sist, men eg kjenner at eg har litt lyst å skrive litt framover.

Medan eg laga deigen tidlegare i kveld, høyrde eg på ein song eg var nysgjerrig på. Den viste seg å vere fin, både melodien og teksten. Det som skjedde etter at eg høyrde på den første gongen, var at plutseleg så hadde det hoppa over til ein annan song. ("Bara du och jag".) Det viste seg å vere den svenske artisten Erik Linden. Eg blei litt nysgjerrig på denne artisten som sit ved pianoet og syng rolege songar. Han hadde verkeleg mange fine songar, sjølv om enkelte av tekstane bar preg av kjærleikssorg, eller noko i det høvet. I alle fall var han ein draumar.
Sverige har eigentleg ganske mange flinke artistar. Eg veit ikkje kvifor, men mange gonger er det meir behageleg å høyre på svensk tekst enn norsk. Utan at eg har noko forklaring på det. Det er utroleg mange fine svenske tekstar.
No skal eg sette på den første songen som eg i utgongspunktet høyrde på og lære meg den. :=)

Utsikt frå paradis på jord ein av soldagane vi hadde i sommar. Fine fjorden vi har!

Denne rørte ikkje EG!! Mine fingrar er ikkje skapt for å ta i slikt....Sånn er det berre. (Så slepp eg å innrømme at det kjem av at eg blir så redd at eg nesten pissar på meg.) Syskenbornet mitt var hakket mindre redd kan det sjå ut som. 

Kråkebolle. Hokjønn må du vite. (Ikkje spør meg korleis eg kjenner til nett det - men det er faktisk det.) 

Ha ein fortsatt fin kveld!
Hasta luego!

IWALY!!!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar