mandag 17. august 2015

Det har vore ei flott helg på mange måtar. Eg høyrer fleire klagar på dårleg bærår, men det er i alle fall ikkje tilfelle overalt. For min del har dette vore det beste bæråret på aldri så lenge. Masse multer og blåbær. Så no kan eg i alle fall halde avtalen med mor mi om nordnorsk blåbær til pålegg når ho kjem i slutten av september.

Medan eg gjekk i mi eiga bærverd, fekk nokre tankar eg eigentleg har hatt ei bra stund satt seg litt betre. Eg har over ei ganske lang tid hatt eit ønske om å skrive ein roman. Tanken er å skrive ein kriminalroman.
No er det ikkje "berre berre" å skrive ein heil roman. Eg er fullstendig klar over at det er hardt arbeid og at det tar tid. Difor har eg lyst til å bu inne i fjorden eit heilt år og fokusere på berre det (nesten). Gjennom eit heilt år får ein oppleve og sjå alle dei ulike vertypane som er med på å gje spenning til handlinga. Om ein skal skildre tåkedisen som ligg nedover fjellsida, bør ein sjå den akkurat der og då for å skape den rette stemninga. I alle fall har eg fleire gonger opplevd den som ganske trolsk og det er ganske spesielt å sjå. Så må ein jo også kjenne til kvar ei skrent, storstein og andre "naturfenomen" i nærområdet. Aller helst bør ein besøke områda og gjere seg godt kjent med dei. Folk må kunne kjenne seg att i det som står.
Tenk å sitte der midtvinters og høyre på alle lydane rundt deg. Når du skal legge deg og det høyres ut som om at det er nokon på loftet utan at det er nokon der. Det er veret som speler deg eit puss.
Den stemninga du får då.........Det er den som må kome klart fram når du skriv. Den kjensla som får nakkehåra til å reise seg. Den kjensla ein får av å bli heilt slått ut av den vakre naturen. Eg har tilgong på natur i alle fasongar og som vil vere perfekt for høvet. Så langt unna sivilisasjonen, men likevel så nært.

Eg har allereie jobba litt oppe blant dei små grå og har ein plan, for såvidt, men det er nok ikkje så lett å gjennomføre når ein har born i skulealder. Eitt år er ganske lenge..... Dessutan er det heller ikkje berre å ta seg "fritt"  i eitt år og berre stikke av.
Likevel...... Den historiske biten av researchen eg gjer no og dei planane som held på å byggje seg opp litt etter litt.... Om ein lagrar dei..... Det kjem jo ei tid etter dette. Er draumen sterk nok så vil det skje. Eller...?

Eg skulle ønske at sommaren hadde hatt fleire dagar slik det var i helga. Det er utroleg deileg og koseleg å sitte ute på verandaen og lese. Avslappande. 

Som for å ta igjen dei tapte dagane med sol i sommar, trør ho til med å kome i to eksemplar! Blå himmel i kveldinga, blikkstille hav og spabad. Fantastisk! 

Eg blei så glad då eg såg ei blå stripe av himmel over Kjøpsvik på ein av mine mange "fjellturar" i sommar, Mindre heldig blei eg med biletet, for blåfargen kjem ikkje akkurat så godt fram. Dette var nok på fredag(?). Var det ikkje då sola byrja med å gjere sitt lille inntog? (Viss det ikkje var torsdag...) Det er rart kor lite som skal til for å bli i godt humør. 

No skal eg berre ta meg litt av kveldens bakarvarer før eg legg meg. Ikke ete av den, men prekevere den. Ute er det nok mørkt til at ein skjønnar at det er tid for haust og alt er slik det skal vere. 
Først kjøkkenet, så litt åleinetid foran tv´n før Ole Lukkøye får gjere sitt innpass! 
Ha ein fortsatt fin kveld!!

Hasta luego!

IWALY!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar