lørdag 7. februar 2015

Samuel måtte velge mellom sin kone eller sin nyfødte sønn. Det er ikkje berre utanfor dørene her at vinden bles kraftig. Stormen Ole er innom ein snartur før han drar vidare på si ferd. Det stormar på nettet også........ Mange er hissige på ei viss mor som har gjeve sitt ultimatum, og dei som er ueinige gjer sitt for å forsvare ho.

I Armenia er det mykje som ikkje heilt stemmer overeins med korleis vi i Noreg tenker. Dei verdiane og ofte meiningane vi har kjem er i stor grad påverka av kva land vi lev i og kva vi er vant med å forhalde oss til. Blant anna er det mange som har stort fokus på at alle born, uansett skavankar, skal ha livets rett. Slik er det diverre ikkje i Armenia. Der er det slik at majoriteten av dei borna som har downs syndrom blir satt bort på borneheimar o.l. Berre ein liten prosentandel vel å ta seg av bornet sjølv.
Hadde dette gjeldt meg sjølv, ville det ikkje ha vore noko tema.......Her gjer valget seg sjølv. (Sjølv om kanskje ikkje alle er einige.)

Samuel er blitt pappa til ein nydeleg liten gut. (Eg veit han er nydeleg, for eg har sett bilete.) Etter å ha holdt han i armane sine, klarar han ikkje å tenke tanken på å gje han ifrå seg. Kjerringa hans er ikkje heilt der. Ho ber han ta eit valg.....bornet eller ho. Vel han bornet, skillar ho seg frå han. Ho gjer han ikkje eingong sjansen til å drøfte det.
Han vel "sjølvsagt" bornet og no vinn han sympati frå "heile" verda. Folk tar hans parti og fordømmer kjerringa og kallar ho litt av kvart.
Eg tar hans parti, eg også! Forskjellen ligg i at eg vel å ikkje kalle ho noko som helst. Eg berre forstår tankegangen hans og ville ha gjort det same. Det betyr ikkje at denne mora er ei hensynslaus, egoistisk osv.......bitch. For det er mange som meiner det.
Det dei gløymer er at ho er eit resultat av eit samfunn som i liten grad "aksepterer" folk som blir født med denne kromosomfeilen. For alt vi veit, kan det hende at ho fryktar korleis livet vil bli. Økonomisk? Korleis skal dei klare å følgje opp bornet? Kva tilretteleggingar må gjerast? Korleis vil folk rundt dei reagere og oppføre seg i forhold til dei? Alt kan faktisk gøyme seg bak noko så "enkelt" som frykt.
Ikkje det at eg veit at det er tilfelle, men det er difor eg skriv "for alt vi veit" og "kan hende".
Vi fordømmer mora utan å vite kva som ligg bak.
Dessutan......kva om Samuel hadde vore frå Armenia (for han er faktisk frå New Zealand), hadde han då også gjort det same valet? Det er mykje vi ikkje veit.

Enkelte er rett og slett grusomme i kommentarane sine. Enkelte gonger lurer eg på kor dei har fått haldningane sine frå.
Hjerterått av mor. 
Stå på far. Skill deg fra den fitta.
Hun damen der skulle vært sterilisert.
Det æ mene om mora ægne sæ ikkje å skrive hær.
For en kald og hjerteløs mor.
Dama er forskrudd i hodet.
Hun er ingen mor/mamma, men et monster.
Møkkakjerring.
For et nek, den dama, slett ingen mor.

Dette er berre eit lite utvalg. Enkelte av kommentarane var mykje verre, men eg syns sjølv at desse var ille nok.
Eg tar fullstendig avstand frå det mora har gjort og gjer meg mine tankar, men eg kan ikkje klatre opp på hesten og snakke ho ned av den enkle grunn at eg ikkje har nok kunnskap til å kunne gjere det.
Dette er berre ei tragisk sak og eg håpar at bornefaren klarar seg. Eg syns han er tøff, eg.

Stormen Ole sørger for eit "kjedeleg" liv. Det er ikkje særleg gøy å berre måtte vere inne når det bles sånn ute. Kva gjer ein med det??? Det er i alle fall èin som har svaret på det.
Eg var på butikken ein snartur og då eg kom heim, kom eg til dette.


Mange sugerør, teip, papir, dl-mål, vann.....you name it. Eit fint forsøk det! Æ har tenkt på det længe, og no mått æ jo bærre prøv når dåkker var ute. For ellers hadde dåkker sikkert bærre sagt nei. 
Eg trur nesten at det stemmer godt.
Så spørs det........Fekk han vatnet over i dl-målebegeret, eller hamna det meste av vatnet på golvet?
Eg satsar på at uvèret gjer seg straks. Det er allereie mykje rolegare.

Det er laurdag, det er helg, det er avslapping (viss ein ser bort ifrå litt husvask)..........
Ha ein fortsatt fin kveld!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar