mandag 2. februar 2015

Jau, jau... :=)

Jomfrua har inntatt (no skulle eg skrive horisontalen, men det ville vere å lyge!), eller rett og slett okupert spisebordet. I omnen er det ei pizza som godgjer seg, så då blir det "koseskriving" i dag.
Eg har ikkje løyst nokre verdsproblem i løpet av det siste døgeret, men eg har registrert at enkelte menn har skrive på nettet om kor vanskeleg det er å forstå seg på kvinner! Hahahahaha....... Det er jo slett ikkje noko nytt, det, men når ein ser kva årsaker dei det gjeld ligg til grunn, ja då tenker eg "stakkars menn, dåke er rett og slett ikkje dei skarpaste knivane".
Når årsakene er som følgande:
1) Kvinnfolk elsker å bli glodd på i bikini, men når det kommer til "underwear" så går det i "dont´t look....
2) Kvinnfolk kjøper ting, dog ikkje på grunn av at dei treng det, men at di det er på salg. Til det seiere eg berre jau, jau......Her i huset er nok den rolla totalt motsatt!
3) Kva tid kan ein spørre ei gravid kvinne om ho er gravid? Der er svaret "sjølvsagt" ALDRI!! Eg seier jau, jau på nytt...... Ei lubben dame liker nok ikkje om ho blir spurt om det dersom svaret er nei, men dette er eit argument som blir brukt om alle kvinner. OG..... eg berre nemner det...... Her snakkar vi om LOGISKE årsaker til at det er vanskeleg å forstå seg på oss som tydelegvis berre duger til enkelte ting. :=)
4) Kvinnfolk ber om orsaking for at dei drøymer at mannen er utro!!! Hallo???!! Snakker vi planeten Tellus, eller??
5) Kvinner "dater" heller ein "asshole" enn ein lekker-boy av di dei alltid vil synes dama er lekker. (Eg skal ikkje seie kor eg blir sveitt hen....... Det neste som ryk må vere tolvfingertarmen....)
6) Ingen kvinner vil nokon gong seie "Eg hadde sex med han, men eg kjem ikkje til å fortelje korleis det var å ha det". Bla, bla, bla, bla........ (Sa eg at eg ikkje har løyst nokre verdsproblem enno i dag??)
7) Når menn treng èin dibedutt (du våger ikkje spørre kva det betyr), treng kvinner ørtiførti stykk.
(Eg veit ikkje heilt om det er desse "logiske" utsegna eller om det er pizzaen som gjer at eg plutseleg føler meg så varm....
8) Menn meiner at kvinner bør få ein "plunger" (eit engelsk ord for sånn der sugekopp du bruker om doen som går tett og må opnast att). Det treng dei av di dei heile tida bringer fram så mykje skit. Hahhahaa..... Den beste samanlikninga eg har høyrt i dag!! Sa eg at enkelte ikkje er smartaste kniven i skuffa? (Just asking.....)
9) Enkelte kvinner fiser ikkje. Dei held på fisen og så kjem det ut som drama. (Kvinner er hissige....you know).
10) Vi plukker ut augebryn. (Eg ville heller sagt nappar augebryn...)
 Etterpå maler vi dei på att!!! Hahahahahahah......... (Shit!! Her må eg faktisk innrømme at dei har eit poeng......MEN det kjem eg aldri til å innrømme.)
11) Går to og to ilag på do.
12) "Eg liker ikkje han, men eg vil at han skal like meg".
13) (Finally the last one.......) og den nekter eg så kommentere her. Den var rett og slett berre meir teit enn dei andre.

Skjerp dåke menn....Viss dåke ikkje kan betre enn dette.....Dåke ender opp som einstøingar. Helsigvis veit 68% av den mannlege gruppa betre. Med det meiner eg at dei i alle fall lar vere å seie at det er enige. Ergo lurer dei oss til å tru at dei er så smarte.
Viss desse argumenta er logiske......så repeterer eg meg atter ein gong...jau, jau!
Og berre så det er sagt...Eg skal ikkje kome opp med logise årsaker til at det vanskeleg å forstå seg på menn.

Skoleveska mi koster 9000 kr. Blei eg sveitta av det eg skreiv rett over her??? No blir eg i alle fall det. Vi snakkar vidaregåande skuleelevar. Elevar, ja! 9000! Puh.... I Sandefjord er dei visstnok ekstra rike. Det må dei jo vere når veskene jentene brukar ligg mellom 5-9000 i pris.

Årsaka at nett dette har fått mediefokus kjem av ei heilt anna sak. Ein butikk som ungdommane brukar i spisefri har vore plaga med tjuveri og nektar no elevane å ta veskene sine med inn på butikken. Ergo dukkar det opp eit lite søtt problem. Kven vil vel legge att ei veske til 9000 kroner på utsida av ein butikk?
Dei er nok ikkje så bekymra for sjølve innhaldet.........

Korleis har vi kome dithen at ein tenåring (mange tenåringar) kan bruke så mykje pengar på ei veske (eller eventuelt få det i gåve.)?
Joda, eg meiner sjølvsagt at folk må få prioritere pengane sine sjølv, men eg trur det er direkte skadeleg å ikkje overføre betre haldningar til ungdommen i forhold til pengar enn dette. Med tanke på kva enkelte aldri vil få sjansen til......
Slike luksusproblem........eg seier berre sukk.
Kan dei ikkje gå på butikken utan veska si, ja då får dei kjøpe ei som ikkje kostar skjorta og ræva.
(Er eg ufin no?????)

Ellers ser eg at enkelte stader er dei plaga med at tjuvar stikk av med coop-bongar. Dei er ikkje så smarte når dei legg att framsida. Hadde det ikkje dukka opp noko som helst, hadde vel ingen oppdaga det (for eg tenker i alle fall ikkje over kva tid eg får dei, eller ikkje....).
No trudde eg seriøst at dei var strekkoda. I alle fall må ein ha coop-kortet sitt med for å bruke rabattane. Ergo kjem dei vel ingen veg? Kanskje eg tar feil...
Likevel..... Litt lavmål å gjere seg til tjuv for desse småkronene?!

Slik er lillebror Northug privat. Eg har ikkje VG+, så eg kan ikkje opne saka, men eg kan ærleg innrømme at han har bra overkropp!! Six-pack og greier. Fint å sjå på......
Overskrifta gjer visjonar om å få vite litt om personen "lillebror" Northug, men no veit eg ikkje. Det er visst kroppen som er det viktigaste.......og sidan eg ikkje ser på yngre menn (hahahahaha.....) så er det vel ikkje skiten verdt å lese om han heller i og med at det kan sjå ut som om at det heile er kroppsfiksert. (Som det sikkert ikkje er.......) :=)))))
Å lokke med eit slikt bilete er berre såååå.......

Der månda og det er kveld. Pizzaen er ferdig oppeten og då er jomfrua også ferdigskriven. Noko må jo berre gå hand i hand. Slik er det berre.
Heldigvis kjem det fleire dagar.
Så då attstår det berre å ønske alle ein fortsatt fin kveld og sie "hasta luego". :=)

IWALY!!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar