søndag 1. februar 2015

Vi har alle meininger.......

I dag vakna eg forholdsvis tidleg, men dei som kjenner meg veit at eg er ganske glad i den varme dyna mi. Ergo passerte ei lita stund av livet mitt medan eg låg der på sengekanten og surfa litt på nettet. Mobilen er fin slik. Liten og nett. Akkurat passe stor til å bruke til slikt.
Så spørs det om det var noko å lese då....

Først såg eg denne saka.

Jeeeeeesez for ein "idiot" ! Ja...det var det første eg tenkte! Han der er ikkje riktg navla! Og sjølvsagt tenkte eg at han var så lite navla at eg ville sjekke det heile ut. .
Ein over fem minuttars videosnupp kjem opp om ein trykk på play-firkanten du ser på biletet. (No håper eg verkeleg at du ikkje testa ut om det gjekk an å trykke på biletet her for å sjå.......for då er du ikkje heilt navla, du heller. Hahaha.......)
Eg såg alle fem minutta eg, og veit du kva?? Eg blei rimeleg skuffa! Joda, det var nokre spektakulære stunt (om eg kan kalle det for det) der, men ikkje ein einaste stad kunne eg sjå det som biletet viser. 
Det var jo nett det biletet som freista meg, så............ Ergo er alt som normalt. Journalistverda fortset akkurat som før. 

Det fins sikkert eit tonn av andre saker ein mann kan gjere for å leike med livet. Eg trur ikkje at eg skal foreslå noko her....i frykt for at nokon tar meg på ordet. 

Så....frå adrenalinkick bar det over til noko mykje meir seriøst. Brann der born døyr. Ei tragisk sak i Danmark. Ei sak som tragisk nok også er knytta opp mot ei sak her i NOreg der ein sjuåring gjekk ute klokka eitt på natta. Den er knytta opp mot denne saka på den måten at mange tenker at brannen gjer oss obs på noko viktig og når andre ting skjer her heime, bruker dei brannen som argument for sine meininger. Men først.........brannen.

Eg kan berre prøve å forestille meg korleis det er for familien som er att etter at brannen tok så mange liv. Eg kan prøve, men mest sannsynleg vil eg ikkje vere i nærleiken av å kunne fatte og ta det skikkeleg innover meg. Det lengste eg kan strekke meg er å tenke på "kva om det var min eigen son?, og så kjenner eg berre at det gjer skikkeleg vondt i brystet og tenker at "nei, dette vil eg ikkje tenke på".  Så eg håper ingen eg kjenner nokon gong kjem til å kome i ein liknande situasjon. 
Få minuttar.......Berre ein røyk rett utanfor huset. Likevel ikkje nært nok til å klare å berge dei som var inne. Ufatteleg trist.

Plutseleg tar media oss med til Fosnavåg. Ei mor har tatt turen over til naboen medan sjuåringen hennar ligg og sover. 
Her er det ikkje snakk om noko brann, men heller kva om?! 
Bornet er plutseleg å finne ute, på eigenhand, klokka eitt og det vil vel kunne klassifiserast som nattestid. Tynnkledd og kald i minusgrader. Ho fann ikkje mora då ho vakna........

Dette er også ei sak som er trist. For kve syns vel det er greit at ei mor forlet bornet sitt åleine heime? Sovande og uvitande....... Dei fleste syns vel eigentleg det, men det fins nok dei som meiner det er heilt greit også. Vi er forskjellige individ, og naturleg nok har vi ulike meininger. 
Eg har gjort meg nokre tankar om det som skjedde. Det eg kan seie er at eg ikkje syns noko om det. Eit heilt ærleg sak,samtidig som eg eigentleg ikkje tråkker nokon på tærne. Eg har rett til å meine kva som helst, men det er no eingong slik at det er ikkje alltid at alt eignar seg på trykk. Spesielt ikkje når det er media som er hovudkjelda eg bruker. Vi veit jo alle kva media kan vere god på.

I dag då eg las om denne saka, kunne eg ikkje unngå å legge merke til at det var eit hav av kommentarar under teksten. Eg valgte å lese dei (dog ikkje alle....for det ville tatt heile dagen). Der og då blei eg rett og slett heilt forferda over kva folk kan lyre ut av seg. Er vi verkeleg så hovmodige og feilfrie at vi kan angripe med nesten kva som helst? For det var nsten skremmande å lese enkelte av kommentarane. 
Her er det verkeleg mange som må komme ned av hesteryggen sin, for det kan virke som at den er ganske så høg.
Eg kan aldri forstå at nokon kan forlate bornet sitt på denne måten, men det betyr ikkje at eg har rett til å bryte ut kva som helst for "gud og kvar mann" på nettet. 
Denne saka er trist for bornet, men også for mora. Eg vil tru at ho ikkje syns det var så kult å kome heim til politi i huset sitt og det at bornevernet er kopla inn. Det siste er forøvrig ein bra ting dersom det blir brukt på rett måte. Bornevernet kan vere med og rettleie denne mora på dette området og på den måten sørge for at dette er noko som ikkje kjem til å skje på ny. For kva om det til dømes ein gong tar fyr? Eller det som faktisk skjedde denne gongen. Jenta gjekk ut åleine på natta. 

Eg forstår mange av reaksjonane, men eg veit null og niks om livet til desse to ellers. For alt eg veit er dette ei super mor på mange måtar. Kan hende det motsatte også, men som sagt.......eg veit ikkje. Så sidan eg er uvitande om det meste er det nok det beste å halde meiningane for meg sjølv. 
Dessutan er det mange som kommenterer at dette kjem jenta til å få varige mèn av. Ja, mest sannsynleg!! Kven vil ikkje det etter å ha fått saka si breitta utover i media og med alle dei kommentarane som kjem? 
Dette er snakk om eit born i skulealder. Ein sjuåring (med mindre ho er født i januar) går i andre klasse. Det betyr at ho skal forhalde seg til mange born framover, born med foresatte som har meininger. Mange av dei har ikkje sperrer for kva borna deira får høyre......og vi er vel ikkje i tvil om kva det kan føre til?! Så det verste i denne saka (som burde vere at mora forlot ho heime åleine) er faktisk all mobbinga som skjer på nettet via media sine kanalar og det denne jenta kan risikere å møte framover blant born og unge. Tru meg......mange kan vere riktig så nådelause. 

Eg kan kritisere denne mora for det ho gjorde, men om eg går inn i meg sjølv, kan eg sikkert finne eit tonn med ting eg gjer feil. Born minner oss til stadigheit på at vi ikkje er feilfrie. Ingen er det!
Joda, dei fleste vil sikkert kunne seie at dei aldri vil lemne eit born åleine heime, og "takk gud" for det. Det skal berre mangle!! 
Med tanke på at fleire diskuterer kva varige mèn denne jenta kjem til å få etter dette, så spør eg då: Kva med dei borna som utsettes for dagleg krangling blant dei vaksne? Det er nok av dei heimane der borna må høyre på høglytt krangling både titt og ofte. Born som blir utrygge..... 
Kva med dei borna som har foresatte som drikker etter at borna har lagt seg? Reaksjonsevna deira blir dårlegare, vurderingsevna.....osv....... Det kan byrje å brenne då også! 
Kva med alle julefeiringane born gruar seg til på grunn av alkohol? Mange julaftenar har blitt øydelagt av same årsak. 
Og ikkje minst....... Dei som drikker dagleg som borna ser på? 

Eg er rimeleg sikker på at dersom eg ønsker det kan eg sitte her og skrive om temaet heilt til i morgon tidleg. Eg treng diverre skjønnleikssvevnen min altfor mykje til det, så difor må eg avgrense meg. Likevel trur eg at du som lesar skjønner kor eg vil hen. 
Eg kjem aldri til å forsvare at eit born ligg heime og sover åleine (til og med utan å vite om det) i fleire timar, men framleis VEIT eg IKKJE noko anna enn det media skriv og eg kjenner ikkje dei det gjeld. 
Eg kan sikkert vedde både armar og bein på at over halvparten av dei som er ekle med kommentarane sine på nettet er blant dei som tar avstand til mobbing. Kvifor ser dei då ikkje at det er nett det dei driv med sjølv? Og korleis skal borna klare å lære seg å la vere om dei vaksne ikkje klarer det? 

Om eg gjer feil, ja då vil eg synes det er flott om eg får hjelp, MEN eg vil for all del ikkje bli bretta ut på nettet til alles skue. Kva skade vil ikkje DET gje? 
Det kjem ei tid etter dette og korleis skal den bli for dei involverte? Korleis skal dei reise seg og kome styrka ut av dette og samtidig ha lært noko? Slik saka har utarta seg vil eg forstå det godt om denne mora ikkje tør vise seg ute på lang tid. Kva godt vil det gjere? Det beste vil vere om ho har lært at dette gjer ein ikkje på nytt. Rett og slett at ho tar lærdom av det heile. 
Eg håper verkeleg denne jenta går på ein skule som er vaken den næraste tida og klarer å skjerme bornet frå ubehagelege hendingar. 

Vi må berre bli flinkare til å legge band på oss sjølve, tenker eg. Det kan sjølvsagt hende at eg tenker slik av di eg sjølv ikkje er feilfri. Kanskje er dei feilfrie alle dei som idag har vore meir enn ekle på nettet. Kva veit vel eg? ............ 

For all del.....Eg har sikkert sagt ting på nettet, eg også...... Eg prøver i det minste å moderere meg. 

Det er sundag og i morgon starter ei ny uke. Før den tid skal eg ein tur på arbeid og så blir det å boltre seg foran skjermen for å sjå Truls karre seg over Grønland. For øvrig syns eg det er sprekt av han! 
Inni mellom kan ein tenke at det blir litt mykje av han, men han er no eingong herleg på sin måte og ein må jo berre le av han (ofte). Artig!

Ha ein fortsatt fin kveld! :=)
Hasta luego!

IWALY!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar