mandag 19. januar 2015

Alt som normalt???

Jauda, det meste er vel det…..normalt, altså! Men dt er slett ikkje sikkert at alt er som det skal. For det  kan kanskje mangle ein skrue eller to når denne jomfrua bakar stort sett kvar einaste dag, og når ein i tillegg veit at det må nokon til for at alt skal bli spist opp……..Ellers klikkar fryseboksen og fryseskapet!! Dessutan…… Kor bra er det om den mannlege delen (beståande av ein einaste mann) ryt i seg tre fjerdedelskake av halvannan dag?? Say no more, seier eg!
Det siste er ikkje kødd eingong. Ei diger pavlova (eg gidd ikkje sjekke korleis ein skriv det, så forgive me if it´s wrong) blei baka eine kvelden. To netter etterpå var fatet tomt. Denne jomfrua hadde mausa i seg eit normalt stykke første kvelden, men resten av kaka kan eg rett og slett ikkje gå god for.

Det var pavlovaen! Hadde det no berre vore berre den………men så enkelt er det nok ikkje. Dagen etter kom stjernegjærbaksten fylt med sjokolade, dagen etter fylt med kanel og sukker. Kvifor då ikkje hive seg rundt og bake noko sunt oppi det heile? Joda…..Det blei flatbrød. Om eg skal vurdere dei sjølv, ja så syns eg dei blei ganske gode.
Så må eg ikkje gløyme lefsene som blei baka, og eg har enno ikkje runda ei uke. Ganske heftig, med andre ord.




I dag er det sveler på menyen. :) Det hender at ein berre får anden over seg, og i dag er det nett ein slik dag. Det måtte bakast brød, og sidan eg allereie var igong, kunne eg jo likesågodt bake noko anna i same slengen. Så då blei det sveler……og tru meg, dei blei gode! Så no er det stor fare for at det ikkje blir lenge til neste gong det blir laga på nytt. 


Det er eigentleg ganske befriande å stå der på kjøkkenet. Når det er stille i huset og ein berre kan skru musikken på passe styrke og kose seg med bakinga. For tru meg……baking kan vere eit ork! 
Det er eingong slik at dersom ein er nøydd til å bake, ja då er det berre eit ork. Slik er det berre. 
I dag er det berre kos, så om litt blir det vel litt lefser med laks og spekemat også.

Misikken som kjem ut av høgtalarane i dag er blant anna DDE sin "Det fine vi hadd sammen" og Kindbergs "I dina øgon"……. Enkelte av dåke vil kanskje tenke at det er sært, men i dag var det rette musikken. Svenskpop og norsk ballade. Fin kombinasjon på kjøkkenet. Slik musikk blir det gode brød og sveler av. Og sånn for å berge det heile, er Matti der for å piffe det heile opp. "Stjålen båt" og "Tøffe tider". Kven av dei som svinger mest kan diskuterast. 

Om det er musikken som gjer svelene så gode, eller om det er det vinglaset som eg ellers aldri tar, som gjer susen……..veit eg ikkje. Smaken er i alle fall upåklageleg!

Den siste tida har det versert litt av kvart på nettet som har fått meg til å flire. I første omgang tenker eg alltid at "dette må eg skrive om". Sjølv om eg veit at eg har gløymt det like fort, er eg ikkje glup nok til å skrive ned ein liten reminder om det heile. 
Akkurat no tenker eg så det knakar, men om det hjelper(?) er ei anna sak. Det einsate som ploppar opp er at russiske styresmakter ikkje vil la transseksuelle få lov til å ha førarkort. Og om eg tenker meg om, så er jo det ganske sært. Sjølv til Russland å vere. 
I tillegg kan eg jo også påpeike at det ikkje berre er transseksuelle det gjeld. Putt på fetisjistar, ekshibisjonistar og voyeuristar (og du våger ikkje spørre meg kva det betyr!!) på lista di og vit at du likevel ikkje er i mål. 
Om du ikkje veit det frå før, så er desse "kategoriane" av mennesker definert som mentalt forstyrrede. Så ved at desse vesena ikkje får køyre bil, vil antal bilulykker gå drastisk ned! Tenk det!! 

Så hugser eg eit sitat eg leste her i romjula. Det handlar om å møte svigermor og går som følgande: Kva om klining var handtrykk? Hahahahaha……. Eg trur eg flirer feil på meg sjølv! Stakkars menn…. Kva om dei verkeleg måtte kysse svigermora si?! (Tja, enkelte ville vel digga det, men brorparten hadde vel sprunge for livet og vi hadde hatt få giftarmål å feire.) 

I går køyrde ein trailer av vegen nær Ballangen. Det sørga for mykje "god" laks (laks kan aldri bli godt!) i grøfta. Eg kunne ikkje anna enn å le då eg leste at enkelte hadde sett sitt snitt til å kapre seg litt av fangsten som hadde vore ombord i "skipet". 
I dag står det at det ikkje er god skikk å "stjele" mat på denne måten, men sånn heilt ærleg tenker eg at det kan ikkje gjere så mykje. Dette er mat dei uansett ikkje kan selge pga ulykka, og då vi jo alle kor maten hadde hamna til slutt. Ikkje i nokons mage i alle fall. Då er det jo betre at nokon ser nytta i fisken.  Sjølv ville det aldri vore noko alternativ for meg, men det er kanskje meir av di eg aldri kan klare å sjå at nokon skal klare å overbevise meg om at dette er mat som er spiseleg. Når det kjem til temaet laks, kan eg med stor sikkerheit seie at eg aldri kjem til å like det. End of story, liksom. 

Rar årstid. Om eg gløttar ut vindauget, eller legg skiaktivitetane til gutungen til grunn, så seier alt meg at det er vinter. Samtidig betyr det at slike rare skapningar som flåger og anna krimskramsdyr er noko ein slepp å forhalde seg til enno ei stund.
I tillegg har eg det ganske så kaldt på soverommet til eikvar tid, så forholda får slike kryp er rett og slett uuthaldelege. 
Kvifor høyrde eg då summing i går kveld? Eg la meg ned på hoveputa mi og plutseleg høyrde eg bzzzzz bzzzzzzz. I og med at det ikkje slutta måtte eg jo gjere noko med det. Eit halvminutt etterpå var flåga godt pakka inn i papir og eit halvminutt etter var den hamna i do! Litt av ein skjebne, men dog nødvendig. Ikkje forstår eg kor ho kom ifrå, og ver du sikker…..eg har ikkje ønske om at det skal dukke opp fleire. 
Eg skjønner at det ikkje berre er vi som har behovet for å dra på ferie……. For eg kan ikkje tenke meg anna grunn enn at denne flåga var på ferie!!! 

Denne helga har vore ganske innhaldsrik. Laurdagen dro vi til det fine skianlegget i Ballangen. Det er så flott der og det er lett å like seg der.
Vi fann oss ein plass vi kunne ha som tilhaldsstad og akeplass. Der tente vi opp bål for grilling og den som måtte ønske det gjekk på ski i løypene. Det som er sikkert og visst, er at det var kjempekoseleg. At det var litt kaldt, fekk ikkje påverke oss noko nemneverdig. 

Sundag var vi på Ulvsvågsskaret. Den einaste som var førebudd på det, var underteiknande. Halv ti vekte eg dei andre to og sa "No må dåke stå opp for ferga går om ein halv time". "What?????" Eg ser enno for meg augene til den eldste. "Kor ska vi? Om en halv time? E du rektig rett?" Hahahahahha…… Ubetaleleg. 
Minstemann stod opp tvert, utan ord…

På førehand hadde eg steikt pannekaker og kokt egg og kakao. Sekken var pakka og klar, så at dei berre hadde å hoppe i klerne……Tja, det kan dei vel ikkje klage over? Eller? Sundagsmorgon og ein heil halvtime (minus køyretida ned) til å kome i rett modus…..Ja, det er vel ikkje å forlange for mykje?! 
Det blei ein ganske stille fergetur over, i alle fall fram til at alle var vakne, men etterkvart så blei jo alt berre lekkert. 
Ingen kan påstå at denne knetta ikkje er impulsiv. Eg fekk lyst til å dra, heiv meg rundt, vekte dei andre etterkvart….og vips var vi på tur. Ein herleg sundag med andre ord. 
Dagen blei å vellukka at eg lett kan sjå i mellom fingrane at fleire par sokkar som ikkje høyrer meg til ligg i mi hylle. For dt er vanskeleg å sjå forskjell på ein gutunge og mine sine sokkar! Hahaha…..

Eg er berre strålande nøgd med at det faktisk ER snø i år. Vi var ikkje akkurat overausa med det i fjor, så måtte den bli liggande lenge!! AMEN! 

Nei, no kjenner eg at eg treng litt luft. Eg får hive meg rundt og trakse meg ein tur ut. Så ha ein fortsatt fin kveld!!
Hasta luego!!

IWALY!!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar