tirsdag 7. mai 2013

Systemidioti.

Dumskapens system. 
Det er mange som av ein eller annan årsak treng å "nave". For ein kort periode, eller rett og slett resten av livet. Då håper eg at ordet "nave" også dekker dei som blir trygda?!!

Mange har ulike oppfatningar av systemet, alt etter korleis dei som personar har blitt handsama i sitt møte med trygdesystemet.
Alle forten å bli handsama med respekt, men diverre er det no eingong slik at det ikkje er sånn systemet er.
Ein kan skulde på at det har med kven du møter frå NAV si side, men sånn eigentleg trur eg det er ganske uvesentleg. I alle fall i større byar der dei to motpartane ikkje kjenner kvarandre. (Det har både sine føremoner og bakdeler - som alt anna).
Eg er komen fram til at det er ikkje dei som handterer sakene si skuld. Det er systemet. Systemet er blitt sånn at det også settes krav til arbeidstakarane innanfor trygdesystemet. Krav som ikkje er heilt lite idiotiske. Krav som går ut over nett deg som person, om det er slik at du er den som treng hjelp.

Så kan ein spørre kor eg har informasjon ifrå som gjer at eg kan påstå dette. Joda, det fins menneske i denne verda som er såpass tøff at dei tør å gå imot systemet, som arbeidstakar i det same systemet.
Ganske tøft, vil eg påstå.

Heidi Follett.......... Det er ho som er så tøff! Det er ho som arbeidar innanfor systemet og for lengst har sett galskapen med eigne auge.
Ho deltok i ein kronikkkonkurranse og vann denne med sin kronikk om systemet. Sjølv vel ho å bruke stor forbokstav i "Systemet" for å gje det eit namn.

Det er ikkje lenge sidan at det var eit NAV-kontor som fekk bombetrussel mot seg. Det er heller ikkje lenge sidan at ein "kunde" gjekk beserk mot ein sakshandsamar.
Då blir spørsmålet "Kan vi forstå gjerningane?" (Eigentleg ikkje, men satt litt på spissen, så kanskje ja).
Eller spørsmålet kan stillast på same måte som Heidi Follett uttrykka det......"Kva er ein sunn reaksjon på eit sjukt system?" For systemet er sjukt, i høg grad!!

Kva er bakgrunnen for at Follett fekk arbeid i NAV? Jo, det er av di ho har bachelorgrad i helse- og sosialfag. Sosionom.
NAV trengte (i utgongspunktet) ein arbeidstakar som kunne utjamne sosiale ulikskapar. Ein som skulle ta utgongspunkt i folks ressursar og legge til rette for endring.
Som arbeidtakar er det då kjempelett å vere naiv og tru at du kan vere med på å forbetre verda. Sjølv kallar ho seg for herleg naiv.

Ho blei ansatt som sosionom, men arbeider som byråkrat. Og det er vel nett slik vi opplev NAV. At det er eit stort byråkrati.
No har ikkje eg noko negative opplevingar med NAV, men ein har av og til litt lange øyrer og høyrer litt av kvart. Då føler ein av og til for å riste på hovudet.
Sosionomen som må gjere alt anna enn å vere nett det. Jobben består i å produsere dokumentar.
Dokumentar som skal sørge for at NAV held ryggen sin klar i alle saker der du som kunde "taper". Taper av di dei har køyrt deg så hardt og plukka deg i små biter før dei er ferdig med deg (i håp om å finne noko som gjer deg ukvalifisert til hjelp).

Follett sitt vitnesbyrd er sterkt å lese. Ho fortel heilt nøyaktig korleis ho opplev det som vi mange tenker, men ikkje veit om vi har nok kunnskap til påstå noko i fryjt for å seie noko galt.
Blant anna kallar ho folket i systemet (inkludert seg sjølv) for ein eigen rase. Ein rase som er umogleg å nå på telefonen. Dei svarar knapt på e-post.
Det er ikkje berre brukarane som meiner det. Ho seier rett ut at det er slik det er! (Det er liksom enklare å få til eit møte med Elvis, sånn for å få det satt litt på spissen).
Ho har sjølv sett at stønadar blir trukken attende på diffuse grunnlag og krava som blir tredd ned over hovudet ditt er rimeleg uforståelege.
Ho veit det av di ho har vore med på det.

NAV-systemet plukkar livet ditt frå kvarandre. Av og til går dei langt over grensa for kva vanleg folkeskikk tilseier og du sit der i stolen og vrir deg. Du sit der og opplever at livet ditt blir plukka frå kvarandre bit for bit.
Du kan ikkje hisse deg opp over galskapen for den som sit på andre sida av bordet skal vurdere din samarbeidsvilje. Då nyttar det ikkje å "klikke", sjølv om det av og til kan føles som om det er nett det du vil.

I løpet av to uker skal minst eit tosifra dokumentar opprettast på deg. (Ikkje så reint få med andre ord).
Masseproduksjonen av dokumentar om deg er det som skal sørge for den frie ryggen til systemet. Dei har gjort det dei skal og du kan ikkje ta dei på noko.
Du gjer valg som latterligjeres på personalromma. Galgenhumor, kallar dei det. Kanskje seier dei hakket for mykje om deg i farta. Litt meir enn nødvendig. Follett kallar det å flørte med tausheitsplikta. Jaujau........

NAV-ansatte skal ikkje gjere det som tener deg som kunde. Dei skal trykke på deg ei løysing som gjer at dei når eit måltal.
Når dei ser at du speider i bakken etter eit hol du kan krype ned i av di du må utlevere livssituasjonen din i all offentlegheit...... Dei berre fortset.
Bortforklaringar er dei ekspertar på!
Det menneskelege aspektet forvitrar berre mellom fingrane deira.

I følge Follett kunne likesågodt ein robot gjort deler av arbeidet hennar (eller andre). Det seier litt, vil eg påstå.
Føremonen deira er at dei kan få vist fram nokre diplomar av di dei kan vise til gode tal i NAV sin favør. Stjerne i margen. Dei same diplomane kjem på veggen og du trur du er i trygge hender av di det heng så mange flotte diplomar der og trur at DET må jo bety at vedkommande er dyktig i faget sitt.
Joda, dersom det å "lure" deg er faget.......
Så med andre ord så er det byråkratiet som har fått definisjonsmakta. I og med at dei legg til rette for at ein absurd konkurranse om å vere mest vansklegstilla.
Det er ikkje deira problem om du ikkje taklar det.

Det er sikkert mange av dei som arbeider i systemet som er ueinige med drifta av det. Heilt klart. Det er berre ikkje så lett å tale imot sin eigen arbeidsgjevar. Noko som vi fleste kan forstå. Det er trass alt eit menneskeleg aspekt, det også.
Likevel, det er digg at det fins menneske som Follett som tør å seie ifrå om at det heile dreiar seg om økonomiske måltal.
Logring og smisking blir fort ein del av blodomløpet. Dei fleste vil merke seg positivt ut hos leiaren sin. Du gjer det du blir bedt om.
Dei overbetalte leiarane si evne til å forvalte samfunnsansvaret sitt, ja det er det ingen som stiller spørsmål ved.

Joda, det prøves og det feiles. Det skjer på din og min bekostning. Omorganiseringar skjer for eiga skuld, ikkje for deg som brukar.

Om eg då skal gjere eit iherdig forsøk på å svare på spørsmålet om kva som er ein sunn reaksjon på eit sjukt system, trur eg at eg heller lar vere. Det er så lett å forstå at det fins ein som klikka foran ein sakshandsamar, uansett kor teit eg eller andre syns det må vere. For slik oppfører ein seg ikkje. MEN det er forståeleg.
Ein eller annan gong innimellom må det jo vere nokon det "bekkar over" for. Vi veit jo at det er mange ulike årsaker til at folk treng hjelp av nett dette systemet for å få kvardagen til å gå rundt.
Det siste dei treng, er at at nokon "messar" med hovudet deira.

Det er samfunnet vårt eg snakkar om. Det er dette fantastisk flotte samfunnet vi lev i.
Eg vil ikkje påstå at dette kan bruks politisk.......av den enkle grunn at eg er rimeleg sikker på at uansett kven som styrer samfunnet, så vil det vere slik.
Med mindre fleire gjer som Follett. "Ropar" ut om galskapen..... Jo fleire som gjer det, jo større sjanse for at ei endring blir pressa fram.

Eg håper eg blir over 60 før eg treng systemet til å sørge for at eg skal ha det leveleg økonomisk........

Ha ein fin kveld!
Hasta mañana!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar