lørdag 4. mai 2013

Stor mage er ingen hindring for sex. Så dei vordende mødre som tenker at det vil bli deileg med litt fritid frå mannen.......ja, dei må nok tenke seg om på ny. Dei må no finne på ei litt betre årsak enn det lille nurket i magen.

Eg trur ikkje eg skal gå like langt i konklusjonane mine som han "professoren" som har komen fram til dette. Han reknar med at "Fifty shades" har delar av skulda for dei som går gravide i desse dagar og at det difor er nødvendig å seie at dei reiskapa som blei investert i rett etter lesinga, slett ikkje treng å gøymast bort i skuffa.........
No skal ikkje eg avsløre kva som er i mi skuffe eller ikkje, men eg kan seie så mykje at sjølve triologien eg las i haust, ikkje hadde like stor påverknad på meg som på enkelte andre. Med andre ord så rann eg ikkje ned kondomeria for å kjøpe erotiske reiskapar berre av di eg las ein serie som var temmeleg hard. (Sjølv om den til sjuande og sist endte med både bryllaup og born...)

Sex kan ikkje skade fosteret, så uansett kor velutstyrt den betre halvdelen din er, så er det berre "tut og køyr".
Og akkurat i den tida der du føler deg mest som ein floshest, ja då kan det faktisk hende at din kjære ser på deg som DEN sexbomba!!
Graviditeten er tida der du kan legge misjonærstillinga på hylla. Eit genuint høve til å teste ut andre stillingar utan at du treng å lure på om du skal tøre å foreslå det eller ikkje. Det tvinger seg fram av seg sjølv!!

Kor slappar du best av? Svaret ligg vel i stor grad i om du er ein person som er innadvendt eller om du er utadvendt. Det er rimeleg stor skilnad på kva ein trives best med ut ifrå kven ein er som person.

Eg vil tru at dei personane som er innadvendte gjerne slappar best av den tida dei får vere åleine med seg sjølv.
Utadvendte, derimot, trivst nok best i andre sitt selskap. Energien kjem vel mest sannsynleg gjennom å vere med vener.
Så kan ein jo då lure på korleis eit innadvendt menneske kan ende opp med eit som er utadvendt.

Eg trur nok mange ser på dei utadvendte som meir vellukka enn den som ikkje er det. Gjennomsslagskraft og sjarm er to stikkord her.
Så kan ein jo diskutere om ein vil vere einig i det eller ikkje.
Ein ting som er sikkert, er i alle høve at det er dei utadvendte som dominerer i samfunnet vårt, på godt og vondt.

Enkelte prøver å vere utadvendte, men det er ikkje gitt at kven som helst kan vere det. For enkelte ligg det nok berre ikkje i deira natur.
Det er ikkje alle som syns det er ok å delta på arrangement etter arrangement, medan for andre kan det hende at det er nett det som er lykke. (Eg vil tru at for dei første så vil dette berre vere "slitsomt").

Å vere åleine for å hente energi.......... For den utadvendte kan det hende at nett det å vere åleine er det som faktisk tappar ein for energi. Altså har det motsatt verknad.
Så det er inga tvil at vi som menneske er ganske ulike.

Av og til kan det virke som om at samfunnet rundt oss forventar at vi skal vere sosiale. At vi skal menge oss og bli kjent med mange nye menneske.
Den innadvendte brukar nok meir tid enn den utadvendte på å reflektere over ting. Det blir sjølvsagt meir tid til det blant dei!

Sånn eigentleg er det berre bra at vi er ulike. Dersom enkelte syns det er stresande å vere sosial ofte, så må dei respekterast for det. Det er ikkje slik at ein treng å sjå på dei som særingar av den grunn.
Sjølv er eg ganske utadvendt, men eg set også pris på den stille stunda og eg kunne ikkje tenkt meg å vere sosial kvar einaste helg.
Det er deileg å dra på hytta, berre for å kople av frå det vanlege A4-livet ein lev til vanleg.

Det er klart det er gøy når det skjer noko, men blir det for mykje, stoppar lysta seg sjølv.

I dag er det laurdag og det er kveld. Dette er ein kveld der det er deileg at det ikkje skjer noko. Det er deileg at det berre er meg, sofaen og dataen.
Ikkje det at eg reflekterer så alt for mykje, men eg stressar i alle fall ikkje med noko som helst.
Ein tilpassar seg............. :=)

Som sagt det er laurdagskveld...... Anten er du ute på fest, deltar i sosialt lag på eitt eller anna vis, eller du gjer som eg........berre slappar av og gjer katta i kva elles som skjer i verda.  Det er berre deg sjølv og det du vil ha rundt deg.
Om du i løpet av kvelden les dette, er det vel ikkje så stor fare for at du er så sosial nett denne kvelden.
Det kan vere herleg det også!

Ha ein fortreffeleg kveld, uansett om du er utadvendt eller ikkje. It´s your life!
Hasta mañana!

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar