onsdag 1. mai 2013

Gratulerer så mykje med dagen! Det er arbeidernes internasjonale "kampdag" i dag. Dagen der ein kan vise arbeidarklassen sin styrke og føre fram viktige saker som vi idag meiner er viktige for oss. I utgongspunktet...........
Det er i alle fall det dagen er meint til å vere. Om arbeidarane stiller opp og gjer dette, er ei heilt anna sak.

Vi må heilt attende til slutten av 1800-talet for å finne "starten" på feiringa. Om eg ikkje tar heilt feil, var den første 1.mai-feiringa her til lands i 1890. Då sjølvsagt i Oslo (eller Kristiania som det heitte). Det kan hende eg bommar litt på årstalet, men er ganske sikker på at eg er bra nær!

Den gongen var det nok arbeidsdagen (i tid) som hadde hovudfokus. Først i 1919 nådde dei målet om 8 timars arbeidsdag.
Først i 1935 blei dagen ein offentleg flaggdag. Ein festdag, kampdag og symbol på styrke. Ein dag som mest sannsynleg er komen for å bli.
Dei siste åra har også den politiske verda blitt ein del av markeringa.

Sjølv om dette er ein dag som innbefattar mesteparten av innbyggjarane i dette landet, er det nok langt færre som "bryr seg" om det dagen står for. For mange er det berre deileg med denne dagen av di dei får fri frå arbeid. (Dog ikkje skiftarbeidarar..........men den vanlege dagarbeidaren).
Før i tida var det slik at dersom ein var med og gjekk i 1.mai-toget, så viste ein seg som en del av eit fellesskap. Akkurat det var viktig for folk. I dag handlar det gjerne (for mange) om kva dag datoen landar på, vèret og dagsforma.
Er dagen på ein måndag eller fredag.....ja då er det vel "langhelg" på hytta som gjeld, eller sjansen til å reise bort andre stader. (Altså berre ein fridag som passar godt inn).
Regnar det ute, skal det vel litt meir til for at ein stiller opp og deltar i toget og høyrer på talen enn om det er sol.
Innstillinga vår er heilt anna enn for eindel år attende i tid. I dag har vi forbunda som arbeider fra rettigheitene for oss. Vi lit på at dei skal kjøre kampen for oss. Vi har betre enn nokon gong og difor er det ikkje alltid like lett å sjå at meiniga med dagen framleis er like viktig.

No skal det i same slengen seiast at dette umogleg kan gjelde alle. For all del.... Det er mange som stiller opp år etter år og deler sitt fellesskap med alle dei andre som møter opp. Det er ikkje det. Det er berre det at antalet i stor prosentmonn er mykje mindre enn tidlegare. Det er fleire som "gjer blaffen" enn tidlegare.

Sjølv har eg aldri gått glipp av ei einaste 1.mai-feiring. Då tenker eg på i form av tog. Eg kan ikkje skryte på meg at eg har høyrt alle talane, men toga har eg deltatt. Så kan eg jo lure for meg sjølv om det er av di eg er musikant, eller om eg ville ha møtt opp uansett.
Fram til eg var 12 år, dro mor mi meg med kvart einaste år. Etter den tid har eg spelt........
Eg speler i dag også. I dag skal eg faktisk høyre på talen også. Så spørs det om det kjem av at det er ein studieven av meg som skal tale, eller om det er av di eg ser på det som viktig å gjere.
Fellesskapet blir eg jo ein del av uansett gjennom toget.
Talen blir jo etter all sannsynlegheit av politisk art og ikkje frå arbeiderrørsla si side, men ganske sikkert som eindel av valgkampen.
Er talen i dag god, er sjansen for å få stemmer ved valget mykje større enn om den ikkje er det.
Så fokuset er kanskje endra litt frå "gammeldaga"......... (Sjølv om ein kan forvente at einkvar talar ganske sikkert kjem inn på betydninga av denne dagen).

Ha ein fin dag!
Hasta luego:=)

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar