søndag 8. september 2013

Akkurat no kjenner eg ein botnlaus irritasjon over at det er ein viss prosents sjanse for regjeringsskifte  snart.
Så spørs det kvifor eg iriiterer meg over det då.

Når to partileiarar som Siv Jensen og Erna Solberg lyg så det renn av dei når det kjem til skulepolitikk......... Når dei lyrer av seg "stoff" dei rett og slett har null peiling på......Er det då rart ein blir frustrert.
Viss folk biter på det som blir sagt av dei, ja då skjønner ikkje eg. Då bit dei på på feil grunnlag.

Dei snakkar om skule som om dei veit kva som eigentleg foregår i den norske skulen. Når dei kjem d
med direkte feil informasjon, avslører dei samtidig at dei seier det som trengs for å skaffe seg stemmer.
I tillegg nektar dei å svare på det som dei blir spurt om.

Dei påstår at den sittande regjeringa har auka timeantalet pr uke i borneskulen. Elevar som slit med teorien har fått fleire timar teori.
Kor i alle dagar har dei det ifrå? Kvifor seier dei slikt?
Elevane på mellomtrinnet har fått EIN time meir i uka, ja. Det stemmer....... EIN time og det er alt anna enn teori. Det er ein time fysisk aktivitet. (Noko som dei to partia etterlyser meir av.) Elveane er ute i "frisk" luft og beveger seg. Rett og slett ein pause frå teorien.

Vidare påstår dei at svake elevar som blant anna slit med matematikk, får fleire timar med matematikk og sørger for at motivasjonen deira fell pga det.
Hmm....... No er det ikkje slik at om ein elev slit i eit fag som matematikk, så må han/ho ha fleire timar i faget. Nei, det er ikkje slik. MEN det betyr at eleven treng meir hjelp til faget. Meir oppfølging.

Når Erna og Siv påstår at dei 600 nye lærarane som er tilført skulen er satt til å sørge for meir teori, veit dei vitterleg ikkje kva dei snakkar om. Lærarane er satt til å gje ekstra hjelp til dei svake. Det betyr meir lærartettleik i forhold til antal elevar for at dei svake skal få meir hjelp.

Eg kan ikkje i min villaste fantasi tru at dei meiner at dersom ein er svak i matematikk, så skal timeantalet i faget ned. Dei klagar på at desse elevane får meir teori.
Meiner dei at Noreg skal skore høgare i faget om dei svake elevane får færre timar i eit slikt fag? At om dei får færre timar, så kjem motivasjonen og talforståinga så mykje betre fram?

Det er slik at dersom du slit i faget, kan du få hjelp i mindre grupper eller at ein ekstra lærar er tilstades i klasserommet med det formålet at du skal få meir og betre hjelp. Hjelp til å forstå det som er vanskeleg.

Det er satt inn ekstra ressursar på dei svake elevane av di dei treng det. No nektar både Erna og Siv det enkle som er å svare på kva dei ønsker skal skje med dei 600 lærarane som er "skutt inn" i det norske skulevesenet.
Er dei snart utan arbeid?
Det er feigt å unngå å svare på det. Viss dei meiner at dei ikkje skal vere der, må dei også tørre å stå for det og seie det rett ut.
Eg skjønner dei er redd for å tape velgjarar, men hallo........
600 lærarar er eit ganske høgt tal og dei gjer ein viktig jobb!

Dei vil etterutdanne fleire lærarar i stadenfor å ha så mange. Joda....For det vil jo auke kvaliteten til dei svake.
Det er mange dyktige lærarar som har svake elevar som fell utanfor i store klassesamanhengar.
Lærarane skal også ha tid til dei fagsterke elevane.
Mange elevar treng ikkje ein betre lærar, men tettare oppfølging i eit vanskeleg fag.

Vi har aldri hatt det så bra som no. Den generelle nordmann har det kjempebra. Så skal vi ha skifte av styre for å få det enno betre?
Skal liksom eit nytt styre klare å få bort enkeltepisodane/menneska som er? Skal privatisering hjelpe oss opp og fram?
Kva med at dei anklagar Jens for å ha gjort litt, men likevel for lite på områder der dei sjølv ikkje gjorde ein dritt på same området då dei hadde sjansen?
Det er lett å stå der og kritisere, men ein bør heller velge sakene sine med omhu.

Eg kjenner at eg blir litt "trist" av at folk forventer at vi skal få det betre. Maten er ikkje blitt dyrare...... Sjølvsagt går prisane opp i takt med at lønningar går opp. Det er heilt naturleg!
I 1980 var maten dyrare enn no. Kjøttdeigen kostar mindre no enn då. Med tanke på at 50 kr i  1980 var mykje meir enn 50 kr i dag, så er kjøttdeigen faktisk mange gonger billigare.

Vi går i operaen, teater, kino, sydenturar.......eg trur ikkje eg gidd å liste opp alle alternativa som kunne stått her.
OG JA, eg veit at det ikkje gjeld absolutt alle, men store deler av folket blir truffe av akkurat det utsagnet.
Vi drar på konsertar rundt om i landet osv osv osv........
Årsaka til at eg nemner det er at det er mange av desse som har råd til alle desse tinga som syt og bæser for at vi må få det betre.

Viss vi skal ha skattelette og anna dilldall, ja så kan dei fattigaste dra nytte av det og så kan jo alle vi som har det bra ifrå før bruke det ekstra vi vil tene på det på å hjelpe den fattige delen av verda. Vi treng vel ikkje vere så egoistiske at vi berre skal karre til oss heile tida og forvente å berre få meir og meir.

Kor går eigenleg grensa for kva vi kan forvente? For eg lurar på kor egosentriske vi eigentleg kan bli.
Eg håper av heile mitt hjarte at mangen verkeleg går inn i seg sjølv og søker etter kva det er som gjer at dei ønsker ei endring. For tru meg........ Hverken Erna eller Siv kan klare å fange opp dei enkeltmenneska som fell igjennom systemet.
Det vil alltid finnes folk som blir ramma av det, uansett styre.

For all del....Berre gløym kven det er som har kjempa fram rettigheitene du har. Retten til pensjon osv....
Den dagen eg må ha pengar i lomma når eg skal på sjukehuset, ja då kjem det til å kome ei tåre. Ei tåre for det vi har tapt!
Den dagen eg står og heng over små born og smittar dei av di eg ikkje kan vere heime om eg er sjuk. For då får eg ikkje løn. Ikkje dei første dagane.
(No er ikkje eg den som ofte er sjuk og treng det å legge seg heime, men eg snakkar det generelle mennesket.)

Det er jo berre å la dei prøve seg!! Det kjem jo eit nytt val om fire år.......Hahahahaha..... Dårleg vits! Viss dei "raserer" noko, ja då tar det lang tid å bygge det opp att.
Det tok si tid sist gong og det vil det gjere denne gongen også.

Nord-Noreg. Distrikt. Frp? Høgre? Eg trur ikkje vi er glad nok i landsdelen vår om vi stemmer på dei.
Og det går ikkje an at det er så mange her nord som er så dårleg i matematikk at dei ikkje skjønner at reknestykket vi blir forelagt gjennom heile valkampen ikkje går opp. Det seier seg sjølv. Så det er rart at  ein ikkje ser det. Veldig rart.

Jaja....Det er no vi får sjå demokrati i praksis. Eg antar, men håper alt anna, at Frp og Høgre gjer det godt på måndag. Det kjem vel ei tåre på kinnet......... Ei tåre for fellesskapet. Ei tåre for solidariteten som ikkje blir verdsatt høgt nok.

Vi har fått det så altfor godt at vi er blitt blind!!

Godt val.......@@@

Jomfru Knutsen er nok blid her ho sit.......Sjølv om frustrasjonen gjer seg gjeldande. Ho har jo nett sett på partidebatten og berre latt seg påverke av løgnene og alt anna teit som kjem fram i ein slik debatt.
No har ho fått det ut og då er alt attende ti normalen att.

På tv sender dei Aksel Henie og Hodegjegerne. Eg har lest boka  og akkurat no då eg såg opp frå pc´n og på tv-skjermen, var det ein kar som steig opp av utedoen (full av skit!). Så då er det nok brotstykker av boka eg har gløymt........ Herleg!!

Eg har hatt ein kjempefin dag i Steigen i dag. Fotballturnering på grasbana på Engeløya. Det er utroleg flott utover der.
Ungane spelte to uavgjort og to sigrar, så det reknar eg med dei er nøgd med. Det blei no nokre meter med springing!

Hasta luego!

IWALY!!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar