fredag 6. september 2013

I kveld har eg vore på konsert og hatt ei musikalsk oppleving."Tango". Det var dyktige musikere og ergo føler eg at eg "fekk" noko att av å gå på konserten.
Einaste aberet var sjølvsagt at det er fredagskveld og mange mest sannsynleg er på hyttene sine. Det kunne gått vore nokre sjeler til, men dei som var der fekk nok ei fin stund.

Gjenåpner svensk "skrekkskole". Jeeeezes....... At det går an. Ein skule som er kjent for valdsepisodar, år etter år. "Torturskulen".
At episodar kan oppstå rundt omkring, er vel ikkje så unikt, men denne skulen tar verkeleg kaka. Privatskulen som ikkje sørger for at elevane er trygge. For korleis kan dei vere det når dei får bind rundt augene og blir brent med strykejern? Det er jo rett og slett horibelt! Når dette også berre er eitt av mange eksempel, kan ein verkeleg byrje å lure.

Skulen blei stengt, den, for ei uke sidan. No er den opna att. Så spørs det kor mange elevar som er interesserte i å kome attende.

Europeiske menn har vokst 11 cm det siste århundret. Når helsa blir betre, skyter vi i véret! Haha....Betyr det at viss du ikkje er nøgd med høgda di så er det berre å trene og spise sunt?
Berre så synd at det kun gjeld menn, då..........

Eg veit ikkje...... Eg trur kanskje eg er litt glad for at eg lev no og ikkje for hundre år sidan. Viss alle menn hadde vore 11 cm kortare?! Det hadde blitt mange lave menn.
Ikkje at det er noko galt med lave menn. Det har vel berre mest med kva ein ser for seg, og eg tenker at eg ikkje vil vere høgast. Så det er godt vi alle er ulike....
Det blir nesten som "Nokon likar mora, medan andre likar dottera".
Hahahahaha......... Kanskje ikkje heilt samanliknbart når eg ser litt nærare på setningen, men det høyrtes så mykje betre ut oppi hovudet før eg skreiv ho!
Samanlikninga var retta mot "Nokon likar høge menn, medan andre likar korte". Sjølv syns eg den første høyrtes litt meir "fresh" ut.........

Frå 167 cm til 178cm. 178 cm er ganske greit!
Som nordmenn flest, har vi høyrt at det er typisk norsk å vere god. Difor kan eg ikkje utelate å kommentere resultatet på svenske menn........ 10 cm!! Dei blei slått på målstreken med ein heil cm. Sjølvsagt!

Vi får satse på at tilsvarande vekst ikkje gjer seg gjeldande dei neste hundre åra også.
Året er 2300 og gjennomsnittshøgda er 210 cm. Tja.........Vel høgt spør du meg, og enno verre er det om alt på mannen veks proporsjonalt med høgda. Huff og huff.....
Då er eg i alle høve glad eg lev akkurat no!

HIV-smitte risikerer fengsel (livstid). Hadde over 300 sexpartnarar. Wow....... Ikkje ser han ut som George Clooney og likevel har han klart å nedlegge over tre hundre kvinnfolk. Her må det vere snakk om karisma!
At snakketøyet er i orden, kan vel ingen vere i tvil om. Sperr mannen inne før nye tre hundre gjer same feilen som dei første!

Eg lurar veldig på kva som foregår oppe i hjernen til ein mann som veit at han er smitta og likevel vel å gjere som han. Leve det gode liv og berre tømme seg, gong på gong, i heilt tilfeldige kvinner.
Det er verkeleg snakk om å vere ondskapsfull!!

Rasteplassar, parkar, avsidesliggande stader.......you name it.... Det er rart at kvinnfolk går med på å gjere slikt på slike plassar og det med ein dei aldri før har møtt. Ein avtale via ei kontaktannonse på nettet er det som skal til.
Jaujau............ Det er ikkje alle som er riktig navla, tenker eg når eg prøver å finne ei viss form for logikk oppi det heile. Logikken uteblir visst heilt....

Gratis "vaksine" mot hårtap. Det er visst den store "menn-dagen" i media i dag. Det er ikkje berre høgda som har blitt mykje betre på herre-fronten. No skal dei kunne få hår på ein stad som naturen vil at dei ikkje skal ha (enkelte). Det er jo sjølvsagt supert, det. Eg reknar med at det går nokre lykkelege sjeler rundt omkring i dette sekund og smiler av di dei er nøgd med å få attende håret dei mista for ei tid attende.

I avisa er det ein mann som påstår at det er så mykje trivligare å sjå seg sjølv i speilet med hår enn utan.
Det er nok slik at ikkje alle er einige. Enkelte barberer rett og slett bort alt med viten og vilje. Macho, liksom. (Eller for å skjule gråe hår!)

"Hydracell vaksine"! Hydracell.......Duracell....... What´s the difference? Kanskje mannen løper løpsk etter vaksinasjonen? Hår med energi i.
Joda, berre energien kjem på dei rette stadane!

Fylla-tatoveringer er aldri lurt! Eg kjenner faktisk sjølv personar som har dei villaste historiane om korleis dei fekk nett den tatoveringa dei har. Og tru meg.......Enkelte av dei er grueleg flinke til å fortelle, så eg har flirt mine tårar! :=)

Eg las i Dagbladet litt tidlegare om han som skulle tatovere fotballhelsten sin sitt namn på foten (i fylla). Lettare omtåka av tilstanden sin, sjekka han sjølvsagt ikkje resultatet og vakna neste dag med "Touro" på armen istadenfor "Toure".
Med tanke på at det ikkje berre er enkelt å fjerne ei tatovering (og sikkert ikkje billig heller), så er det rett og slett litt kjipt.

No syns eg sjølvsagt at dette er ei "snill" historie med tanke på dei andre eg kjenner til. Så han skal ikkje klage så altfor høgt. Han kunne trass alt ha latt vere å få det gjort i påverka tilstand.
No må han leve med denne feilen.
Det beste er vel at sjølve fotballsplaren faktisk har sagt at han kanskje kan tenke seg å endre namnet sitt pga denne feile. Sånn for å gjere det lettare for følgjaren sin.
Er det det ein kallar storhjarta?

Den svenske kongen er litt smågal! (I og med at alt er relativt, så spørs det nett kva ein legg i "litt").
Dottera er gravid og han kjem som vanleg med sine litt spesielle kommentarar.
Ja, til ære for deg skal jeg fortelle at hun er så syk at legene må skjære av henne ørene." Kanskje ikkje heilt normal oppførsel av ein konge, men det er vanskeleg å vite kva ein skal meine om det heile.

I utgongspunktet kan ein jo synes det er kult (morosamt), men i same augeblikk er det berre teit.
Så spørs det.....Er det folket som legg for mykje i det når kongen prøver å vere artig, eller er det kongen som er superteit?
Eg berre lurar. Lurar på om det er slik at ein konge berre skal vere seriøs.

Det er vel ikkje akkurat første gongen "konungen" er i hardt vér, så han står an vel av.

Jomfru Knutsen skal tidleg opp i morgon. Tidleg som i klokka sju. Minstemann skal delta på fotballturnering og då er det tidleg opp og avgarde. Difor er det vel på tide å tenke på at det ligger ei dyne og ventar på å bli brukt i dette sekund.
Ho må nok vente litt til, for denne knetta er ikkje av dei raskaste i vendinga når det kjem til slikt, men ho overlev vel det også.
Uansett, det er fredags kveld og helga er såvidt starta. Då passar det godt å seie god helg og sov godt. Drøym søtt og lenge!

Hasta luego!

IWALY!!!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar