lørdag 28. november 2009

Laurdag:=)

Det er laurdag, klokka går mot halv fem. Det har vore ein ganske kald dag.
Klokka to var det julegateopning. Musikk til juletregang, julenisse, tipping av høgde på juletre og antall julelys og ikkje minst masse folk. ¨
Det var koseleg, men det var kaldt. Eg fekk jo oppfylt ønsket mitt om at marka skulle vere kvit idag, men likevel hadde ikkje hovudet vore like klår oppi toppen. Det handler om å kle seg etter vèret.....
Steffen tippa at det er 140 lys som henger på treet. (Han kom med talet av seg sjølv). Då offentleggjeringa av svaret kom, viste det seg at det er 136 lys. Snakk om å vere nære:=) Sjølvsagt var det berre ei tilfedigheit at han kom så nære, men det var jo litt gøy. Berre så synd at Einar var der like etterpå, og han tippa 136........ Så då vart det jaggu meg premie til dette huset likevel!!!

Leste på nettet i dag der ein kjenning av meg frå Kvinnherad ba folket i kommunen om å slutte å syte og klage. Alle var så negativ for tida. Eg skreiv ein kommentar der eg poengterte at det sannsynlegvis var slik i dei fleste kommunar, inkludert her. Dei har det nok ikkje verre enn alle andre....... Så eg hive meg med i oppfordringa hans. SLUTT Å SYT!!!!
Det er meir enn nok menneske som syt og klagar kvar dag. Eg har vel eigentleg aldri heilt klart å forstå det der. Har vi det så ille??? Ikkje eg i alle fall! Eg har alltids vore ute for ei eller anna bekymring i løpet av dei åra eg har levd, men eg har då alltid hatt både mat og tak over hovudet til einkvar tid.
Eg kan forstå at dei som har det ille klagar!! Men generelt har dei fleste menneska i Noreg det bra. Det er gjerne dei som har mest som klagar mest og. Eg bruker å tenke at eg har arbeid, eg har familie og folk rundt meg som bryr seg, eg har hobbyar og eg har alt eg treng for å leve. Kvifor i all verda skal eg gidde å bruke så mykje energi på å vere sur for at vi ikkje har det betre?? Det er jo noko som er heilt galt hvis eg skal klage, eg som har det eg treng. Det er ikkje synd i meg om eg ikkje har sjansen til alt her i livet. Egentlig har eg sjansen til kva om helst. Om ein verkeleg vil noko så får ein det til. Hvis fleire hadde brukt energien på ein meir positiv måte ville det vore ein betre plass å vere her nede på "tellus kvintus".
"Gud bedre" eg kan vere sur eg og. Ingen tvil om det!! Men eg tar det ikkje med meg overalt. Det er nok av folk som er sur for eit eller anna, og så tar dei det med seg ut blant andre. Kor er logikken der? Det skal vel ikkje gå ut over alle andre om ein har hatt ein dårleg dag. Om eg er blitt sur heime, skulle eg då vere gorrsur på musikkøving i lag med 30 andre?? Nei.... Alle har lov til å ha dårlege dagar, men er det verdt å la det hengje over seg heile tida?? Kor trist skulle ikkje eg vere om eg aldri smilte eller lo (trur ikkje det kommer ¨så mange av dei dagane):=) Eg hadde nokre slike dager i fjor då pappa var så sjuk. Gudane skal vite at det satte gråe hår i skolten på meg. Bekymringer er ikkje bra. Så dersom ein kan unngå det, bør ein gjere så godt ein kan. Eg skal i alle fall ikkje ha fleire gråe hår på minst 20 år!!! Så eg må nok berre halde meg glad......

Har vel eigentleg gjeve meg sjølv ei utfordring i det eg nettopp sa! Det er no i førjulstida saknet er størst. Eg må gå inn i meg sjølv og sørge for at det ikkje skal ete meg opp innvendig. Eg skal tenke positive tanker "heile tida". Det ville han ha ønska, og derfor må det bli slik. Vi har jo så mykje å vere takksame for!!!!

Tenk, det er snart jul:=) Det er ikkje lenge sidan sist, og no er ho her på nytt. Tenk at nissen kom idag!! Veit ikkje kva tid det er på tide å seie at nissen ikkje finst!??! Kanskje det er meininga at det skal finnast ut på eigenhand? Nokre gleder må dei små få ha. Det er no i alle høve triveleg i desse dagar. Det er på tide å leite fram adventskalenderen. 24 små pakker er pakka inn og ligger der klar for å komme på veggen. Berit Henriksen er fadder på Steffen, og for eit par/tre år sidan laga ho ein kjempeflott adventskalender til han:=) Ho har brukt lappeteknikk.

Ellers så har eg mine tankar og ønsker for den næraste tida. Så attstår det å sjå kva som blir oppfylt eller ikkje. Det er jo lov til å drøyme!! Kva hadde vi vore utan drøymer? Ein treng å satse av og til.......

Ha ein fin laurdagskveld!! I måro er det første sundag i advent og då skal julestjerna opp.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar