onsdag 5. mars 2014

Eg lurar på kor mange kamelar eg er verdt?! (Eller esler som gammelinspektøren seier!!) Eg skal straks til Israel, nærmare bestemt Jerusalem og det kan jo vere greit å vere førebudd på kor mange dyr ein kan forvente å få i tilfelle det dukkar opp eit eller anna frieri. Kor mange dyr skal ein akseptere før ein seier JA?! Thihihihii………… Esler er sikkert greie dyr, dei, men eg trur eg går for kamelar.
Så skulle eg plutseleg ikkje dukke opp meir her heime, ja då veit dåke kvifor! Hhahaha…….
(Eg satsar på at det berre kjem skambud som eg må takke nei til…….med mindre det er ein sjeik som byr!)

0-100 på 2,6 sekund! Joda, då seier ein berre WOW! But, but…….Kven i alle dagar har behov for ein bil som gjer det? Eg syns eg ser for meg at eg cruiser opp "streeten" her i hundre. Eg kjem knapt til min eiga avkjørsel før farta er oppe i 100.
Superbilar!!

Det er nok mange nullar i prislappen til ein slik bil. Om den har flest hestekrefter eller nullar……kven veit? Eg veit ikkje eingong om eg haddeturt å sette meg inn i den.
Fin er den, men berre tanken på pris og hastigheit skremmer vel bort ganske mange. Eg ville i alle høve ikkje ha vore den som laga den første stripa i billakken!

Bilen kalles, kanskje ikkje heilt uventa, for "One:1" (uttrykt som one to one). Den blir laga i heile(!!) tre eksemplarar og har ein prislapp på 18 millionar kroner. (Hmmm…..Eg håper verkeleg det er ein rik sjeik som byr på meg!)

Fikk ikke ekstra serviett. Saksøker McDonald´s for 9 millioner! Hallo?? Hahahaha…….Kunden meiner at den manglande servietten førte til unødvendig mental lidelse. Og no veit eg ikkje heilt om eg skal grine eller le…….. Det blir rett og slett så dumt at, ja kva skal ein eigentleg seie?
At han ikkje fekk ein ekstra serviett, i tillegg til den han hadde fått, førte til at han ikkje klarte å jobbe lenger pga mental lidelse etter episoden.
9 millioner er jo då eit greit beløp som plaster på såret!! Dei prøvde å tilby han ein gratis burger, men det var nok ikkje så lett å akseptere det når han heller kunne prøve å få litt meir for det. Såpass som 9 millioner må det vere. Ein skal jo kunne leve eit akseptabelt liv! (Mannen er straks 60 år, så det er pensjonen han vil sikre.)
Det verste er at dette er i Amerika, så det jaggu meg ikkje berre å anta kva sluttresultatet vil bli. Når ein kan få erstatning for å ha tatt livet av ei katte i ein mikrobølgjeomn avdi det ikkje stod i rettleiinga at ein ikkje burde tørke katter der, tja………då kan vel denne saka nå nye høgder! Say no more…..

Myter og fakta om lettbrus. Veit du kva eg gjer når eg les den overskrifta? Jo, det skal eg seie. Eg lar vere å opne saka og spretter glatt vidare. Utan å ha lese mytene og faktaene, treng eg ikkje bekymre meg for kva som skjer når eg puttar dette i skrotten min. (For eg drikk nemleg Cola light og har tenkt å fortsette med det.)

En "daukjørt kropp" går i lengden like dårlig som en daukjørt bil. Det er Solveig Ruud som har dagens kommentar. Så spørs det jo kva ein legg i ein "daukjørt kropp"!! Betyr det at det er ein kropp som er velbrukt? For ein daukjørt bil er nok ein bil som har blitt brukt mykje. Ergo velbrukt……
Eller er ein slik kropp det same som at du ikkje har tatt vare på kroppen din? To litt ulike vinklingar, men begge er sikkert like aktuelle. Så då er det berre å velge og vrake.

Matpusherane får ein stor del av skulda. Dei seier gjerne du får tre til prisen av to, og kven går då ikkje i fella og kjøper det? Og eg tenker ikkje då på sokker eller truser. (Kanskje ikkje så lurt å kjøpe tre sokkar, men i par går det vel greit.)
Bolleduft!! Kven har vel ikkje vore innom Shell i Ballangen og kjent bolledufta og sett plakaten som seier at du får heile fem boller til prisen for tre. Klart det er mange som kjøper det. Litt vegmat, og sjokoladen som er inni, ja det er jo berre eit stort pluss. Ein bolle som er laga av "luft" og sjokolade. Klart den smakar godt!

Det er vanskeleg å motstå dei største utskeielsane og tilpasse mengden ein skal putte i seg…… Det legg seg på sidebeina og er ikkje "berre berre" å få bort. Det nyttar ikkje å stå der foran spegelen og tru at det forsvinn av seg sjølv.
Så mat kan sikkert føre til "daukjørt kropp". Sofasliting er vel sikkert minst like aktuelt. (Det er farleg å trimme!!!)
Ellers er det jo slik at vi leker på nettet istadenfor. Facebook, til dømes……Den nye leiken for vaksne.

Daukjørt kropp med full tank! Hahha…..Den ytringa var hakket betre enn den første. Full tank…….?! Då kjem ein seg jo langt avgarde. Med full tank er det jo berre å legge ut på veg.
Men det nyttar vel ikkje med full tank om du er daukjørt. For får du ikkje start på motoren, er det ikkje behøveleg med bensinen. (I overført betydning til mennesket, sjølvsagt!)

Dette er helsedirektoratet si store utfordring! Ein drøy påstand vil eg påstå. Det er jo lett å flytte problemet over til dei. Vi sjølv har ikkje behov for å ta ansvaret. Kvifor bry oss med det, liksom, når andre kan tenke for oss?

Nei, eg skal ta den skakkøyrte kroppen min med meg og tusle meg i seng. Hahahaha……Skakkøyrt og skakkøyrt. Eg veit ikkje om rådyret eg jogga med i går meiner det. Han måtte no sikkert ta seg ein liten rast oppi bakken etter at eg fordufta…….. Hahaha……
Uansett……. Tjukk, tynn, høg, lav, rund, oval, firkanta eller "whatever"…….. Ha ei strålande god natt!! Puta mi roper nesten på meg, så det er best å adlyde. (Ho kan vere ganske streng om eg ikkje følger opp beskjedane.) Wallander ligg der også og ventar (kanskje ikkje i direkte overført betydning, men nesten….) så då er det jo berre velstand for ei stakket lita stund.
God natt!

Hasta luego!

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar