torsdag 6. mars 2014

Eg har vore ute og jogga meg ein tur. Det som er sikkert og visst, er at i dag var føtene blytunge! Verkeleg! Det var berre eit slit å flytte fot foran fot, men då må ein jo berre stålsette seg og bite det i seg. Så det blei no likevel ein bra tur. Berre så synd at denne gongen hadde eg ingen turkamerat. Eg såg etter rådyrvenen min då eg nærma meg området vi møttest sist, men dyret var borte vekk. Det har sikkert funne seg ein meir spanande ven enn meg å vere med…..

Dagen i dag har vore litt interessant. Det vil seie formiddagen. Det er jo slik at ungdomen skal lære seg å drøfte saker, og kva er vel då betre enn å drøfte noko som engasjerer dei? Bilar!! Det er vel ingen her som har betre peiling på bilar enn nett dei. Det er det dei lev og andar for, så då blei det bilar.
Utgongspunktet blei tatt i ei setning eg skreiv her inne i går. Den gjekk ut på ei samanlikning mellom "daukjørt kropp" og daukjørt bil.
Eg har sjølvsagt mi meining om kva daukjørt bil er, og eg trur den var sånn høveleg lik det professoren som tok det for seg meinte også. Så drøfta vi idag og eg fekk meg ei aha-oppleving! Ungdomen har ei heeeeeilt anna oppfatning av kva ein daukjørt bil er, og dei argumenterer med ein stil som får deira versjon til å verke logisk. Det til trass for at eg eigentleg meiner det same som i går og at det er litt vanskeleg å forstå at det mest sannsynleg er slik ungdomen seier.

Daukjørt bil……….. I går tenkte eg at det er ein bil som ikkje har meir å gje. Ein bil som verkeleg har gjort jobben sin og kanskje levd litt for hardt, til og med……
NEI, seier ungdomen!! Det stemmer ikkje! Ein daukjørt bil har aldri hatt høgt turtal. Ein har aldri trødd hardt på gassen. Er bilen daukjørt, har du mest sannsynleg ikkje gjort anna enn å "loda". Loda???? Enno eit nytt begrep for denne jomfrua.
Joda, etter kvart som dei forklarer, skjønner eg at dei snakkar om å råne! Men neida, der tar eg feil på ny. Å råne er slett ikkje det same som å lode.

Eg har alltid høyrt at Notodden er den "største" rånebyen i landet vårt. Med eigne auge har eg sett at dei køyrer opp og ned gatene der. Dog ikkje med særleg høgt turtal, så ergo tenker eg at å råne er det same som å køyre sakte att om fram og att og fram……
Nei, det er visst å lode det. Å råne er noko heilt anna. Råning er spoilere (?), terningar, lydpotte, turtal.
Lode er berre "å sige", medan råne er det motsatte. Då trør du hardt på gassen, spinner og kanskje "herjer" litt.
Jaggu meg ta, der lærte eg noko nytt. (Av bilekspertane, så då stemmer det vel…)

Kva er eigentleg ein råne? Jo, ein hanngris som ikkje er kastrert, kallar vi råne. (I kastrert form heiter grisen galte.) Så veit ein jo då samtidig at ein ukastrert gris kan vere ganske viril av seg.
Så då spør eg deg om du ser samanhengen?
Ein viril gris og det å råne når du køyrer bil. Når du råner, er det ikkje mykje teikn på at "bilen er kastrert"…….den er heller litt meir sånn der viril……..
Så då gjer det vel også litt meining då. Ungdomen har vel rett i argumentasjonen sin når det kjem til dette temaet, og jomfru Knutsen hadde totalt skivebom i samanlikninga si i går kveld. Eller……. Det var no heller kanskje ho der professorinna som bomma litt, med tanke på at utsagnet eg tok utgongspunkt i kom frå ho. (Var det ikkje noko med Solveig det stod at ho heiter?! Trur det…….)

Ellers så skjønner eg at det er meg det er noko gale med når eg seier at eg ikkje syns det er så ufatteleg kult med ein bil som går frå 0-100 på 2,6 sekundar. Det har blit meg fortalt i dag av ein kollega at det er jo det som er skikkeleg digg med ein bil. Så når vedkommande las her inne i går at eg var skeptisk, tenkte "han" akkurat det motsatte av meg. Hahahaha……."han"? Betyr det han, eller betyr det ho.  No kan du lure………….

Jaja, det einaste som er sikkert er at både eg og ungdomen er fullstendig klar over at er det noko eg ikkje kan, ja då er det bilar. Eg veit korleis ein køyrer ein bil, men det stoppar med det!
Så noko quiz om motorsport………. Vel, tar du meg med på laget ditt då, kan eg love deg at du kjem ikkje til å tene eit einaste poeng på det.

Ha ei super avslutning på denne torsdagskvelden og sov godt!
Eg skal ikkje tusle meg i seng sånn heilt enno, men det blir vel ikkje så lenge til.

Hasta mañana!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar