fredag 7. mars 2014

I morgon er det kvinnedagen og denne knetta har namnedag. Om det er tilfeldig at dei valde eit namn som hamna på nett denne dagen, eller ikkje, skal vere usagt, men "kult" er det likevel.
Ikkje det at eg er slik ei kvinnesakskvinne………..

Årets 8.mai blir litt spesiell av di mange kjem til å ha fokus på reservasjonsretten. Litt teit, spør du meg, for reservasjonen handlar om noko heilt anna. Den handlar om legar. Kvinnene blir berre eit ledd i det heile ved at dei må oppsøke ein annan lege om det blir aktuelt. Reservasjonsretten handlar ikkje direkte om kvinnene. Ergo er det vel ikkje akkurat noko kampsak til kvinnedagen. Då trur eg heller eg vil foreslå noko som til dømes vald mot kvinnfolk. Undertrykking……….
Det er mange som aldri har engasjert seg i menneskerettigheitene til kvinner og no plutseleg skal dei plutseleg engasjere seg i ei slik sak som går på legar sitt samvit. Det blir eigentleg mest berre pinleg. Verda har så mange viktigare saker å fronte. I denne saka er det jo ikkje snakkom å frata nokon ein einaste rettigheit.

Er det sant at kvinner kan mindre om økonomi enn mannfolk? Jomfru har tatt testen! Eg måtte jo finne ut kva "fasiten" seier til det spørsmålet….
1) Hva er kasko? Her ligger menna urpittelitt foran kvinnene. Dog før denne knetta har svara. :)
Eg svarte at den dekker all forsikring på bil - eigen bil sjølvsagt (noko eg trur stemmer…).
Sanninga er at i det eg oppdaga at første spørsmålet omhandla bil, tenkte eg at dette er berre "crap". Eg tok likevel resten av testen. Ikkje like ivrig som ein råne, men meir som ein daukøyrt bil! Hahahaha…..

Ha!! Eg fekk berre EIN feil av alle spørsmåla og den feilen hadde eit svaralternativ som omhandla bil. Alle veit at eg ikkje kan bil, så då kan eg skryte på meg økonomiske kunnskapar! Jippi!
Likevel, sanninga er at kvinner kun (foreløpig) ligg over menn i to av spørsmåla. Resten leiar menna i. (Dog berre med eit lite prosentpoeng eller to…) At menn leiar, er vel ikkje noko ein skal snakke høgt om, så difor skal eg ikkje avsløre det her heller!

Menn visa kvinner. Det stikk djupt før ein vil seie at menn veit best. Djupt! Når ein på tv kan sjå at Dag Otto og Kristian sit og spis softis i ein karusell, så seier det litt. Er det rart vi ikkje vil innrømme at menn er smartare enn oss?
Eg tvilar på at eit kvinnfolk ville tatt utfordringa med å spise softis i ein slik situasjon. Årsaka er veldig enklel å forklare. Eit kvinnfolk veit konsekvensane av det på førehand og skjønner sitt eiga beste. Menn  er litt meir lettlurt og antar at det faktisk går an å overleve ein slik tur utan å spy. (Det seier litt…..) Det heiter ikkje spykoppar for ingenting.

Menn vegrer seg for å gifte seg. Hahahahaha…..Forstå det det den som kan! Thihiihi……. Lykken i livet, liksom?! Faktisk er det ikkje ein myte at menn vegrer seg meir enn kvinner. Det er beinharde fakta. Forpliktelsesvegring er kanskje eit dekkande ord? Eller……?

Menn er meir redd for å gifte seg med feil person enn å ikkje ende opp gift. Med andre ord er det ikkje sjølve ekteskapet som fryktes………..men frykta for feil person.
Single menn skyr skilsmisser som pesten. Så det er ikkje det at det er noko galt med ein mann om han forblir ugift. Han har berre ikkje gitt etter for presset. Presset………. Eg venta eigentleg på den. For det er sikkert mange menn som er gift av di dei har følt seg sosialt pressa til å gjere det. At det forventes.
Dessutan, viss du har ei kjerring som ønsker å gifte seg, er det nok ikkje lett å seie at det ikkje blir aktuelt. For gudane skalvite at det ikkje er greit å forutsjå korleis ho vil reagere på det. (Alt etter om ho er ei drama-queen eller ikkje…)
Andre menn held seg unna "kjøttmarkedet" av di dei har lite pengar og føler dei har lite å tilby. (Det er nok noko i det at menn ønsker å vere den som passar på og tar vare på kjerringa si.)
(No blir eg vel hudfletta for å kalle kvinner for eit kjøttmarked, men det skit eg i. Litt sjølvironi må vi klare å hoste opp.)

Heile fire av ti menn vil ikkje bli far. Tre er usikre og tre vil ha. Det seier litt. I alle fall om ein tenker litt etter. Viss du tenker på alle dei menneska rundt deg som du kjenner……Kor mange av dei er eignetleg bornlause? Dei færraste…..Så det er nok enkelte som har gjeve etter for "presset".
Berre så det er sagt, kan statistikk underbygge alle påstandane mine.
Så er det heller ikkje sikkert at alle er blitt fedre heilt "frivillig". Deltakinga under øvinga var sikkert meir enn frivillig og absolutt ikkje under press, det er berre resultatet som ikkje blei som forventa. EIt par drinkar for mykje og vips 18 år ed bidrag. Dei tilfella er sjølvsagt også med i tala . Fedre er fedre….uansett om dei er tilstades eller ikkje. Frivillig eller ei.

Så vil du finne draumeprinsen…….? (Og då tenker eg ikkje på Clooney,men meir normale folk….Thihihi……)
Då må du nok kysse fleire froskar! Definitivt. Du må nok prøve deg på både vals, cha-cha og disco før du hiv deg utt i tangoen. (Er ikkje tangoen det store, liksom??)
Med andre ord varmar du opp med Brad Pitt før du ender opp med Johnny Depp (eller noko i den dur).
Hmm…….at det kan kome så mykje rølp ut av så lite…….Jaja….Det er jo "freddan"! Kanskje jomfrua keier seg litt.
Eg ser på Senkveld, sånn eigentleg, men eg har ikkje fått med meg meir enn ein liten brøkdel.

Draumemannen ringer deg!! Han lar deg ikkje sitte der og vente på telefon……
Han viser den myke sida av seg sjølv for deg.
Han er eldre enn deg og har blitt komfortabel med seg sjølv. Og det beste……Han er ikkje for seint ute av di han har spelt playstation!!
Så får han deg i godt humør!

Jaujau…… Sånn går no dagane. I morgon er det visst ein ny dag. Om eg ikkje tar heilt feil, har eg eit par runder på tredemølleforan meg då….. Er det det dei kallar god folkehelse? Uansett….først er det ei god natt svevn som ventar (dog ikkje heilt enno). Ha ein fortsatt fin fredagskveld!

Hasta mañana!

IWALY!!!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar