mandag 3. mars 2014

Jomfrua har neste (men dog berre nesten) tørna "gal" i dag. I helga høyrde eg ei låt av Pink og den er jo forsåvidt fin…….. I natt, og då må eg poengtere at det føltes som heile natta - sjølv om det sikkert berre er snakk om på morgonkvisten……har eg altså sunge på denne songen. Sunge den som duett på ei scene.
Heile skuledagen, til dømes når ein skulle trø dei lange gongane, eller spise litt osv…..gjekk den der songen på repeat. Den ville rett og slett ikkje gje seg. Elevar snudde seg i gongane for å sjå kven det var som "tralla" sånn (som om dei ikkje skjønna det før dei snudde seg…)
Så skulle ein då tru at det ville gå over, men neida. Under middagsrasten eg trengte i dag, under skulearbeidet her i stad, under bakinga……..OG akkurat no……Den vil ikkje bort. "Just give a reason"…….. med Pink. Ein artist eg eigentleg har høyrt lite på tidlegare. Kanskje eg skal prøve å lytte til ho, for det kan jo faktisk hende at ho har mange fine låtar.
"Just give å reason" har sikkert komen for å bli ei stund på hjernen min, men eg overlever vel det. :)

Død mann sparket i likposen. Jeeeezes! Kor creepy er ikkje det? Eg kjenner ikkje nokon stad at eg vil opne nett den saka. I frykt for ekle detaljar lar eg heller vere. Likevel….Det seier litt om kor sikre ein bør vere før ein erklærer nokon for daud!

Har du hørt om treminutters-regelen? Og no kan du lure på kva det gjeld, for treminutters-regelen er vel eit begrep som er brukt i mange samanhengar. Om eg ber deg tippe, tippar eg at du kjem til å tippe noko heilt anna enn det som kjem straks.
Treminutters-regelen gjeld dusjing. Rettare sagt etter dusjing. For kven er det vel som tenker på den når ein står der dyvåt og skal tørke seg? I all e fall ikkje eg. Eg slår av dusjen, strekker handa ut til handduken og tørker i veg. Det er vel ikkje så mykje tankeverksemd bak det, det berre skjer på autoilot.
Som alt anna må ein vel då berre seie "shit happens all the time…".

Det er skikkeleg dumt å hoppe rett i handkledet etter å ha dusja. Spesielt er kvinner opptatt av mjuk hud. Dei kjøper kroppsskrubbar og kremar i alle variasjonar. Alt for å få den finaste huda. Så går ei altå rett i fella ved å hoppe over ein så enkel sak som å vente med å tørke seg etter dusjen. Viss du det gjer, får du mjukare hud på 1-2-3! Det er jo fantastisk og gratis! (No har ikkje denne knetta testa det ut sjølv, for ho har jo sjølvsagt den silkemjuke huda frå før av - hahahah- men viss andre testar det ut, kan dei jo gje tilbakemelding om det fungerer.)
Dessutan kan det vere lurt å smøre seg inn med krem medan huda framleis er våt. (Me det høyres berre kleint ut.)

Grunnlova 200 år. I år er det jubileumsfeiring av Grunnlova. Samtidig kan ein reflektere over kva det eigentleg er som skal feirast og kor er vi idag? Når det er sagt, så kan ein spørre seg kven "vi" er.
Noreg er forsåvidt ikkje sjølvstendig lenger. Dagen vi gjekk inn i EØS sørga for det. Uansett om vi vil innrømme det eller ikkje, blir vi mykje styrt av reglar innanfor nett det "konseptet".
Det er difor fleire vel å kalle det for ei feiring med bismak……
Grensekontroll, asyl, politisamarbeid……….
På bakgrunn av EØS er det ikkje så lett å få  inntrykk av nasjonal sjølvstende og demokrati. Noreg adlyder og betaler, men er langt frå representert i dei organa som styrer.

No er det det som skjedde for 200 år sidan som skal feirast, og akkurat den biten er veldig bra. Dessutan må ein også sjå på det med at samfunnet endrar seg. Uansett om vi likar det eller ikkje, er vi avhengige av omverda. Sånn er det berre.
Sånn eigentleg så er vi nok bra avhengig av EU, og då tenker eg spesielt på eksportnæringa. Så spør det om ikkje det smartaste hadde vore om vi var medlem………. OG NO sa eg ikkje at eg er for medlemskap i EU. Eg berre sa at det spørs om….. Sjølv er eg ein av tvilarane, så det er ikkje godt å seie kva eg meiner om det eller ikkje.

Uansett korleis ting er i dag, trur eg vi skal vere takksame for det som skjedde i 1814. For kor hadde vi vore i dag dersom vi ikkje hadde fått vår eiga Grunnlov?

Det er kveld på ny. Denne unge frøkena skal tilte seg i seng. Songen "Just give me a reason" har nok ikkje fordufta, så det spørs berre kor lang tid det tar før eg sovnar i kveld. Kanskje Wallander kan hjelpe meg med det?! Eg har starta opp med å lese serien o han. Eg startar med byrjinga og forhåpentlegvis tar han meg med til siste slutt. Litt kjipt å ha alle bøkene viss det skulle vise seg at dei ikkje fengar meg.

Ha ein fortsatt fin kveld og sov godt til natta!
Hasta mañana!

"Just give me a reason…….."

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar