lørdag 1. mars 2014


Då eg var yngre, var mor mi veldig flink til å ta meg med for å stå på ski. Det var gjerne Geilo, Voss, Rauland, Vågslid, Vågåmo, Ustaoset, eller andre kjente skiområder. Då var det alltid ei veksling mellom slalom og langrenn.
Var det hytteliv, ja då fulgte kvikklunsj, kakao, appelsin og kortstokk naturlegvis med.
Så er det eingong slik at om ein er vant til noko, vil ein gjerne følgje det opp når ein sjølv blir vaksen. Difor har eg brukt å ta med meg minstemann for å gjere nett dette i fleire år no. Ha syns det er like skøy kvar gong.

I år la vi turen til Bardufoss. (Det er viktig å få med "foss", for det blir eg retta på til stadigheit, så eg er vel litt grimm til å seie Bardu.) Vi har gode hyttenaboar som bur der, og denne helga blei vi invitert til å "joine" dei. Klart vi sa ja til det! Då blei det både langrenn og slalom på gutungen, i tillegg til bassengtid. Kan ein ha det betre?


Steffen på veg ned bakken. Det er rimeleg bratt. (Laurdags formiddag.)

Om kvelden er det lys i løypene. Det passer megabra! (Fredags kveld.)

Når vèret er slik som dette……. Då er det herleg å vere i fjellet!! Det er ingenting å utsette på utsikta heller. Plenty med vakker natur overalt. (Den norske fjellheimen generelt er flott!)

Jomfrua sjølv måtte jo også stå litt på slalomski. Det ville vore lite kult å måtte stå nede og sjå på at gutungen kosa seg i fjellet. Det er nok fleire 100% mykje kulare å delta sjølv!

Som sagt………Langrenn må ein ha tid til også. Det er fine løyper ned nord. 

Med tanke på at det ikkje er skøyteforhold heime, er det supert at det er det på slike stader som dette. Ingen tvil om at det hadde vore kult med slike breie løyper heime også. (Ps Mora står på langrenn ho også, men det er ikkje alltid like lett å halde følgje……..)

Polarbadet er ikkje så verst, det heller…… Eit slikt basseng som dette skulle vi hatt!! Ingenting å utsette på stilen, men mora hadde nok ikkje klart å følgje opp med same stilen. Heldigvis kunne ho ikkje bli utfordra i og med at ho var fullt påkledd og berre augevitne denne dagen. (I dag…) 

Det er ikkje så lett å fange opp motivet når det snurrar rundt i lufta. I alle fall ikkje med mobilen min. Det takla den rett og slett ikkje. (Skulle eg sjølv ha hoppa, hadde eg nok hella meir til sånn der "spiker". Trur ikkje eg hadde turt å gjere noko krumspring så høgt oppe i lufta. Eg skal jo overleve fallet også!!!)

Så med langrenn, slalom og svømming, kan ein trygt seie at dette har vore ei fin helg. Når vèret i tillegg er litt på vår side, blir det enno betre. 
Ei slik helg må nok bli gjennomført på borns premissar, MEN når det betyr at du (ved skianlegget) kan gå på kafe, prate med kjenningar, renne i nett den løypa du vil og ta pause (eller ikkje) når du sjølv vil, og det utan å måtte avtale det med nokon som helst……. Ja, kva gjer det vel då. Ein treng berre å sjekke at ein har kontroll ein gong i timen……….. Fine premissar det!! :=)  
Det er det som er så fint med tradisjonar. Du lærer deg spelereglane (både liten og stor), og etterkvart når dei sit, kan ein "slappe av" og berre stole på at alle klarer seg sjølv. Det er om å berre nyte dagen og få mest mogleg ut av den. 

No er det laurdagskveld og borna sit og kosar seg med litt laurdagsgodteri og "Mesternes mester". Det store "veddemålet" går ut på kven som kjem til å møtes i den store nattesten. 
Ei fin helg er "straks" over og i morgon er det å sette seg i bilen og køyre heim att. 

Eg gløymte sjølvsagt å seie at fredagskvelden blei tilbringa i lag med 80 andre "halvgalne" kvinnfolk på vernissage. Sjokolade, edle dråpar og sjølvsagt mykje kunst……..herleg kunst(!) fekk mange (inkludert meg) til å dra kortet. Ein slik kveld er det sikkert kult å vere kunstnar. 
Tru meg, denne kunsten som vi blei presentert for, ja den var ganske ulik all anna kunst eg har sett, og nett det gjorde at den var ganske spesiell (på ein positiv måte). Eigentleg ganske unik………
Ein kunstkveld kun for "inviterte" og berre kvinnfolk. (Viss ein då ser bort ifrå den forkomne mannen som dukka opp i løpet av kvelden. Han var der for å ta litt bileter. Eg trur dei kallar slike menn for journalistar!! Så ved å skjule seg bak yrket sitt, kunne han lett overleve denne kvelden som var tileigna berre damer.) 

No skal jomfru Knutsen lene seg godt bakover og berre nyte dei siste timane av denne kvelden. Så ha ei fin forsetting på kvelden!! Vi er bekka over til mars månad og sørafor er det no dukka opp fleire huggormar (noko som kling heilt feil i mitt musikalske hovud)…….Kva er det som skjer med vinteren? Dette lovar ikkje bra! Likevel, så lenge denne kvelden lovar bra, er det ikkje så nøye med den der ormen som koser seg i vårsola som sikkert har komen der for lenge sidan. 

Hasta luego!

IWALY!!!

1 kommentar:

  1. Tjohei, jomfrua. Så hyggelig at du har huska på "fossen" no. No skjønner eg at du må være fra sør om Bergen ein stad på grunn av dialekten. Eg har gått og lurt på om de bare snakker sånn i Kjøpsvik... he he. Men har man kommet på å spørre, nei. Flotte bilder, stilig! Du er no sprek som har vært både i skibakken og så orka bassengtrøing etterpå :) Ha en fin ny veke. Hilsen ho med horn og cup cakes.

    SvarSlett