torsdag 27. februar 2014

Krever at Apple beskytter barna mot dyre app-kjøp. Joda, eg er forsåvidt einig der, men heller meir til at det får jaggu meg dei foresatte sørge for også. Å fortvile over at det plutseleg blir rådyrt for dei av di borna har brukt masse pengar på å komme seg fram i spela osv osv…..blir litt for dumt. Det er faktisk inga sak å hindre at du blir trekt for penger. Dette veit eg av di eg sjølv har ein som som bruker ipad´n min og eg har aldri blitt trekt ei krone eg ikkje har hatt kontroll på. Ipad´n har eg hatt i fleire år, så det er ikkje tilfeldig.
Årsaka til at eg har full kontroll, er at kvar gong det skal "kjøpast" noko, må ein taste inn både apple-id og passord. Mi sikkerheit ligg i at det er kun eg som kan den kombinasjonen. Eg gjer den sjølvsagt ikkje ifrå meg til han. Ergo kan han ikkje gjere noko utan tillatelse av meg.
Lastes det ned noko som kostar noko, får eg beskjed om det via e-post like etterpå. Ganske greit………

Eg er forsåvidt einig i det moralske…..at apple ikkje treng å lage det slik at born skal bli lokka til å laste ned ting i løpet av spillet, men konsekvensen blir då at alle gratisspela heller må koste noko. I dag er det slik at ein faktisk kan laste ned "eit tonn" med spel utan å betale eit raudt øre, så då må ein velje. Kva er best? Berre betalspel, eller ha tilgang til gratisspel?

Årsaka til at eg reagerer på denne saka er enkel. Den er berre ei lita sak på ei liste med mange hundre ulike andre saker. Samfunnet har blitt slik at no skal foreldre slutte å tenke. Samfunet skal ta alle hensyn slik at ein ikkje treng å tenke sjølv. Alle som kjem med nytenkning no må passe seg og tenke på det meste. Viss ikkje vil det alltid vere ein eller annan som kritiserer dei av di dei har gått i ei eller anna felle av di dei gløymte å tenke.

No kan det hende du syns eg er litt frekk her, men det er ikkje meininga. Likevel føler eg at det er blitt slik på mange områder. Det er så mange ting som foreldre før var flinke til å følge opp, som no er blitt slik at vi faktisk forventar at andre skal ta seg av. Alt skal liksom leggast så mykje til rette for oss for at vi skal få ein mindre stressande kvardag.
Vel, vi har sjølv valgt å bli foreldre, ei egosentrisk handling, og ja…….det innebærer litt. Ønsker vi å vere ein del av internettkvardagen, ja då må vi også skjønne at vi må følge litt med. Lage forholdsreglar.
Sørge for at borna ikkje kan laste ned for fleire tusen kroner utan at foreldra veit det før det er for seint.
For eg veit nemleg av fleire som har gjeve frå seg passordet til borna sine og det er ikkje alltid like lett å skulle måtte vise seg tilliten verdig når det gjeld slikt. Det kan vere ganske så vanskeleg.

Skulle saka vore seriøs i mine auge, måtte den heller ha blitt vinkla rundt aspektet som seier at borna blir påverka negativt ved at dei kan kjøpe seg fram i spelsystemet. Dei blir hekta på eit spel og berre MÅ kjøpe seg ut av problemet som gjer at dei ikkje kjem seg vidare.
Mange born forstår seg ikkje nok på pengar at dei forstår at dei ikkje veks på tre og at det faktisk er snakk om ekte pengar.  Eg har sjølv fått spørsmål om "oppgradering" heime, men seier konsekvent nei når spørsmålet dukkar opp.
Akkurat det med å seie nei, er det fleire som syns er vanskeleg. Nei, det er ikkje det. Samfunnet skal ikkje seie nei for deg. Du skal sjølv seie nei til ditt eiga born. Det er ikkje vanskeleg. Ein treng ikkje få dårleg samvit av di ein har sagt nei til slikt, og joda……..ein risikerer kanskje litt masing frå dei borna som ikkje aksepterer eit nei med det same. Då må ein heller lage seg speleregler som seier at dersom du vil spele, må du la vere å mase.

At born blir avhengige av spel er aldri bra. Vi ser idag at det er nett det som skjer. Borna er for mykje foran skjermen istadenfor at dei er ute og leikar. Det blir ei anna problemstilling.

Heile poenget mitt er at det kan diskuterast om det er nødvendig med desse "fellene" som kjem i løpet av spela, eller ikkje. Det kan ein meine mangt om. Det eg har tatt stilling til her, er kor vidt det er apple eller dei foresatte som skal følge med på kva borna gjer. Apple har allereie eit system som sørger for at du slepp å få overraskingar.
Så det er den økonomiske biten eg eigentleg har tatt stilling til her.

Kvifor har sebraen striper? Eit spørsmål som berre heilt sånn utan vidare ploppa opp blant dei små grå. Det fins sikkert eit eller anna svar på spørsmålet, noko eg forsåvidt har fått bekrefta ved å google det heile. Det fins fleire forslag, enkelte betre enn andre. Likevel kan ein ikkje vere eitt hundre prosent sikker.

For å halde blodsugande insekter unna! Kanskje då mest sannsynleg klegg. Tja, det gjeld forsåvidt oss menneske også. Vi er nok ikkje så glad i kleggen, vi heller. Eg kan ikkje hugse å ha sett nokre medmennesker med striper?! Eller……..
Stripene reflekterer lyset….Jaja, då veit eg kva eg skal gjere til sommaren. I alle fall om det blir varmt og godt rundt meg. Eg skal male striper over heile kroppen. Det kjem til å bli riktig så lekkert!

For å kamuflere seg……. Tja, svart-kvit striper skiller seg jo ikkje ut i mengden av natur?! Eg skal teste det ut på måndag. På arbeid skal eg troppe opp i svart-kvitstripa heildrakt og så skal eg sjå kor mange det er som legger meir merke til meg enn dei andre.
Hovudsakleg er det for at dei skal sleppe å bli eit lett bytte, så då skal eg prøve det for å sleppe unna alle menna rundt meg. Det er jo ikkje akkurat noko tvil om det er mange jegrar rundt om i kommunen.
Så ei rype som eg…… Hahahahahahahahah…..

For at dei skal gjenkjenne kvarandre. Hahahahaha….. Då er det jo ikkje vanskeleg å skjønne at vår Herre var supertsmart og skapte oss menneske så totalt ulike i form og farge.
Som om eg skal klare å sjå forskjellen på to sebraer??? Hallo……. Men så ser vel sebraen bra! Se bra!! (Dårleg latter her…..hahahahaaaaa….)

Regulering av temperaturen. Det blir som solkrem! Meire hahahaha……hahha….. Det slår jo i hel viktigheita med å smøre seg godt på heile kroppen. Det er berre å smøre seg i striper! Det er berre om å finne ut om det er på plassen til dei kvite eller dei svarte stripene ein skal smøre seg. Kneet eller leggen, liksom. Her treng eg nokon som kan stille opp som prøvekaninar! (Eller prøvesebraer, for å vere meir korrekt.)

Nei, ha ein fortsatt fin kveld! Sei no ifrå om du vil vere prøvesebra…..:=)
Hasta mañana!

IWALY!!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar