torsdag 6. februar 2014

Fyret.nu har måtte stenge nettsida si. Ikkje eit sekund for tidleg, spør du meg. For ei så useriøs side som det skal ein leite lenge etter.
Kor mange er det ikkje som har gått i fella og delt innhald frå nett den nettstaden? Innhald som får folk til nesten å gå i fistel. Tema som provoserer i stor grad.
For å ta eit døme, kan ein vise til saka om at ein skule ikkje skulle ha det norske flagget med i 17.mai-toget. Ei sak dei fleste burde ha skjønna ikkje var tilfelle, men likevel ikkje gjorde det. Eg har ikkje talet på kor mange iltre og negative kommentarar som verserte på nettet i den saka. Slike saker fins det uttallige av. Og folk bit på…………. Noko som eigentleg forundrar meg litt. Forundrar meg av di det no byrjer å bli ganske kjent at dette er ei side som ikkje heilt stemmer overeins med røyndomen.
No har dei, i følge seg sjølv. etter press frå eksterne krefter, stengt nettstaden.

Det som er litt teit (syns eg), er at fleire skriv kommentarar om dette og går heller til angrip på at alle det venstrevridde osv osv…. Det er jo ikkje det som er kluet. I eit demokrati må ein få lov til å ytre sine meininger, men akkurat denne nettstaden fungerer ikkje heilt slik
Det er forskjell på å seie si meining om noko og det å faktisk berre dikte opp noko for å skape provokasjon.
Viss ein ikkje klarar å sjå akkurat det skillet………
Ein kan vere så radikal ein berre vil, men ein må i alle høve halde seg til røyndomen.

De er ikke folk i mine øyne. Sterke ord frå ein horekunde! Ottar Stangeland gjer seg sjølv til offer for nettdebatt ved å offentleg kome med utsagn som han veit vil provosere mange.
Sjølv gjer han det for å gje dei som kjøper sex eit anna andlet enn det som til no er blitt vist gjennom media.

Heile 13%(!) av det norske folk (menn)  oppgjer at dei kjøper sex. DET er eit høgt tal! I alle fall oppi mitt hovud som litt lettare desperat prøver å anslå kor mange menn det vil bety. Eg kjenner eg blir sveitt berre ved tanken.
Når Stangeland no står fram på denne måten gløymer han ein liten (stor!!!!) vesentleg ting……..Han er tobornspappa! Tobornspappa, ja!! Ein pappa som faktisk ikkje berre kan tenke på seg sjølv.
Ved å vise andletet sitt i denne saka i full openheit for alle, kan i stor grad vere med på å "skade" borna på mange måter. Spesielt tenker eg på at det er mange av dei som les om han som kjenner han og borna hans.

Å harve over ei som "alle" andre har harva over, berre for å få tømt seg, er då vitterleg ikkje noko å vere stolt over. Noko han forsåvidt ikkje er. Ifølge han sjølv blir det, for ein slump pengar, litt "dunk-dunk", elendig sex og tømming. Då sjølvsagt med eit menneske han ikkje kjenner til frå før og heller ikkje kjem til å treffe fleire gonger.
Han seier at det kanskje er snakk om 200 gonger til no. Og ein ting er sikkert…..Eg hadde ikkje syntes det hadde vore kult om eg hadde lest på nettet at ein av mine har kjøpt sex over 200 gonger.
Eg hadde blitt flau og ville kanskje ungått å vise meg ute.

Uansett, det er jo på ein måte litt tøft at han står fram. Det betyr jo at han har ryggrad. Det er berre det at  det kan gå ut over andre.
Det verste med denne saka er ikkje at han har kjøpt sex. Det er det at han seier at "De er ikke folk i mine øyne". Det er på ein måte greit å handsame dei på den måten dei gjer av den enkle grunn at dei ikkje er "folk".
At dei fleste av kvinnene ikkje har lyst å gjere det dei gjer, at dei er menneske som slit psykisk av di dei må ty til slike handlingar…….tja, det betyr ingenting.
"Det er ikke mitt ansvar å sørge for at mennesker jeg ikke kjenner har det bra." 
Jaja, det er godt at ikkje alle tenker slik.

Personleg syns eg det er "teit"at han står fram på denne måten. Eg meiner at han burde halde seg for god til det og eg gjer meg mine tankar rundt det heile. Slike haldningar som kjem fram syns eg er forkastelege. Likevel må eg rette litt kritikk til dei som er inne og kommenterer og skriv si meining om det heile. Det er eingong slik at enkelte har litt problemar med å legge band på seg sjølv og då kan det lett kome eindel ytringar som ikkje er bra.
Eit døme på det er: "Æ forstår koffor han må kjøpe." Ein kommentar som går direkte på utsjånaden hans, og det er mobbing. Mobbing som faktisk er definert som ulovleg i paragrafen som omhandlar ytringsfridomen.
Det fins mange slike kommetarar,noko som berre blir teit. EIn kan heller få fram kva ein meiner ved å seie kva ein meiner om haldningane hans og temaet. Korleis han ser ut er likegyldig for alle.
I tillegg er det mange som tenker på borna hans…….. Korleis kan dei påstå at dei tenker på borna når dei skriv slike kommentarar?
Ikkje veit eg kor gamle borna hans er, men er dei gamle nok til å lese, kan det jo hende at dei faktisk får med seg kva folk kommenterer om saka.
Det kan forsåvidt klassifiserast som dobbeltmoral?!

Nei, jomfrua er litt trøytt og sliten og skal legge seg om litt. Kvelden starta med ein joggetur og då syns eg det fekk halde for i dag, så då har resten av kvelden vore lagt til sofaen og rein avslapping.
I morgon er det helg att, så tida går rimeleg fort.
Ha ein fortsatt fin kveld og sov godt til natta!
Hasta mañana!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar