søndag 23. februar 2014

Det har vore ei roleg hyttehelg der radioen har fått gå seg rimeleg "varm". Det vil seie i mykje større grad enn vanleg. Det er vel neppe vanskeleg å skjønne at det er snakk om at OL har ein del av skulda der.
Det har vore interessant å vurdere kommentatorane opp mot einannan, enkelte hakket betre enn andre. Det er stor forskjell på å vere "heilt vanleg" (nesten til grensa av upåvirka) og det å vere nesten overivrig. Sjølv syns eg dei som var ivrig var hakket betre å høyre på. Det skapte liksom litt meir glede. Det var lett å flire til dei når dei blei litt for ivrige og sa eindel "teite" ting.
Så med radioen på var det ikkje heilt feil med det ustabile vèret (sjølv om det var enkelte kroppsdelar som ikkje var så happy for det).
Alt i alt ei fin helg, men eg skal ikkje skryte på meg for mykje utetid.

Her om kvelden såg vi sånn aller hurtigst på "American Idol", eit program vi aldri ser på elles, men akkurat denne kvelden blei det no berre slik.
Fleire gonger når dei har sendt den norske versjonen, har eg tenkt "hjelpes meg, kva i alle dagar gjer dei på audition" og har sjølvsagt samtidig forstått at det har med gleda av å eksponere seg sjølv å gjere. Andre gonger er det mest eit resultat av eit eller anna veddemål.
Så kan ein spørre seg kva som gjer at det blir slik. Eg tenker at svaret er enkelt. Det er enkelt etter å ha sett den amerikanske versjonen.
Her heime i Noreg har TV2 minst like stort fokus på dei elendige som dei som faktisk kan synge. Rølp og anna tull blir i stor grad promotert av tv-selskapet, og folk flest veit at om dei finn på noko sprell så er sjansen stor for at dei kjem med. Slik er det ikkje i den amerikanske versjonen. Dei vel å ha fokuset på songarar som har noko ekstra å kome med.
Dei har sjølvsagt nokre få innslag av dn galne sorten, men hovudvekta av sendinga er forbeholdt dei som er flink, eller dei som nesten er flinke nok.

Denne kvelden då vi sat og såg på programmet, viste dei 90 % med dyktige songarar og dei resterande 10 % veit eg ikkje heilt kva eg skal seie om. DET var verkeleg ei oppleving (om den er negativ eller positiv skal vere usagt, men noko var det).
Ein "mann" som kom inn sa følgjande: Jeg har noe verden må høre. Wow……Det vitnar om eit sjølvbilete som talar stort. Så då tenkte eg at no kjem det noko bra.
Han starta og eg tenkte at han var god på gitaren sin, så det lova bra. Heilt til han byrja å synge!
Kva er det dei brukar å seie…? Holy crap (eller noko i den dur)? Det var totalt meiningslaust med den stemmen til det fine gitarspelet og setningen "Jeg har noe verden må høre" blei berre så latterleg.
Berre så det er sagt, så er det ikkje meininga å vere ekkel mot nokon, men har ein først valgt å vere med i eit offentleg program, har ein også valgt at det er greit at ein får meininger om seg.
Dommaren var ganske knusande i dommen sin. Han snakka om både den subjektive og den objektive delen av dømminga. Den objektive vinkelen fastlo ganske tydeleg at synginga rett og slett ikkje var god nok.
Greit nok det. Det veit ein jo på førehand at dommen kan bli. Likevel, når dommen kjem så ufatteleg "plums" på deltakaren……. Han forstod ingenting. Han braut heilt ihop og kunne ikkje skjønne kvifor han ikkje skulle vidare til Hollywood.
Då han kom ut av lokalet, sa han Jeg kommer hvert år til det slår til. Stemmen min runget!!!
Og jomfru Knutsen blei berre sittande heilt paff og heller ikkje skjønne bæret. Berre at bæret ho ikkje skjønna var korleis han kunne tru at han kom til å gå vidare.
I tillegg til denne deltakaren, var det ein til som var ganske overmodig. Han sa etterpå Jeg var litt for nervøs. Akkurat der og då måtte eg berre flire. Om han hadde hatt full kontroll på nervane sine, ville det ikkje vore noko å hente.
Heldigvis blei det med desse to hankjønna. Resten var kjempegode songarar som ga dommarane litt av ei utfordring med tanke på at dei har x antal bilettar å gje ut.

Kva tid skal vi bry oss, og kva tid er det greit å blande seg inn? Og kva er forskjellen på desse to spørsmåla? Kva betyr å bry oss? Bryr ein seg om ein blandar seg inn og har meininger om ting og tang og syns det er greit at folk får høyre alt ein veit om andre? Har vi då brydd oss og er det greit? Kva tid trør vi over den grensa for kva som høyrer privatlivet til og ikkje?

Alle desse spørsmåla er vanskelege, men gudane skal vite at dei er gjeldande i særs stor grad både titt og ofte. Det er slik ein ser kven ein kan stole på, eller ikkje. Det er då ein ser kven ein kan titulere som ven, eller ikkje. Eg trur det kan bli ganske mange "eller ikkje".
Kva glede har vi eigentleg av å strø salt i andre sine sår? Svaret burde vore enkelt, men er nok ikkje det. Svaret burde vore inga glede, men likevel viser fleire at det faktisk gjer glede om ein spreier antakingar ein sit på ut til andre. Dei skjønnar ikkje kva det er dei faktisk gjer.

Då eg var russ, kjente eg ei som fann seg ny "partnar" 6-7 helger på rad. Eg tenkte mitt kvar gong ho sa  ho angra seg, men dømte ho aldri og sa heller aldri noko om det til andre. Kvifor eg holdt kjeft? Svaret er veldig enkelt. Eg har ikkje noko med kva andre vel å gjere med livet sitt.
Sjølv smakte eg ikkje alkohol i løpet av heile russetida, noko eg er glad for i dag. Likevel, det gjorde ikkje meg til noko betre menneske av den grunn.
Det er mange "høge hestar" rundt omkring, Så alt for mange. Då er det eit ordtak som passar bra…… Den kan kaste den første steinen den som er skuldfri. Den som aldri har gjort noko gale i livet sitt….. Det er mange som allereie har kasta den første steinen….og den andre og den tredje…….utan å vere totalt skuldfri. Kva seier det om dei?
Det er lett å anta, men det er også lett å anta noko som er heilt feil. Slikt blir det rykter av og rykter er farleg. Dei kan skade mykje og etterpå kan det vere særs vanskeleg å "rydde opp". Då er det ikkje kult å vere ein av dei som har spreidd rykter og delvis har skuld.
Det er lett å vere etterpåklok, men då kan det ofte vere for seint.

For all del…..No må ikkje nokon analysere det eg skriv og grubbelure seg frykteleg halvt i hel for kva det er EG har rota meg inn i. Eg lev mitt liv stille og roleg utan dei store sprella, så denne jomfrua har ikkje hamna ut for noko som helst.
Eg har berre høyrt rykter………Rykter om andre og lurar på kva glede andre har av å spreie desse ryktene. Rykter som krenker privatlivets fred for enkelte og som alle burde halde seg for gode til å snakke laust om med andre. Ting som ikkje angår dei, som samtidig er med på å skade fleire enn ein kanskje tenker over i "iverens snakkesalige" stund.

Når ting er vanskeleg, er det ikkje greitt å forholde seg til at alle andre trur dei veit. Ein har gjerne nok med seg sjølv og burde få lov til å forbeholde seg retten til å ikkje trenge å tenke på kva andre seier.
Eg veit kva mitt svar blir om nokon spør om eg har høyrt……….. Eg kjem til å svare at det har vi ingenting med og at det bør vi halde oss for gode til å slarve om.

Å slarve er å blande seg. Å forvente å få vite er å blande seg.  Å bry seg er å vere der og vise omtanke og la den som slit skjønne at du forstår og er der om det trengs. Er der utan fordømming. Utan krav om svar. Ein lar vere å kaste den første steinen av di ein veit at ein sjølv ikkje er feilfri. Ingen er det!

Eg prøver så godt eg kan å ikkje kaste den første steinen. Det er ikkje alltid lett, men eg prøver i alle fall å vere litt bevisst på det.
Har eg høyrt eit rykte eg syns er "verdt" å nemne, seier eg at et er eit rykte og at eg ikkje kan gå god for det.

Det er så lett å dømme……..

Uansett…….Ha ein fortsatt fin kveld. Det er enno litt att av den. Sov godt til natta og drøym søtt!

Hasta mañana!

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar