mandag 3. februar 2014

Ein niåring med autisme og som er psykisk utviklingshemma har blitt borte i Oslo. Så er det såklart lagt opp til at ein skal kunne kommentere under saka. Kjenner då at eg blir provosert av enkelte som kommenterer.
At guten er borte, blir ikkje nemnt, men dei har fokus på ein skrivefeil i teksten. Det står tydelegvis ein å istadenfor o ein stad……… Forstå det den som kan.
Eg tenker på den stakkars guten og håper han kjem til rette rimeleg kjapt. Slik er det visst fleire som ikkje tenker. Det seier litt…………..Kva verd er det vi eigentleg lever i?
Joda, eg er også av den meininga at ei avis skal vere utan skrivefeil, men eg kommenterer det ikkje under ei så alvorleg sak.

Rare dyr! Eit interessant spørsmål å stille, må vere om dyra blir smartare og smartare, eller er det slik at det er vi som lærer meir om dei?
Er det noko som er sikkert, er det at mange dyr er ganske høgintelligente. Meir intelligente enn kva vi trudde for 30 år sidan. Ergo er det naturleg å stille spørsmålet.
Eg håpar svaret er at det er vi som veit meir om dei no enn tidlegare, for elles kan vi risikere at dei til slutt går forbi oss når det kjem til intellekt! Hahahaha……..

Ei nøtteskrike kan planlegge sitt neste måltid. Vi har fisk som hopper unan bølgene. I tillegg fins det ein hund som kan namnet på 1000 ulike leiker. Så……….?
Berre dumt at ikkje nålefisken kan påverke menna våre i det verkelege liv. (Nålefisk er det same som tangsnelle.) Ein nålefisk praktiserer omvendt kjønnsrollefordeling, noko som betyr at hannen er den som går gravid og må bære fram bornet. (Heilt greit å få blant oss også, berre dei ikkje av den grunn prøver å karre til seg heile "mammapermisjonen" vår.)

Det er faktisk slik at alt dyreliv på jorda stammer frå havet! Om ein studerer ein landkrabbe, finn ein kanskje svarte på korleis dei første vente seg til livet på land. Spørs om det er det ein tenker på når ein tiltalar ein mann som ein landkrabbe. Eg vil aller helst ikkje vite svaret.

For tida er det ganske "kjedeleg" å surfe på nettet og lese i dei ulike mediuma som fins. (Og dei er det mange av!) Det kan virke som om at det berre er to tema som gjeld (og ja, eg har sikkert nemnt det tidlegare også), vekt og sex.
Eg trur ikkje det går ein einaste dag utan at begge desse temaene er med. Det einaste som skil det heile frå dag til dag er vinklinga. (Og knapt nok det.)  Så det kan virke som om at livet dreiar seg om mat og sex. "Tja, er det ikkje det det gjer?" Eg syns eg høyrer fleire som garantert ville ha svart nett det.

Kanskje ikkje du er som eg? At når du til slutt blir lei av noko, så får du lyst til berre å gje f………! Eg trur eg skal det. Sånn i rein sympati med mange andre skal eg spise meg halvt ihel og ikkje ha sex dei neste fire åra. Så kan eg svare (når di spør) at nei, det er ikkje tidstjuvane, eller nei, eg gjekk ikkje i noko felle (som dei åtvara mot på ei av hovudstadsavisene si framside i dag). Det er berre eigen og fri vilje.

Ta i dag til dømes…… Eg har pjåta i meg fire brødskiver (heimlaga), ein appelsin, middag, to knekkebrød, ein halv appelsin, eit halvt eple, ein halv banan og no sit eg her med ein tallerken overfull av pasta. (Og kven veit  kva meir eg får tid til før eg entrar soveromsdøra?! Popcorn, kanskje…..)
Noko side der det står kva eg "bør" putte i meg, hoppar eg glatt over.

Nei, eg seier det berre….. Det er ikkje rart folk blir frustrerte når dei ser seg sjølv i spegelen. Samfunnet legg opp til det. Du skal sjå sånn eller sånn ut, men ikkje sånn. Ferdig med det, liksom.
Rett under artiklar for matvrak er det sjølvsagt slengt med ein artikkel om rett trening! Sjølvsagt er det slik. Effekten av samvitet til dei som då faktisk tar seg tida til å lese det, blir jo då maksimal. Ikkje berre et eg feil, men eg trenar for lite også. Dessutan har eg ikkje nok svai i ryggen når eg sit øverst i ei hyrdestund og kor ofte skjer eigentleg det, om eg tør spørre? I følge avisa så er det aaaaaaalt for sjeldan. Eg skulle nok ikkje sett den råbra kinofilmen i går. Sjølv om eg fekk ei knall oppleving, gjekk det jo trass alt ut over gubben som heller ville hygge seg på eit heeeeeilt anna vis. I alle fall om eg skal tru avisene. osv…….

Nei, no blir det sympati med dei som har for liten eigenvilje……… Hahahaha…..4 år er ikkje såååå lenge.

Ha ein fin kveld!
Hasta luego!

IWALY!!!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar