onsdag 19. februar 2014

Gutt tjuvlånte bil igjen! Jaujau……..Det er visst ikkje greitt å vere 10 år.
Sist gong blei det sagt at det var første gong han køyrde bil. Då kom han seg 1 mil før det gjek galt. Denne gongen kom han seg 3-4 mil. Ein distanse som er ganske lang til aldri å ha køyrt bil før.
Eg skal ikkje påstå at det ikkje stemmer, men eg syns no verkeleg det høyres rart ut, og akkurat det må eg no berre få lov til. Det er sikkert fleire enn eg som tenker tanken.

No spørs det……. Det er snakk om to vidt forskjellige bilar. Dersom dei begge er automatgir, så kanskje…..men er det vanleg gir-bil, så spør eg meg sjølv om det er paktisk mogleg for ein tiåring å få til å køyre med tanke på giring, kløtsj osv osv…..

Derfor bør du smile oftere. Det er vel ikkje akkurat noko røyndom at å smile har mange positive effektar. Ikkje berre gjer det deg meir attraktiv, men det hjelper deg til å sjå yngre ut. Kven er det ikkje som vil nett det?
Vil du ha ein mann på kroken, kan det vere ein føremon for deg om du smiler. Det vil garantert appelere meir positivt på han enn om du har surtrut….. Då er vel sjansen heller større for at han ignorerer deg. (Eg trur ikkje menn syns det er så superkult med sure kvinnfolk.)

Smil reduserer stress og er bra for hjartet. Berre dei to årsakene åleine er verdt sjansen. Ta sjansen og gje verda eit lite smil, så vil du kjapt sjå effekten av det.
Kva er vel betre enn å forlenge livet sitt på bakgrunn av noko så enkelt som eit smil? Det blir jo berre teit å la vere (om ein set det litt på spissen.)

Standard smil, eller ekte smil…..That´s the question. Smilet må på ein måte gå inn i deg for at det ska fungere som medisin. Du må på ein måte kjenne på gleden det gjer deg av å gje andre eit smil.
Det løyser opp mange positive hormonar. I tillegg blir dei du omgås i betre humør istadenfor at dei skal irritere seg over at du er sur så alt for ofte. Det skaper berre dårleg miljø, og det er ingen tent med.
I tillegg er det kostbart for samfunnet dersom ein brukar arbeidsdagen sin på å vere sur.
Ein som er så mykje sur, skapar drleg miljø, og dårleg miljø skaper såvisst ikkje noko effektivisering. Det sørger berre for at fok gruar seg for å gå på arbeid. Gruar seg for å møte på den som går rundt og forpurrar dagen deira ved å ikkje evne å kunne gje eit smil (som er ekte).
Eg meiner verkeleg at det er noko å tenke over. Alle burde tenke over om dei smiler nok.
Gjer du i det heile tatt eit forsøk på å gjere det?
Eg smiler kvar dag, eg! Også til framande……….. Eg hugser då eg var ti år gamal og kom gåande ned ein bakke. Då kom det eit kvinnfolk imot meg, og av rein høflegheit sa eg "hei" då eg passerte ho.
Ho stoppa opp og snudde seg etter meg og sa "Kjenner eg deg?". Eg svarte sjølvsagt nei til det og då fulgte ho opp med følgjande strofe som eg aldri kjem til å gløyme. "Kvifor i all verda sa du hei til meg viss du ikkje kjenner meg." 
Den dag i dag tenker eg "sure drittkjerring". Kva er vitsen med å seie det til eit born? Sjølv som tiåring skjønte eg at dette var ei kvinne som ikkje skjønna mykje.
Hadde det vore midt på Karl-Johan……..men ikkje i ei bygd der folk stort sett kjenner kvarandre og det er langt mellom dei menneska du faktisk treff på.
Så det var takka for at eg ga ho eit smil og eit lite "hei". I dag veit eg at fleire liv har blitt berga av eit slikt smil og ein slik liten kommentar. Berre det at ein har "sett" eit anna menneske kan utgjere forskjellen for den som blir sett.
Kvinna har brent seg fast på hjernen min og er som eit skrekkeksempel for meg på korleis EG ikkje vil bli.
Eg var blid som unge og eg er blid som vaksen. Det er eg glad for.

Smil smittar! Så mi oppfordring er kjem gjennom ei utfordring. Smil til dei du har rundt deg og legg merke til effekten det garantert vil gje.
Har du slitt med å vere sur lenge, kan det hende at det vil ta litt tid før effekten gjer utslag, men det er verdt det. Viss folk er vant til at du konstant er sur, tar det litt tid før dei faktisk oppdagar at smilet er ekte. Så byrj i dag…..smil og gjer verda til ein betre stad å vere!

Ha ein super kveld!
Hasta mañana!

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar