tirsdag 18. februar 2014

Dei hundre viktigaste nordmenna! Jaja, så spørs det no nett om denne knetta er einig i alternativa eller ikkje. Joda, enkelte av dei er nok viktige, historisk sett, men enkelte er eg ikkje heilt sikker på at fortener ein plass på nett denne lista. Det attstår å sjå kven folk vel å stemme på. Sjølv kjem eg ikkje til å avgje ei einaste stemme, for eg ser ikkje heilt vitsen med denne avstemminga. Hadde det vore 100 "gode" alternativ, så kanskje, men no kan gud og kvar mann stemme kva som helst og det er slettes ikkje sikkert at alle er like seriøse når dei stemmer. Det blir litt ekstremt å sette Henrik Ibsen opp mot Elise Ottesen-Jensen eller i motsatt veg mot Kirsten Flagstad.
Hadde det vore ei form for kategorisering, ja då hadde det kanskje gjeve ei form for meining, men desse tre alternativa er langt frå samanliknbare.

Juryen har nominert Henrik Ibsen som nummer ein. Henrik Ibsen er heilt klart viktig og bør stå på topp 100. Akkurat det er eg slett ikkje ueinig i. Likevel, det er langt i mellom det å ville ha han på lista og det å plassere han øverst. Hovudårsaka er det moderne dramaet, medan Ottesen-Jensen kjempa for å avkriminalisere abort og for at det skulle bli lovleg å informere om seksualitet i skulen.
Når ein då tenker på det samfunnet som var før i tida opp mot kvinnesynet, er det hakket viktigare.
Med viktigare, meiner eg ikkje at ho burde stå øverst. Eg berre plukka ut eitt døme av mange.
Kirsten Flagstad er kjent som sopran. Med andre ord ho syng.

På mange måtar er alle på lista perosnar som har vore forbilete for andre på kvar sine måtar. Så kan ein spørre seg……..Kva kriterier ligg til grunn for å kome på ei "topp 100-liste"? Når første kvinnelege statsminister, ei kvinneleg løpelegende, ein forfattar, ein songar, ein seksualopplysar, ein statsvitar, ein skodespelar og ei matmor hamnar på same lista, blir det vanskeleg å stemme. Kva er viktigast?
Dei kunne heller h alaga denne lista vilkårleg og latt vere å ha noko avstemming.

Reisene du kan skryte av, og så viser dei eit bilete av ein hai med open kjeft!! Hallo…..Eg har då vitterleg ikkje tenkt å svømme med superfarlege haiar berre for å ha noko å skryte av. Då tar eg heller ein svipptur over til han Clonney og avlegger han eit besøk. DÅ hadde eg hatt noko å skryte av. Dessutan er han jo singel, så………

15 romantiske hoteller for en SKIKKELIG voksentur. Korleis definerer vi ein vaksentur? (Eg tør vel spørre om det?) Ein treng vel ikkje dra lenger enn til Grand i Narvik for å kalle det vaksentur og om det hotellet er så ufatteleg romantisk kan jo diskuterast.
Mørk og mystisk romantikk…….. Kven i alle dagar vil ha mystisk romantikk? "Ha bind for augene, så veit du ikkje kven som dukkar opp?"
Par-spa…….Hahahahaha…….. Eg skulle vel aldri ha tid til å gå på noko spa i ein slik samanheng. Nei, åleinetur og spa……ja, men om ein ikkje er åleine, så held det med nokre jordbær for min del.

Det er visst nokre bileter av store rom med gode stoler og liknande. Kva i alle dager skal ein med stoler om det er vaksentur? Er det meininga at vi skal sitte i kvar vår stol og spørre "Ka syns du om den nye presten vår?" eller "Ka du trur vi får slags vær i mårra?" Viss ikkje det fungerer som forspill, så veit ikkje eg! Hahaha…….

Buddha, Barcelona, Roma, Lyon, Venezia, Madrid……..Det er då farsken at ein må så langt unna for å få ei vaksenhelg. Då går jo mykje av tida bort i venting/reising. Bortkasta tid! (Seier eg som meir enn gjerne kan tenke meg å dra ti alle desse stadene, men berr ehugs at det har eg aldri sagt!)

Dessutan fins det ein stad i verda der det er påbudt å vere naken. Eg trur eg skal la vere å opne sida og sjå kor det er. Kan vere litt farleg med tanke på at det då lett kan bestillast billettar. Ikkje verdt å utsette seg sjølv for det! :=)))))

Ha ein fantastisk slutt på kvelden. Eg er på tur i seng og håpar på ei litt betre natt enn den som nett var. (Ein liten kar med øyreverk.) Sov godt når du legg deg!

Hasta luego!

IWALY!!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar