onsdag 19. mars 2014

Det er ikkje lenge før det eg skal til Israel. Avreise er frå Bodø no på fredag, så ergo er det ganske nært foreståande. Då er det ganske betryggande å lese på nettet at det så absolutt ikkje er fredeeg ved Gaza og sør i Israel i desse dagar. Det har tydlegvis vore bomberegn i går, og no truar Israel med full okkupasjon av Gaza.

No er det ikkje Gaza eg skal til, men Jerusalem. Det eg imidlertid har sjekka, er litt avstandar i mellom dei ulike "punkta". Frå Tel Aviv skal eg ta ein buss til Jerusalem og det eg kan lese ut frå reiseruta, er at det skal ta sånn høveleg ein time.
Når eg då ser på kartet og måler avstanden frå Jerusalem til Gaza, så er den litt lengre enn til Tel Aviv, men berre litt. Eg veit ikkje om det er snakk om to timar unna?! Skal eg sjå på millimetrane, er det kanskje kortare enn desse to timane. (Eg gidd ikkje google det, for då slepp eg å få meg ei overrasking…..)

Jaja, det er sikkert heilt trygt å opphalde seg i Jerusalem og skal eg vere heilt ærleg, ja så er eg eigentleg ikkje så bekymra at det gjer noko. Det er først når eg byrjer å tenke på sonen min og "dersom" det skjer noko. Då kjenner eg at tårene ikkje er langt unna. Det er rart med det……
Eg har lagt meg saman med han kvar kveld i det siste av di eg veit eg skal vere borte ei stund. Då kjenner eg at eg blir litt meir intens enn vanleg. Det er om å "suge til seg" mest mogleg mor/son-energi.

Hvis det ikke stilner i sørlige Israel, vil det bli veldig bråkete i Gaza. Betryggande…….

Det blir sikkert ei stor oppleving å få besøke landet. Sjølv om mykje av tida går med til studier, er det også lagt opp til at vi skal få oppleve litt. Blant anna skal vi til Dødehavet, Negevørkenen, Holocaustmuseet og på guida tur i Gamlebyen. Det blir nok ganske spesielt å vere der.
Så her ein jo også høyrt at det skal vere bra å bade i Dødehavet, og då blir det vel det også. :=)

Jaja, eg må berre få kontroll over desse morskjenslene og sleppe taket på dei tankane som ikkje treng å oppta plass i hovudet mitt. Det er rart med det…. Eg er sikkert langt ifrå den einaste mora som er slik.
Så håper eg verkeleg at det er Internett dit vi skal, for då kan eg jo "skype" heim innimellom.

Ellers er det ei som har googla og funne ut at eg er verdt 15 kamelar!! Så alle bod under det vil glatt bli avvist. Eg er stygt redd for at boda då vil utebli!! Men aldri om eg sel meg sjølv på noko billegsalg. Det er ikkje akkurat som G-sport som sel ut ei vare til 30% av opprinneleg pris av di den eigentleg ikkje er verdt meir. Dei får så dei dekker utgifta si. Hahaha…..

Nei, når eg er ferdiggaula, forhåpentlegvis før vi kjem til Gardermoen, blir det ein heilmaks tur! Definitivt.
Heimlengsel får eg uansett, det veit eg alt om……….

Eg skal vere flink til å ta bilete og så skal eg prøve å skrive litt frå reisa her inne. Eg legg nasen mot Bodø i løpet av morgondagen, så då blir det stille her eit par dagar før det kjem ei oppdatering.
Inntil då…… Ha det supert!

Hasta luego!

IWALY!!



1 kommentar:

  1. Snufs, snufs. No fikk du meg til å gråte og, jomfruen. Ikke noe gøyt å dra fra sine småtroll. Det går jo helst bra, men noe fredelig hjørne av verden er det jo ikke. Likevel er jeg kjempemisunnelig på deg, eller rettere sagt, jeg skulle ønske jeg og kunne dra ned dit. har hatt lyst i åresvis. Men det er jo langt og dyrt. Og en venter kanskje på at det skal roe seg betraktelig en dag? Men det gjør det jo ikke, ser det ut til. Ha en superflott tur nedover og vær no endelig klok og forsiktig, men det er du jo uansett. Sitter her med snørr og tårer og, for jeg føler sånn med deg. S er jo ikke så gammel ennå og Israel er så sørgelig langt unna. Du får det topp der nede, så tross bekymringer, må du bare suge til deg inntrykk og sende bilder hjem (til face, e.g.) Ha en herlig og fantastisk tur med masse gode opplevelser :) Klems fra ho med pianoet og horna :)

    SvarSlett