lørdag 5. juli 2014

4.juli

Jomfru Knutsen har det litt keisamt. Ein litt uvanleg situasjon har oppstått. Minstemann har dratt med søskenborna til bestemora på Vestlandet og plutseleg er ein bornlaus. Kva skal ein då finne på å gjere? Slike uvante "moments" er ikkje kvardagskost, så ergo er det berre keisamt fram til eg finn ut kva eg skal bedrive tida med til han er attende.
Det einaste som er sikkert er at det er ikkje snakk om å sitte i den sofaen eg sit i nett no.

Eg har ringt fleire gonger i dag. I morges fekk eg berre til svar at det passa dårleg at eg ringte før dei hadde stått opp. Så då venta eg ein time til og då var det greitt. Berre det at han hadde jo ikkje tid til å snakke med meg. To setninger og så kom det så fint "Hade, glad i dæ", og klask, på med røyret. Sjølv rakk eg aldri å seie hade attende. Jaujau…..
Det same skjedde i kveld. "Mamma, æ må gå ned tell de ainner. Vi ser jo kamp. Æ bi ikkje å reng dæ før æ lægg mæ. Hade, natta, glad i dæ" og klask, på med røyret på nytt.
Wow……. Her er det berre å venne seg til at det straks er pubertetstid og greier. Plutseleg er det ikkje mora som er "verdas navle" lenger. Hmm………Eg veit ikkje om eg likar det, men har vel ikkje anna å gjere enn å infinne meg med det. Jaja….. :=)

Vi har akkurat sett på film. Boka om hundreåringen som stakk av var ei fornøyeleg bok. No oppdaga eg at den var kommen ut på film også og då måtte eg jo berre kjøpe den. I kveld blei det "snurr film" og den var riktig så fornøyeleg. Det einaste som var litt dumt (som mange andre gonger) er at når du først har lese boka……..
Filmen lever nok ikkje heilt opp til forventningane, men den er likvel verdt å sjå. (Sjølv om eg sov nokre minuttar av den). Vil du ha deg ein latter (som dei påstår vil forlenge livet), ja så får du i alle fall det undervegs i filmen. Ein kul gamling på rømmen. Litt kjipt å heile tida vite kva som skjer, men greit nok.
Først film og så fotball. Jaja….eg overlev det også. Eg treng jo ikkje følgje med heile tida. Av lojalitet for arrangørlandet så heier eg på Brasil. Om det er av di eg fryktar kva brailianerane kan finne på ute i gatene etter kampen om dei taper, eller om eg faktisk heier på Brasil….. skal vere usagt.

No er faktisk kampen akkurat over og eg trur det gjekk vegen. (Som sagt….eg fulgte berre med på det heile med eit halvt auge!)

Mattilsynet advarer mot giftige blåskjell. Jaja, eg har no uansett ikkje tenkt å ete blåskjell. Det får finnes grenser for kor langt eg vil gå i testing av "ny" mat. Dessutan, etter å ha opna skjell etter skjell gjennom heile oppveksten og faktisk sett det ekle som er inni skjella…….. Kven i alle dagar klarar å finne lysta til å ete det skvipet (som enkelte liksom kallar delikatesse). Nei, om nokon hadde gjeve meg tilbodet "et blåskjell og få 100 000 kr, så hadde eg faktisk takka nei. Jo, eg hadde det!!
No går dei uansett ut og åtvarar mot å ete det, så då er det vel fleire enn eg som har tenkt å vere fornuftige.

Straffesak vekker oppsikt. Det dreier seg om Facebook og det dreier seg om faceraping. Ein irsk mann har fått ei klekkeleg bot etter å ha vore så ufin at han har brukt metoden "faceraped" mot ekskjæresten sin.
Joda, det er mange som gjer dette, men då er det gjerne snakk om meir uskuldige setninger. Det er eigentleg forbudt ved lov, så ein slit om ein blir rapportert inn og avslørt.
Denne irske mannen var sur og fornærma på ekskjæresten sin og la ut noko som ikkje var fint på sida hennar (som om det var ho sjølv som skreiv det). Det er alt anna enn koseleg når slikt skjer og eg trur ein skal vere glad for at ein faktisk har ei lov som forbyr dette. Om ein tillet seg kva som helst. kan det fort bli ubehageleg for enkelte.
At ein ungdom ser at mora står pålogga utan å vere tilstades og snik seg inn og postar "Jeg skal kjøpe sønnen min 1 kg godterier i mårra", så er det ikkje mange som blir sint for det. Det er noko anna når det blir slik som denne saka med den irske mannen. Eg syns eigentleg berre at det er bra han får sin straff.
Han skreiv at ho var ei hore som ville ta imot eitkvart tilbod som kom. Ikkje bra………..

Mange vil påstå at dersom ein ikkje loggar seg av så er det eins eigen feil. Då må ein nesten forvente at slikt kan skje. Det er faktisk ikkje sånn det fungerer. Du skal ikkje vere nøydd til å logge deg av. Alle som går inn på andre si side veit på førhand at dei ikkje har lov til det. At freistinga ligg der betyr ikkje at du er nøydd til å fale for ho.
Om du går forbi sjokoladehylla på butikken, tar du ikkje sjokoladen og puttar den i lomma berre av di sjansen byr seg. Ein tar sjokoladen og stiller seg i kassekøen.

Sjølv har eg facerapa bror min ein gong. Då skreiv eg frå han at eg var den kulaste søstra i heile verda. Heller ikkje det var heilt lovleg, men det var no i alle fall meir lovleg og det blei berre litt artig ut av det.
Eg sat der i sofaen og berre venta og venta på at han skulle oppdage det. Og for kvar "likes" som kom blei eg meir og meir flirfull.
Akkurat denne facerapen skjønna alle var nett det. Alle forstod at det var eg som hadde skrive det og det kunne ikkje skade han på noko måte. Verre var det med denne kvinna som blei utsatt for eksen sin.
(Eg trur irer er ekstra langsinte!!!)

Det kunne jo vere spanande å sjå kva folk eigentleg meiner om "facerape". Eg vil tru at det er ganske mange ulike syn på det heile. Enkelte vil påstå at det er heilt greit, medan andre vil synes det er forkasteleg. Og midt i mellom kjem sikkert brorparten. Enkelte vil vere usaklege og andre ikkje. Sånn går verda vidare, for på akkurat det området blir ikkje "menneskeheten" betre.

Ha ei god natt og sov godt! Drøym søtt og godt!
Hasta luego! :=)

IWALY!!

1 kommentar:

  1. Hola senora :) Flott blogg :) Facerape kan være bare artig om det er snill tekst som blir publisert, men motsatt, kan det bli meget skadelig og trasig for den det går utover. Jeg har blitt facerapet mange gang, sikkert 5 gang bare i år.Alt har vært bare artig og jeg har ledd mye av det! Ha en fin aften, jomfruen :) Klem fra ho med det lysebrune pianoet :) <<<<

    SvarSlett