tirsdag 1. juli 2014

1.juli 2014





Det er lenge sidan eg var småbornsmamma!!  No har eg altså vore det for to herlege små born på 2 og 4 i lit over ei uke og eg seier det rett ut….. JA!!! Det er lenge sidan sist. All ære til dei som har små og må opp i otta for å ta seg av borna etterkvart som dei vaknar. 
Når ei lita pia så fint seier "tante" klokka halv seks på morgonen og augene går i kryss….. Say no more! Plutseleg er det fleire dagar der eg har brøda ferdigbaka før klokka åtte på morgonkvisten. Og når atpåtil ein av dei spør etter pizza…..til frukost!! Då er livet herleg!! Det var berre å hive seg rundt. Ingen skal påstå at eg til no, denne sommaren, ikkje har fått med meg dagane. 
Det er berre fint med små born som smiler og ler på morgonkvisten. Då kan ein ikkje anna enn å vere glad. 
Tanta har sjølvsagt hatt det artig med dei små, men berre ikkje fortel foreldra at eg har lært dei å geipe!!!

Med tre born i hus……Kva skal ein finne på? Joda, då fartar ein! Først til Kjeldebotn-dagane, for der er sukkerspinn og anna godt. Ikkje minst har dei hestar og gode pølser. Så drar ein på hyttetur! 
Sola uteblei dei første dagane, så bading på langgrunna i Herøyvika måtte vi berre slå ifrå oss. Men grilling i fjæra kan ein godt gjennomføre i sollaust vèr også, og det var eit sikkerstikk. Eit lite kubesøk gjorde også susen. 

Treklatring er alltid gøy. Det var nok berre "eldstemann" som fekk klatre såpass høgt opp. Han har nok litt betre trening i klatring. Han har si eiga hytte oppe i treet……..


Det som skulle til for at vi kunne få sol, var at vi måtte forflytte oss. Frå eine kanten av kommunen til ein heilt annan kant. Grunnvoll!! Sola kom og vi fekk verkeleg kose oss alle saman. Å kaste stein i fjæra er også gøy. Det er berre om å sjekke at det ikkje er fare for at enkelte skal få stein i hovudet. Alle som har hatt små born veit kor lett det er at motorikken kan svikte nokre sekundar i det ein skal kaste ein stein. Det skjedde heldigvis ikkje blant oss. :=)
Sol og fjæra. Ein verkeleg god kombinasjon. 

På kvelden har ein sol til klokka halv elleve. Det er ikkje rart at nett sola og dei fargane ho skaper er gjenstand for ein del biletetaking. We just love it! 

Stille på havet, sola som straks blir borte bak fjella, flo, lyst til å bade, men lar vere…….. Dette er kos. 

Fisking er obligatorisk! Aller helst med grønske på knerne! (Hahaha…….) Her er det nokon som har vore ganske ivrig i fotballspelinga og slengt seg i graset etter ballen. Buksa vitnar godt om det. Om det hjelper så mykje på fisket skal vere usagt, men det blir definitivt meir fargerikt. (Og kor er eg når eg tar biletet?? Eg har definitivt ikkje mobilen med meg uti sjøen!!) 

Har han fått fisk, mon tru? Her er det ikkje snakk om å legge seg tidleg. Er det sommar, ja då er det sommar. I alle fall i ein ung gut sitt hovud. 

For dei med friske bein er det riktig så fint å trø litt lengre opp i terrenget. Her er gutungen og eg på tur til Nisgamneset. Ein kjempefin tur når vèret er slikt som denne dagen. Ikkje lange turen å gå, men likevel nok til at ein kan seie at ein har trimma. (Noko som er veeeeldig nødvendig med tanke på kva som inntas munnvegen for tida.) :=)

Her er utsikt mot "Kjøspvik". Med andre ord ut fjorden. Kjøpsvikretninga er nok ikkje rett ut fjorden. Fjorden er slik at den går litt i svingar og greier……. Kjøpsvik ligg til venstre for biletet, bak fjella. 

Her er vi på toppen av neset. Utsikta mot "Bukta" og Sørfjorden er upåklageleg. Ikkje så langt unna er det også eit ørnereir. Ikkje havørn (faktisk!!), men kongeørn. Og sjølve ørna er diger!! 
Mange dagar krinsa ho rundt oss nesten rett over hovudet på oss. Kvar gong ho kom låg sjølvsagt mobilen inne og eg rakk aldri å få eit supert bilete av ho. Uansett….. Den var ganske så flott. 
Med dei to borna på 2 og 4 hadde vi nok eit ekstra auge på dei medan ørna krinsa over oss. Ikkje godt å seie om ho hadde ein plan eller to. 

Det beste med å vere borte frå alt sosialt liv (sjølv om det eigentleg har vore bra med folk her inne), er at ein får pause frå kva som skjer rundt om i Noreg eller verda elles. 
Enkelte vil kanskje påstå at det er viktig å halde seg oppdatert, men det er faktisk deileg å av og til kunne berre kople vekk frå alt det maset som media kjem med og berre eksistere på alle andre måtar. 
At eg ikkje har sakna hverken aviser eller anna fekk eg fort stadfesta då det var ein som hadde tatt med seg ei ny avis inn i fjorden. Framsida til VG var pryda av at ein norsk TV-kanal skal lage eit program der målet er at menn og damer skal gifte seg på første "date". Reality, my ass………. 
Å gifte seg under første møte er berre teit og no skal dei tene penger på noko så grundig useriøst som det. For meg blir det berre latterleg. At dei i tillegg har klart å "lure" med seg ein prest på konseptet…. Jaujau……
Så når det er det som møter meg av medieverda når eg først møter ho……Ja, då lar eg berre vere å bry meg om sjekke meir ut. Media er media. Jomfru Knutsen er Jomfru Knutsen. 

Julimånaden er starta opp. Det er mykje spanande som skjer denne månaden. Eg håper verkeleg at vèret held seg slik som det er no. Det vil vere lykke på jord. Og ikkje minst…….Eg har byrja å få farge på kroppen. 

Ha ein fortsatt fin kveld! :=)

Hasta luego!! 

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar