onsdag 18. juni 2014

Det er onsdag og i dag har vi gjennomført den tradisjonelle aktivitetsdagen med poster rundt på bygda, tinestafett og fotballkamper både mellom små og store. Vèret var greit nok, men det kunne nok ha vore hakket varmare.

Her er frå posten vår nede i "støa". ajøen er i og for seg i ro, men innimelloom ser vi at det regner. Heldigvis ikkje der vi står……...

Det er fint innover fjorden. Eg ønska eigentleg at det skulle bli sol i dag, for då hadde eg tatt turen på havet. 
I utgongspunktet var det meldt sol med sky frå i elleve-tolv-tida i dag og resten av døgeret.  Joda…… Det er få minuttar sidan regnet tok heilt av utanfor døra der, så akkurat det slo ikkje heilt til. 

Aktivitetsdag………Fotball……. Det betyr sjølvsagt lærarkamp. Av ulike årsaker var det einbetydande med at vi hadde ein mann mellom stengene, og resten av laget var kvinnfolk!! Oss mot ungdomskulen…. Joda, vi stod han av. Ingen blei skada og resultatet blei heilt greitt.
Etterkvart blei vi lit avhjulpne av ein mannleg kollega som var komen heim att, og tilslutt heiv jaggu meg rektoren seg med i kampen. 
Vi leda lenge 2-0 (!!!), men i slutten klarte dei å snike seg eit par mål. 2-2 får stå som eit greit resultat. Eg reknar med at det er enkelte vaksne som er lite gongfør i morgon. Når det går eit heilt år mellom kvar gong ein spring etter ein ball, går det gjerne slik. Det var i alle høve gøy! 

Eg har tidlegare fortalt om at eg må dele kontor med naturforskarar og at det av og til kan vere litt "skummelt". Under her ser du eitt eksempel på kvifor…..

Som om det er så herleg å sitte der og arbeide og samtidig vite at du har denne bak ryggen. Fisj……. Og det verste er jo at dei elevane som får sjå den berre elskar den. (Eit stygt monster!) Nok til at eg blir lettare stressa. :=)

Eg ligg her henslengt på sofaen (ikkje tv-sofaen). Alle andre er benkra foran skjermen og heiar på Australia. Eg trur det er Nederland dei speler imot og det er tydlegvis glede over at Australia har netta og leier. Eg har nok med at eg høyrer kommentatorane i bakgrunnen. Fotabllkvota mi blei brukt i føremiddag. Heller praktisk fotball enn på tv. 

Eigentleg har eg lyst å ta meg ein joggetur i skrivande stund, men eg trur glatt eg står over. Eg har ikkje noko ønske om å bli pissblaut no på kvelden. Sååå artig har eg ikkje tenkt å ha det. Då trur eg nesten heller at eg skal hive meg rundt og bake brød. 

Det er onsdag og midtuke, det er ikkje lenge til helg. I morgon skal eg hente to små tantenurk som skal på ferie. Det blir koseleg! Vi skal storkose oss og finne på masse gøy i fleire dagar, så difor ønsker eg verkeleg at vèret skal slå positivt ut for vår del. Opplevinga deira blir då så mykje betre og det er så mykje meir vi kan finne på å gjere då. Så viss nokon har spesielle evner og ønsker å "hjelpe" oss, ja då er vi evig takksam for det!! :=))))

No er det brødbaking og så attstår det å finne ut kor glad fotballsjåarane blir for det når eltemaskina startar opp. :=)
Ha ein fortsatt fin kveld og ha ei fortreffeleg god natt! 

Hasta luego!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar