mandag 16. juni 2014

Måndag 16.juni…..

Dagen i dag har inneholdt bra mykje forskjellig. Dagens opptur var definitivt når ein gutunge tok tak i jumperen min og sa så fint "Du er så vakker i dag når du har på deg denne." Wow……om ikkje det smelter ei kvinne, ja så veit ikkje eg. Eg ung sjarmør som kan sjarmere meir enn dei vaksne menna som burde kunne det!! Sukk < 3
Vakker……. Hahahahahaha……… Eg trur nesten eg må ha den på meg oftare!!

Då eg var på tur heim frå arbeid kvart over tre, var det ein liten kar som ringte og spurte om eg var langt unna. Eg sa som sant var at eg snart var på tur ut skuleporten. Eg høyrde eit lettelses sukk før han fortsatte med at eg ikkje måtte ta den vanlege vegen heim.
Eg tenkte sjølvsagt "Kva er det no han har gjort?", men det var faktisk av hensyn til meg at han sa det.
På parkeringa rett overfor huset vårt ligg det ein måse med måseungar. Alle som kjenner til måsen veit jo då samtidig at det ikkje  alltid er like trygt å nærme seg når det er snakk om nyfødte måser.
Onkelen blei delvis angripen av di han ikkje fekk med seg at dei låg der i "graset" (som forøvrig brukes som parkering kvar dag av fleire). Måsen var ikkje nådig!
Like etterpå kom det ei tenåringsjente som ikkje fekk med seg at måsen var der av di ho hadde blikket  på mobilen………heilt til måsen styrta ned mot ho eit par gonger. Det var ei som fekk fart på seg!!! (Eg trur nok det kom litt hyl også….Hahahahaha…….)
Så omtenksam som yngstemann er, så ville ha ikkje at mora skulle utsetjast for den faren ein måse kan utgjere. Difor ringte han og ba meg ta ein annan veg. Litt søtt då…..:)
No skal det seies at eg ikkje er redd måsen, så eg gjekk nok den vanlege vegen heim. Av ein eller annan grunn trur eg måsen er glad i meg, for den lea seg ikkje litt eingong då eg gjekk forbi. Den såg berre nysgjerrig på meg.
Måtte det ikkje bli sånn at området rett over her blir den nye hekkeplassen til måsen. Då kan det hende at vi må spele på lag med andre, ja. Èin måse er greitt, men fleire………neppe….!!

Eg tenkte at eg skulle ta eg ein tur til Grunnvoll i ettermiddag. Havet såg forholdsvis roleg ut, men eg veit jo at det ikkjebrukar å vere heilt det same lengre inn i fjorden. Det blei likevel tur, men eg skal ærleg innrømme at eg var lite høg i hatten på slutten av turen. Inni meg kom det nokre ord som absolutt ikkje eignar seg på trykk og eg angra definitivt på at eg tok turen.
Det var berre så vidt ein kom seg til kai, men det gjekk no på eit vis.

Målet med turen var eigentleg plenklipping, men det blei fort avgjort at her skal ein ut att med ein gong sjøen spaknar. Tida gjekk og utolmodig som eg kan bli, leita eg likevel fram plenklipparen. Trass for vått gras, fekk eg no tatt det grøvste.
Då eg såg at det blei litt rolegare til havs, tenkte eg at her er det berre å slutte av og kome seg i båten. Ut måtte eg uansett.
Ein av hyttenaboane der inne sa så fint "Sjøll om du har kjøpt dæ båt, betyr det ikkje at du skal sætt liv og hælse på spell for å kom dæ inn hit."  Eg måtte no flire litt. Vil ein inn, så vil ein inn. :=)
Eg ligg no her i senga, så det betyr vel at turen ut gjekk bra.

Fare for NRK-streik under fotball-VM. Nei, så synd!!! Huff og huff!! Eg trur ikkje eg overlever…. Eller rettare sagt…….så heldig er eg aldri. HAhaha…… Og det er snakk om allereie frå i morgon.
Eg tenker det er mange menn (og kvinner for den del) som er "nervøse" for utviklinga i lønsforhandlingane til dei ansatte i NRK. For min del har det ikkje nokoå seie. EG har framleis Wallander å lite på og denne dubbedingsen som eg sit og skriv på nett no, så ingen fare for at eg skal byrje å gråte av den grunn. Det er vel andre som kjem til å bli både sint, tverr og vanskeleg å ha med å gjere dersom det blir streik.
Dei får ringe meklingsmannen og seie at han må gje arbeidarane det dei krever.

Det er måndag og uka har starta med blant anna litt hagl. I tretida hagla det i alle fall utanfor her……. Ikkje bra! Vi er passert midten av juni og det er noko som er fundamentalt galt. (Det har no heile året for såvidt vore.
Enkelte sørpå trur at dette vèret ikkje er uvanleg. At vi ikkje skal bese av di det er dette vi er vokst opp med. For nokre teite haldningar, spør du meg……
Vel, no er ikkje eg vekse opp her nordpå, men det er no ikkje det som er poenget heller. Snør midt i juni har aldri vore normalt. Det hjelper ikkje kor i landet du bur. Det er riv ruskande galt. EG håper verkeleg at det rettar på seg snart, for det vèret som er no sørger for sure, gretne folk og mykje negative kommentarar om kor trasig alt er osv………
AKkurat no tenker ikkje eg lenger enn til onsdag. Då ønsker eg sol, ikkje for min eigen del, men rett og slett av di vi skal ha aktivitetsdag og at dagen blir mest vellukka for borna dersom det er sol. Smak av sommar, liksom .

Nei, det er på tide å blunde. Jomfru Knutsen ligg allereie under dyna og er stup trøytt. Det skal bli godt med ei lang natts svevn!!
Ha ein fortsatt fin kveld!! God natt :=))))

Hasta luego!

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar