mandag 9. juni 2014

Måndag 9.juni

Så var langhelga over. Eg har vore på hytta sidan laurdag og første dag var jo storveis, for då var det kjempefint vèr. Resten av helga har vore så som så.
Det er jo ei fin langfjære vi har, så minstemann bada der. Sjølvsagt hadde han eit ønske om at også eg skulle kome uti, men det blei med ønsket hans. (Viss eg då ser bort i frå at eg vassa litt.)
Sjøen var ikkje så ille kald, men eg følte ikkje heilt motivasjonen for å bade hadde inntruffe enno.






Helgas desidert "opptur" må ha vore den der nabokrangelen sørpå. Berre ved å lese framsida til VG helg, kjenner eg at latteren er nær. At det går an, liksom.
No veit eg at ei sak har fleire sider og at eg eigentleg etter å ha lese heile artikkelen veit like lite. Eg veit kva det drear seg om, men eg veit ikkje kven som har rett eller ikkje. Likevel, i teksten opererer dei med himla høge priser på noko rask og ein tar saga i eigne hender og kuttar herlegheita i to. For ei herleg saligheit, spør du meg.

Eg prøver no å sjå for meg kven eg har i nabolaget mitt, sånn berre for å vere føre var. Må jo vere sikker på at det ikkje bur nokre galningar her også.
Kanskje eg skal kjøpe vegen som går forbi huset vårt og så kan eg byrje å herske litt? Freistande……men eg trur eg står over.
Hadde det no vore ein nabo som sagde over garasjen. så kunne eg fått ein ny som er mykje større. Idèen er jo ikkje så ille, (joda),………. :=)

Tenk å bu i eit slikt nabolag?! Eg klarer ikkje heilt å sjå det for meg. At det ikkje eksisterer anna enn krangling. Eg trur eg lett hadde flytta på meg…..sånn berre for å få ro rundt øyrene. Ein kan jo vere sta og nekte å gje seg, men det spørs om det er verdt det.
Tilstandane der er jo verre enn det kjerringane i denne verda klarer å stelle istand.

Sjølv om det er heeeeeilt superteit at han der artigkaren har kappa "huset" i to, er et litt komisk og herleg også. Det betyr at han står på sitt og kjempar for det han trur på. (Eg håper sjølvsagt eg aldri må forhalde meg til han……med mindre han har avsatt deler av arven sin tilmeg då!!) :=)

Nesøya……Ein gong ein fredeleg stad å bu…….

No kan det hende at eg er "svimmel", men eg er ganske sikker på at eg ikkje er det. I stad prøvde eg å tenke etter kva tid eg var ute "på livet" sist. Sånn rundt rekna kom eg fram til at det er heile sju månadar sidan sist!! Ei heil evigheit med andre ord….
(No tar eg bort det faktum at korpset var på Gotland her for litt sidan….. Og der trur eg at eg var førstemann i seng!)
Sju månadar…..Jaja, det kjennes ikkje så lenge sidan ut, så då gjer det vel ikkje. Det tyder uansett på at eg kanskje bør bli litt meir sosial! Her må enkelte ta hintet!! :=))))))

Kva betyr eigentleg dette?? Er det på tide å innsjå at alderen held på å innhente meg? Aldri verda om eg innrømmer det!
Ikkje spør meg kva eg har gjort istadenfor. Eg trur ikkje eg kan gje eit godt nok svar til det.
No har eg jo sjløvsagt vore ein del på reis det siste halvåret, utan at det skal ta skulda for det. Nei, eg reknar med at enkelte som les dette tar hintet og då ordner det seg raskt! :=)

No kan det jo hende at ein viss Walander har skulda. Ikkje det at eg er særleg forelska i han, men eg har no vore ein god del på date med han den siste tida. Berre no i helga gjekk det med 250 sider med godeste Wallander. (Alle skal vere ferdiglest før sommaren er over.)
Det einaste som er litt dumt, er at eg er hakket smartare enn han. Eg gjennomskuar mordaren fleire hakk før han, og då er det ikkje like interessant å lese. Klua som forfattaren gjer, og som Wallander etterkvart skal openbare, blir gjennomskua av denne jomfrua før ein femtedel av boka er ferdiglest.
Jaja, eg er no i alle fall trofast som les heile verket utan å hoppe over noko,

Tenk om nokon kunne gjeve Wallander ei full spahandsaming og nokre timar hos Erlend Elias……..Eg trur han kunne trengt det. Kanskje han hadde fått litt betre dametekke då?! Kven veit…?
Ein aldrande mann med litt for mykje vekt og høgt sukkerinnhald i blodet. Han kunne trengt seg ei kjerring! (Ei streng ei.) :=)

Slik unngår du sveitteringane. Tja, dette er vel aktuelt for bra mange. Det er lite "hot" når menn (og kvinnfolk for den del) kjem gåande med DEI sveitteringane. Stopparein for å prate, er det eitt hundre prosent at ein legg merke til dei og då er det eit så stort blikkfang at det er umogleg å ikkje stirre på det. Og det er av og til (les som oftast) ikkje særleg innbydande.
Berre for å ha det sagt…..Det er ikkje joggarane eller andre trimmarar ein snakkar om, men den vanlege mann i gata på ein heilt vanleg dag. Kanskje ikkje lengre unna enn arbeidsrommet.

Gule sveitteringar kjem verkeleg opp i dagen om du treng å strekke deg litt. Då kan gode råd vere dyre! Sjå for deg at du er hypp på ei dame og akkurat når du står der og strekker på deg, ja då kjem ho gåande forbi. OG ja, ho ser armhulane dine. Akkurat der og då har du tapt. Lenge før du i det heile tatt har fått starta.
Likevel treng ein ikkje fortvile. Det fins jo superenkle råd mor dette. :=) Ikkje så enkelt som at du sluttar å sveitte, men det fins pads (alle kvinnfolk veit kva pads er) til å putte på innsida av skjorta. Om ein fester pads´n der, absorberer den sveitten din og vips…..du har eitt problem mindre. Flotte greier.
Om eg ikkje tar heilt feil får du kjøpt dei både på klesbutikkar og sjølvsagt på apotek. Det er jo nesten å klassifisere som eit "helseproblem", og då er det klart at eit apotek har det. (Neida……Eg berre tullar… men dei har det nok på eit apotek likevel.) :=)

Det er straks på tide å avslutte kvelden. Eg skal berre gløtte litt på tv-skjermen først. Ha ein fortsatt fin kveld og god natt når den tid kjem. :=)
Hasta luego!

IWALY!!!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar