torsdag 5. juni 2014

Torsdag 5.juni

Ein herleg soldag!! Dette kan eg bli vant med, men eg reknar stort med at eg ikkje skal bli alt for håpefull.

Eg har vore på Grunnvoll i ettermiddag og på turen ut, då vi skulle passere Trondskjæret, såg eg dette. Min eigen lille stoltheit på tur i sjøen. Her er han i lufta…….. Eg er sikker på at det var iskaldt, men det ville han ikkje innrømme.
Det er artig at vi har eit så fint område som borna kan kose seg på.
Er det rart eg håper på mange slike dagar? Dette må jo berre "vere livet" for borna! 
Sjølv kunne eg eigentleg tenke meg å bade sjølv, men heldigvis har eg vit nok til å la vere. 


Vi har hatt problem med den eine grasklipparen i fjorden. Her er eg nøgd med at den, etter å ha vore i frå i mindre bitar, startar utan at eg treng å ta i i det heile. 

Det var stille på havet, så det var riktig så deileg å cruise bortetter sjøen. I og med at det i tillegg har vore sol i dag, har det vore mogleg å brette av seg litt klede. (Men på bileter skal ein vel kanskje vere litt anstendig.) :=)

Etter å ha brukt litt energi ute i det fri, er det ikkje rart at eg er litt trøytt i skrivande stund. Klokka er enno tidleg kveld, men det er no rart med det. 
Lasagnen står i omnen til steiking. Sein middag kallar vi det. Det er slik det må bli når ein vil ha med seg mest mogleg av ettermiddagen i herlege omgjevnadar. Gutungen tok heldigvis til takke med pølser i dag, så då trengte eg ikkje å stresse med middagen. ERgo er det straks klart for deileg mat og drikke i dette huset. Etterpå blir eg vel å ligge som eit slakt. Kanskje Kurraas neste??? 

I morgon er det plutseleg helg att. Ei lang ei sådan. Det er jo pinse…… Så spørs det kva ein skal finne på ei slik helg.
Akkurat no er det lite hjerneaktivitet å spore, så det blir nok ikkje tatt noko avgjerdsle i kveld. 

I dag høyrde eg at området borna bader på (som vist på biletet lengre oppe) har fått status som framtidig industriområde i kommunedelsplanen. Eg veit ikkje om det er tilfelle, men eg håper verkeleg at det ikkje stemmer. 
No er det riktignok ikkje planlagt noko aktivitet der med det første, men det opnar jo for det i framtida i såfall. 
I dag er dette området stort sett det einaste som egnar seg til bading og kos for born og familiar. Det er eit område kor mange samles og verkeleg har det som kalles kvalitetstid. 
Før i tida var ikkje dette området reint nok til å brukast, både med tanke på kloakk og skit, men i dag er stoda ei heilt anna. I dag er det heilt utmerka å bade og grille der. 
Nettopp på grunn av at området er så mykje i bruk når det er godvèr, er det veldig synd om ikkje det skal tas betre vare på enn at det i framtida kan risikere å forsvinne til industrien. La oss håpe det ikkje skjer!!

Jeg var et barn. Nå er jeg mann. Jau, jau….. Det er Justin Bieber som har uttalt desse orda. Snakk om skivebom! 
Greit nok……..Mange liker musikken hans, og det er jo greit. Alle må jo få like den musikken dei sjølv vil, men eg tviler på at han har særleg stor respekt på andre område hos så mange. 
Justin Bieber som er avslørt medan han syng at han drep svartingar og at han digger Ku Klux Klan…. Han er blitt ganske god på det der med å drite seg sjølv på leggen. (Det er ei stund sidan opptaket som er avslørt blei gjort….men likevel.) 
Det kan rett og slett virke som om det er nokon som har gløymt å fortelle han litt om livet og haldningar som er gått ut på dato for lengst. 
No påstår han altså at han er blitt mann. Då er det kanskje på tide at han startar med å vise det! 
I mine auger er han berre gutungen. Oppførselen han har vist dei siste månadane har vitna om at ikkje heilt kan titulere seg som mann enno. Han er blitt stempla som ufordrageleg etter visse hendingar…. Så då er det berre å håpe at dei som diggar han ikkje blir påverka og følger opp det han gjorde som "ung". 

Riises bryllaup.  Skorne til brura var dobbelt så dyr som kjolen! 
Hmm…… Då hadde eg aldri turt å ta dei på meg. Eger ganske sikker på at ho ikkje akkurat hadde noko billigkjole på seg, og ergo må det bety at skorne var DYRE!! Eg har aldri skjønna det der med at ein har behov for å føle seg så vel at ein må ha det dyraste av det dyre. I mitt hovud blir det berre tåpeleg. Det burde vere andre ting som sørga for komforten nett den dagen. Kjærleiken, sånn berre for å foreslå noko. 

Ho har dei sjølvsagt av di ho har råd til det, så sånn sett er det jo heilt greit. (Berre ikkje i mitt hovud.) Likevel syns eg verkeleg det set ting litt i perspektiv. Når store delar av verda går rundt og er svoltne, så blir skorne overflatiske. 
Eg er sikker på at dagen ville ha vore minst like vellukka om skorne hadde blitt kjøpt på Eurosko. (Berre for å sette det litt på spissen.) 
Eg er i alle fall glad eg aldri kjem til å hamne i noko situasjon der eg har sjansen til å velge slike dyre produkt som det. Takk og lov for det. 
Skulle det ein dag vise seg at eg berre blir materialistisk, ja då håper eg at nokon fortel meg det og seier til meg at eg må lande på beina att. 
Måtte dei leve "happy ever after". :=)

Ingrid Espelid Hovig er 90 år! Åååååå, eg hugsar ho godt frå eg var born og ungdom. Eg har alltid likt ho. Ho er eit flott menneske. 
Eg var ikkje heilt sikker på om ho er i live enno, men det er ho jo no når eg veit ho er 90 år. 
Det er ikkje få gonger eg har fulgt med ho på tv! 

Det er slett ikkje rart at ho har fans i alle aldrar. Det går ikkje an å ikkje like ho. I tillegg er det nok mange som har lært å lage mat av ho. Eg tippar det er ein stor prosentandel av folket her til lands som har prøvd seg på rettar ho har laga på tv. 
Fjernsynskjøkkenet! Det må vere lenge sidan. Tar eg ikkje mykje feil, slutta dei med å sende det på slutten av nittitalet. Eg såg det i alle fall i tenåra, så noko særleg mykje tidlegare kan det ikkje ha vore. 

Det som er litt artig er at i byrjinga ville dei ikkje godta at ho snakka slik ho gjorde og framleis gjer. Viss ho skulle på skjermen måtte ho snakke bokmål. Det nekta ho, så heldigvis tok dei til vit og lot ho få køyre programmet likevel. 
Påskuddet dei brukte for at ho måtte snakke bokmål var at folk ikkje kom til å forstå ho. Hahahaha….. Som om det ikkje er kleint å prate noko anna enn det ein gjer til dagleg. Det er jo berre kunstig. Det er det vi gjorde då vi leika med Ken og Barbie. Nei, dama er jo rå, og ho har nok ikkje sørga for at mange ikkje har forstått korleis dei skal lage mat pga dialekta. :=))
Gratulerer så mykje med 90 år til Ingrid! 

Nei, det er tid for mat, så ha ein fin kveld og sov godt til natta. 
Hasta luego!

IWALY!!!









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar