tirsdag 3. juni 2014

Så var ein heime att. Sjølv om det har vore ei fin uke på tur, var det deileg å sove i eiga seng i natt.
Når då til og med vèrgudane er på mi side, ja då er det berre deileg! Det er rett og slett følelse av sommar.

Eg er akkurat komen heim frå fotballtrening og har fått satt ein brøddeig. Eg baka før eg dro på tur, og i går kveld blei siste brød tatt opp. Så snakk om god "timing". No er det straks nye…….
Heimlaga brød er kanskje det eg har sakna mest den siste uka. Det har gått mykje i loff med nugatti eller syltetøy på. Ergo var det riktig så godt med frukost i dag. Og ost!!!

Heimreisa i går gjekk for det meste heilt greit, men "for det meste" kan jo også bety at det var noko som  ikkje var heilt perfekt. Nesten er ikkje alltid nok.
Vi landa faktisk litt før tida i Oslo. Ergo låg alt til rette for at vi ikkje skulle trenge å stresse. Men det var nett det som skjedde. I og med at vi enno ikkje hadde fått bagasjen når det berre var tjue minuttar att til flyet skulle lette, må eg innrømme at det var litt og kvart som spant rundt nede i magen.
Vi fekk til slutt bagasjen og skunda oss opp for å levere den.
Der fekk vi beskjed om at det kanskje ikkje ville gå. Dama i skranken ringte og spurte om vi kunne få sende den avgarde (den var innsjekka heilt frå Roma og "heim"). "Ett minutt får dere. Og så må dere springe!! Dere skal helt til utgang 19E." Jeeeeezes, seier eg berre. Først lang kø i sikkerheitskontrollen, så måtte vi gå lengre enn lengst, indst inni indst osv……. Det er visst komen ein ny tarm med utgonger der nede, og vi skull esjølvsagt ytterst i den.
Vi nådde flyet…….på overtid. Halvsveitt og vel vitande om at vi ikkje kom til å lukte særleg bra til vi kom heim (pga delvis løping) kom vi i alle fall med flyet. Svoltne og trøytte.

No er det tysdag det har vore ein særdeles fin dag ute. Enkelte har tatt turen til fjells i dag, eg har vore på bana.

Tida nede i Roma blei brukt til alt anna enn nyheiter frå Noreg. Kanskje litt dumt å ikkje følgje med på dei, men samtidig er det så vanvittig godt å berre kople av frå alt saman.
Det skjer så mykje "rart" rundt omkring og då kan det vere greit å få ein pause frå det.
Eg har jo trass alt hatt anna lesestoff. Wallander! Eg rakk akkurat å blo ferdig, så i kveld startar eg opp med neste bok. Eg hugser ikkje heilt kva den heiter, men det er no neste boka i serien. (Har eg først byrja på den, må eg nok fullføre den……)
Boka eg nett er ferdig med heiter "Den femte kvinnen".

Speedoen er tilbake! Eg trur eg kveles. Verdas kanskje mest omdiskuterte plagg er jaggu meg på tur til å seile opp på motelista att.
No skal det seies at badeshortsane mange har brukt dei siste åra faktisk er i lengste laget. Det fins faktisk ein mellomting mellom speedotruse og dei shortsane som har vore mest in.
Ein kan jo stille seg spørsmålet om kva som er så kult med å bade i ein shorts som når deg ned til knerne?! Om eg ikkje tar mykje feil, blir dei lange shortsane kalla for fjortis-shorts sjølv om også litt eldre mennesker bruker dei også.

Det heile handlar no mest om å tilpasse seg etter kva ein skal gjere. Det er nok meir praktisk å bade i ein kortare shorts og det gjeld vel for såvidt nårdet kjem til soling også.
Den skal ikkje vere så kort at du kan risikere at noko henger utfor, men kort nok til at du kan vise fram den veltrente stumpen din. DÅ har du valgt riktig shorts!! Hahahaha…..

Det er ein moteekspert som seier at ein godt kan bruke speedo dersom ein har kropp til det. Det betyr med andre ord passe stort utstyr, ingen pondus, ingen pels og ein god porsjon sjølvtillit.
Joda…….Eg kan vere tilbøyeleg til å kome han urpitelitt i møte.
No skal det seies at dei fleste eg har sett i speedotruse på dei ulike strendene eg har vore på, er gjerne menn med litt pondus og kanskje ikkje heilt "rette stellet" og vise fram. (Nei, eg har ikkje stirra!!! Hahahaha…….) Det er klart det er med på å sette arr på hjernen og påvirke haldningane i forhold til speedotrusa og bruken av den.
Så hadde bruken vore avgrensa til dei som verkeleg har kropp for det, så kanskje………. men i mitt hovud er speedotrusa ikkje bra……uansett kropp!!
Viss det er no er slik at den er på veg oppover på lista når det kjem til popularitet, trur eg at eg får halde meg inne.
Det hender jo at det fins enkelte pervoar der ute…..også på stranda. Eg syns det er likast at vi slepp å vere vitne til det. Ein shorts skjuler i alle fall litt.

Den korte snekkerbuksa. Hot eller not? Skjønna eg det ikkje. Det er berre tre dagar sidan eg stod i ein butikk og vurderte å kjøpe ei slik bukse, men fann ut at det ville bli litt vel heftig. No veit eg ikkje….. Kanskje eg skulle kjøpt ei?
Når ein er sånn høveleg rundt 40-talet, må ein vel byrje å skjønne at ein ikkje er ungdom lenger. (Akkurat DET var ikkje noko innrømming frå mi side…..berre så det er sagt!) Så for å unngå at enkelte skal tru at ein er hamna i ei eller anna alderskrise er det nok til det beste at eg lot vere å kjøpe den. (Men den var stilig!)

Klokka er straks åtte no og mesteparten av kvelden er att. Det er på tide å få glunten inn og i dusjen. Klokka er nok litt på overtid, men når borna koser seg med å slå ball her ute, syns eg dei skal få helde på litt ekstra. Det er jo så lyst og fint ute. I tillegg er det jo straks sommar!

Ha ein fortsatt fortreffeleg fin kveld og sov godt til natta!
Hasta mañana!

IWALY!!!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar