tirsdag 10. juni 2014

Tysdag 10.juni

Halle betaler eksen 96000 kroner hver måneden.  Det er det som kalles skyhøgt bornebidrag. Halle Berry har delt omsorg med eksmannen og må likevel betale bidrag kvar månad. Eg trur eg er glad eg bur der eg bur!!
Vel, no tener ho sikkert stinn i pengar, men eit slikt skyhøgt beløp går nok ikkje til direkte bru overfor bornet. Eg vil tru at den som nyt best av det er bornefaren sjølv. (Kvifor kjenner ikkje eg nokre kjendisar eg kunne lagt mg etter????) :=))))))
Jaujau…..

George Clooney skal faktisk gifte seg!! WOw……Han som påstod at det er ingen som held ut med han. Ni skal han smis i hymnenes lenker. Heldige Amal. Eg skulle gjerne ha vore floge på veggen i det bryllaupet. Han har lova at han skal gjere sitt ytterste for at bryllaupet ikkje skal bli som eit sirkus.
Byen er Venezia……..Skjønte eg det ikkje. Romantisk er han jaggu meg også, han der gubben.

Akkurat no trur eg at det fins mange misunnelege kvinner rundt om i denne verda. For kven er det ikkje som vil kapre det flotte dollargliset hans?
September er månaden, så han har enno litt tid til å fikse på detaljane. Og for oss vanlege "dødelige" er håpet ute. :=)

Han har mistet draget på damene. Brad Pitt!! Hahahaha…..Som om det kom som noko sjokk?! Når ein mann passerer ein viss alder, er det lite hot å ha langt hår og i tillegg ha det i hestehale. Er det rat han taper for den yngre garde? I´m just asking.

Barn tvinges til sexsalg under VM. Ja, ein så stor "happening" må heilt klart ha sine baksider. Elers ville det vore for godt til å vere sant. At det er born som må li for det, gjer det enno verre.
Eg skal ikkej påberope meg at eg veit definisjonen på "born" i alder i denne samanhengen, for eg reknar med at ein 15-åring også reknast som born………, men eg er rimeleg sikker på at vi sikket må enno lengre ned i alder for å finne det som er tilfelle.

Det er straks tid for å benkre seg foran skjermane rundt omkring. For dei som ikkje har dei rette kanalane er det berre å oppsøke forskjellige utestader som viser kampane, og dei er det nok av.
Medan "vi" sit foran skjermane og heier eller kjeftar på dommarane, kjempar desse borna det er snakk om for livet sitt. Eg trur nesten eg kan påstå at det er det dei gjer. Ein fæl tanke…..
Og slett ikkje alle skal benkre seg foran ein skjerm……Det er mange som skal sjå kampar "live". Turistar som skal til Brasil for å sjå fotball. Det er blant dei at dei skumle er. Det er blant desse turistane fleire sexkjøparar er.

For dei som kjenner til Brasil ifrå før, så veit dei at det ikkje er av dei rikaste landa i verda. Det er eit land i vekst, men enno er det stor fattigdom i landet.
Eg veit ikkje om det er eit OL/VM-fenomen det der med at dei legg slike store arrangement til nett dei stadane dei gjer.
No har vi nett vore vitne til OL i Russland og plasseringa av nett det arrangementet. VM i Brasil er ikkje noko likare! Det legges til eit område kor fattigdomen rår. Over halvparten av folket rundt området lever under fattigdomsgrensa. Nett dette er kanskje ei av årsakene til at borneprostitusjon er så utbreidt. OG når eg les at born heilt ned i sju-årsladeren blir brukt, ja då får eg nesten tårer på kinnet mitt. Eg kjenner det djupt inn i magen og eg eg får nærmest frysningar av det. Sjuåringar!!
Vi lever i ei kvalm verd!

Hotellansatte, drosjesjåførar, narkotikahandlarar…….osv….. Dei held kontroll på alle dei som ikkje er gamle nok til å kome inn på utestader. Sexkundane strøymer til.
Kva gjer ein eigentleg når ein er vitne til slikt? Kva om eg hadde vore i Brasil nett no og sett at dette faktisk skjer? Mine eigne auge som vitne……..
Det fins eit telefonnummer ein kan ringe, men kor mange born klarer dei å redde ved at denne telefontenesten blir brukt?
Det er sjølvsagt betre enn ingenting, men det er ei skam at dei ikkje gjer meir for desse fattige borna.
Når hotellnæringa, blant anna, får større og større aksept for denne forma for handel, er det verkeleg nokon som må gripe inn og få det stoppa no.
Heile verda burde ha fokus på det og heile verda burde droppa å reise dit. Og ja, eg veit at fotball er heilag for mange, men det fins viktigare ting i denne sjuke verda enn å sjå fotball. Sjølv har eg ikkje tenkt å benkre meg foran skjermen for så å skryte av arrangementet i ettertid. Det eg ikkje ser sjølv, kan eg heller ikkje skryte av. Enkelt og greit

Fotball som i utgongspunktet skal stå for god sportsleg ånd, fellesskap, samhald, positivitet……. Vel, det kan sjå ut som at baksida ser totalt annleis ut.

George Clooney skal gifte seg i Venezia…..gamle mannen. Han kan få nett kven han vil. Bornesexslavar i Brasil vil neppe bli gift, og kanskje heller ikkje vekse opp og få oppleve den gode sida av livet. Nett det set ting i perspektiv.
Clooney kan gjerne seie at han ikkje ønsker eit stort bryllaup og minst mogleg styr, men kva om han kunne brukt dei pengane han tener på det for å bekjempe bornesex? DET ville vore ein fin gest.
Sambuaren til Clooney sin far seier jo så fint at han er imponert over det politiske engasjementet til Clooney og ikkje minst det humanitære engasjementet. Kva humanitært arbeid han har vore ein del av har ikkje eg snøring på, men dette kunne såvisst ha vore eit fint bidrag.

Klokka er straks midnatt og unge jomfru Knutsen er på tur i seng. Eg har akkurat sett sesongavslutninga til Greys Anatomy………Sanninga er at eg ikkje er så stor fan av sesongavsluntningar. Det er slett ikkje alltid at dei ender som eg ønsker. Jaja….. No er det straks natta og så er det ny arbeidsdag i morgon. :=)
Ha ei god natt!

Hasta luego!

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar