søndag 1. juni 2014

Siste dag i Roma!! Og det er varmt! Veeeeldig varmt. Vi sov litt lenger i dag. Spør du meg, er svaret at det var deileg. Eg reknar med at du vil få same svaret hos dei fleste. (Alle.) Frukosten tok vi på ei sjappe lenger borti hugget før vi tok bussen til andre sida av elva og Peterskyrkja, Vatikanstaten.

Å ta buss i Roma innebærer at ein i alle fall ikkje blir åleine på bussen. Med andre ord er det ganske så folksamt og ein er heldig om ein får seg ein sitteplass. Heldigvis er det ikkje snakk om så alt for lang tid ombord, men litt er det no…….

Peterskyrkja! No såg eg ho jo frå busstaket her om dagen , men i dag på nært hold, var det første eg tenkte "WOW!!" Den er verkeleg stor og fantastisk fin. For eit arbeid som ligg bak noko slikt! 
OG kor folksamt det er der!! Det var så mykje folk der at eg trur at køen for å kome inn var på minst 500 meter, og då er det ikkje snakk om ein og ein i breidda. Jeeeezes, seiereg berre. Det tok motet ifrå oss alle! Det vil ta nokre timar å kome seg fremst i køen på ein slik dag. 



Her er jomfrua sjølv inne på plassen foran kyrkja. Blikket er retta mot den valdsame køen…….

Fonetene var det også der. Eg gløymte å sjå om det er ei fontene ein kastar mytar i eller ikkje. Slike finst det uttallige av her nede. Eg trur det meste går til veledigheit o.l. 

Her er då delar av køen. Du ser at det kø i fronten heilt til venstre på biletet, og så går den langs heilesøylerada og fram til kyrkja. Køen startar mykje lengre bak, og den ender mykje lengre framme enn det eg klarte å få med på biletet. Om at det er av di det er sundag, ja det veit eg faktisk ikkje. Det eg imidlertid veit, er at eg såg ein stor plakat om at det skal skje eitt eller anna som har med Paven å gjere i dag og i morgon. I morgon er det jo "The Republic Day". 

Det er like mykje folk eller omkring i dag. Det er ikkje berre berre å ta seg fram .

Vi shoppa litt på den sida av elva også før vi tok bussen heim att. Då var det verkeleg varmt og kleint å ta buss, men det er it stykke å gå, så det var nok uansett eit betre alternativ. 
Trøytt av varen var det fleire som var. Eleven som var ved sida av meg duppa med potemonien så fint mellom hendene, så den tok EG. Eg fann ut at det ville vere det sikraste. På ein smekkfull buss kan det meste skje! Slik er det berre. 

Dei fleste hadde behov for ein tur på hotellet og ein dusj før lunsj. Sveitten renn jo i denne temperaturen. Sjølvsagt var det ikkje berre vi som hadd etenkt på lunsj, så det blei no litt køståing for å få bestilt mat. No har vi spist våres siste lunsj her nede!

Etter lunsj splitta vi oss opp. De fleste ville bruke dei siste euroane dei har på å shoppe. Kanskje er det nokon som blir happy for bygåver. 
Gutane har for det meste spara på pengane sine. Dei har ikkje hatt råd til å handle av di dei trng båtbensin i sommar!! HAhahahahaha……… Reiser til Roma og sparer på pengane for å bruke dei på bensin! Haha…. Forstå det den som kan. 
No skal det seiast at dei har imponert litt i dag! Dei fleste har faktisk handla, så det er ingen som kjem heeeeilt tomhendt heim. No har alle fått seg eitt eller anna Roma-plagg, og godt er no det. 
Til og med eg fekk til å handle i dag. Eg dilta etter eit par av jentene, og då hana eg sjølvsagt inne på ein klesbutikk. Då ordna det seg….. :=)))

I stad såg eg DEN limousinbilen!! Fytti katta. Den var verkeleg lang. Eg trur kanskje det var nokon som gifta seg i dag og at det var difor den var der. (Utanfor storkyrkja vår borti gata her.) 
Så no vil eg også gifte meg i Roma!!!! (Med limousin!!)

No held alle på å gjere seg klar for kvelden. Siste restaurantbesøk for denne gong. (Eg seier for denne gong, for dei fleste har kasta mynt i Trevi-fontena og det heiter så fint at ein då er sikra å kome attende hit!)
Vi skal pynte oss med kjole og greier, forhåpentlegvis ikkje gutane, dei kjem nok i finskjorte og liknande. I kveld køyrer vi stil! Det blir koseleg. 

Eg er ferdigpakka (sånn nesten), og eg vil tru at eg er den einaste. Enkelte av dei andre gruar seg nok litt til den biten. Eg veit ikkje heilt kor mange handleposar det er inne på det eine rommet. Eg blir i alle fall like fasinert kvar gong eg ser inn dit. Enkelte er betre på å shoppe enn andre. 

Det er litt vemodig at det no er tid for heimreise. Men det betyr jo berre at vi har kosa oss masse. Enkelte gleder seg nok litt til å kome heim, for det er alltid godt å kome heim etter reise, medan andre gjerne skulle ha vore ei uke til. 
I morgon tidleg, halv ni, blir vi henta, og då går resten av dagen til heimreise. Er vi heldig, rekk vi å få sjå litt av Stetind-besøket i dag. Eg håper det. Vi er i alle fall heime litt over sju. 

Roma er verkeleg å anbefale. Eg vil gjerne attende hit. Det er mykje eg ikkje har fått opplevd her enno. Det å kunne sitte ute under open himmel på ein restaurant og ta seg eit glass god vin til maten…… Roma er jo ganske romantisk på kveldane. 
Eg kan lage ei heil liste over kva eg enno har ugjort, men eg trur eg skal la det ligge for no. Eg skal uansett attende. 

Ha ein fortsatt fin kveld! Det skal vi ha. :=)
Hasta luego!

IWALY!!!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar