søndag 15. juni 2014

Wallander har aldri følt seg meir åleine!! Og eg les for harde livet og er starta på ei ny bok. Eg veit ikkje kva eg kan gjere for å få han til å føle seg betre, men eg får berre fortsette med serien til eg ein gong blir ferdig.
Han har i alle fall nok av liv å ta av, så eg reknar med at han overlev i dei neste bøkene også. Det blir litt som Harry Hole, berre at Harry ikkje akkurat den som føler seg så frykteleg åleine.
No har eg sett eindel Wallander-filmar, men eg er rett og slett ikkje sikker på om om eg hugser om han ender opp med eitt eller anna kvinnfolk til slutt. Han er litt lik Harry på det området. Harry ordner seg det eine kvinnfolket etter det andre, men det då snakk om ei eindremisjonsberte, frelsesarmèberte og leiar for AA (berre for å ta nokre). Wallander har det med å ende opp med ei eller anna hore (ein sjeldan gong), ofte veit han ikkje om at det er ei hore og kjem i det dilemmaet at han "må" betale. Det kan han jo slett ikkje av den enkle grunn at han er politimann.Så då blir han berre sint og hiver dama ut og forbanner seg sjølv for å ha gått i fella. (Som regle skjer det medan han er full og i eit humør som gjer at han er deprimert.)

Hører hjemme på soverommet. Eg har fleire gonger tidlegare kritisert journalistar for å pynte på sanninga berre for å skape eit behov for å opne ein artikkel. I dag er det ein sportsjournalist som har gjort akkurat det. Med teksten "Hører hjemme på soverommet" og bilete av to menn liggande på bakken i "heit" omfavning, er det nok mange som tenker at her er det to menn som plutseleg har gått litt lenger enn kva som er bra på trening. To som speler ilag som blir litt seksuelle ilag.
Eg, som sikkert mange andre, lurte på kva dette var……og opna sjølvsagt for å sjå. Denne gongen kan eg faktisk påpeike at eg skjønna det var snakk om noko heilt anna enn det dei prøvde å antyde. Som det heiter så fint…..Av erfaring blir ein klok.

Det heile er snakk om to spelarar som får lyst til å ha det litt skøy. Det er det eg vil kalle barnleg og som eg håper flest mogleg vaksne ikkje vil vere redde for å vere.
Dei legg seg på bakken og tar tak rundt kvarandre og rullar bortover fotballbana i full fart. Det er noko vi fleste ein eller annan gong har gjort (eg syns sjølv det er hakket artigare om det er nedoverbakke og snø.)
Dei rulla bortover, flira og reiste seg opp og spelte vidare. Ei kul trening med andre ord, og alt anna enn det denne journalisten prøvde å få oss til å tu for å få flest mogleg treff på sin artikkel. Kanskje han higer etter "mest lest"- tittelen.
Viss slik rulling er noko ein forventar at skal flyttast til soverommet, ja då har journalisten seriøst eit problem. :=))
(Han skrin faktisk "heftig fransk treningskos" og biletet er fryst på ein slik måte at det ser ut som dei ligg på graset og kliner…..jaja….)

Det er sundag og helga er straks over. Det har slett ikkje vore noko kjensle av sommar, men den kjem vel snart, håpar eg.
I går var vi på turnering, i dag har det berre vore rein avslapping her heime. I morgon er det ny arbeidsuke att, ei uke som er fylt med mange ulike aktivitetar som eigentleg "krever" litt godvèr. Difor kryssar eg fingrane for at det blir så, men meldingane på nettet viser ikkje akkurat det vi håpar på. Likevel, det er lov til å vere optimist, for kor mange gonger har ikkje dei meldingane slått heilt feil til?
So, I´m hoping. :=)

Ha ein fortsatt fin sundag. Kvelden er forsåvidt ikkje byrja enno, så det er enno lenge att av døgeret til  å finne på ulike sprell.

Hasta luego!

IWALY!!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar