onsdag 4. juni 2014

Boksen går er faktisk gøy, enno!! Hahaha……. Eg har sprunge tulling i dag. Eg har lekt boksen går med ungdommen og sjølvsagt var eg så smart at eg tibaud meg å stå først. 60 var talet eg skulle telle til.
(I første omgong……….)
Det byrja jo bra. Heldigvis er eg ikkje av dei treigaste når eg spring, så eg fekk tatt bra mange. Lykkeleg over at det gjekk så bra………enn så lenge………for så å bli henta ned på jorda at!! Eg blei litt for dristig og plutseleg var det ein som hadde ein god del kortare veg til boksen enn eg…..Det seier seg sjølv korleis det gjekk. Det var berre om å tell epå nytt. 50 denne gongen. Så 40. Så 30. Så 20. Så 10. Så 5!! Ikkje lange tida å gøyme seg på.
Gud kor artig det var "å gå i barndommen igjen". Eg har ikkje leika boksen går sidan eg var bra ung. Eg trur jaggu meg at det ikkje skal bli lenge til neste gong eg hiv meg med på det. :=)
God trim er det også…

Alice Cooper - en viss skral sjarm. Jaujau….Då må no eg flire litt. Kva tid har Alice Cooper utvist noko som helst form for sjarm, om eg tør spørre? Det er vel ikkje akkurat slik at det oversminka andletet hans nokon som helst gong har vore sjarmfullt.
Alt det svarte som smøres rundt augene minnar heller om eit spøkelse (utan at eg skal skryte på meg at eg veit korleis eit spøkelse ser ut).
Likevel…….Viss sjarmen hadde kunna ligge i musikken, kan ein kanskje finne nokre fine låtar.
Sanninga er faktisk at det er dei som speler "hard" musikk er dei som har dei finaste balladane.
Glam-metal-kiser………Joda, trange og svarte jeans kan jo vere sexy på enkelte, men sett i samanheng med langt og svart hår, lær, nagler…..osv….. Det kan bli litt vel mykje. Dessutan skal ein jo kunne vrikke litt på seg, og då er ikkje alt for trange jeans det som er mest smart å bruke.

Eg har lest anmeldelsen av Alice Cooper-konserten som var i Kristiansand her nyleg. Etter å ha lest den, sit eg att med følelsen av at skribenten ikkje kan ha vore der og lytta til musikken. Det står stort sett ingenting om musikken som speles. Forutan Alice sjølv, består jo bandet av andre mennesker. Ikkje eit einaste namn er nemnt.
Kva han eigentleg syns om sjølve konserten, tja det veit eg faktisk ikkje. Han har vore mest opptatt av å skrive om danserinne i sjukepleiaruniform, skinnpisk, falske dollarsedlar og at rekvisitane mest sannsynleg er kjøpt på Nille. Så det betyr vel kanskje at han eigentleg ikkje har peiling på musikk og prøver å skjule seg bak alt det andre?? Eller…?
Kan det vere at VG har sendt feil mann til denne jobben, eller kan det hende at han berre er blitt kasta inn i det som reserve for den som eigentleg skulle?

Det er nok ikkje snilt å skrive så negativt om ein mann som sikkert har gjort sitt beste, men når ein skal anmelde ein konsert for ei av landets hovudaviser, ja då er det klart at ein har visse forventningar i forhold til kvalitet og liknande. Ein blir ikkje musikkanmeldar om ein ikkje har peiling på musikk. Så enkelt og greitt er det.
Dessutan, om ein kan ha ein jobb der ein faktisk har makt til å trykke enkeltindivid ned av di ein ikkje likar musikken deira, ja då må ein tåle at vi faktisk har meininger om skribenten også.

Når klesvalget er det som sit att etter ein konsert som dette…….Tja, det seier litt. Alice Cooper er litt for kjent til det……..
(Berre så det er sagt. Han fekk terningkast 4. Det er jo slett ikkje så elendig, og ergo må jo skribenten ha likt noko av det han høyrde. Det er berre rart at han har gløymt å nemne det…)

Forbudt å dø! Ja, no har eg "sett" det også……at det fins stader i denne verda der det ikkje er lov til å døy! Hahaha…….. Kva er liksom straffa du får om det skulle skje?
Det er i det britiske parlamentet at reglane er slik. Jaujau, seier eg berre.

Det er mange rare reglar rundt omkring. Det viser jo dette første dømet. Her kjem nokre fleire….
I California er det ikkje lov til å sykle i bassenget. Oooooo….. Så kjipt!! For det ville jo ha vore det første eg kunne komme til å gjere om eg hadde hatt lov til det. Kven sykler i basseng liksom?
Eller denne……Bornet må ha normal frisyre. (?) Texas. Er det born som ønsker å sjå litt spesiell ut, er det berre å skuffe dei.

Forbud mot å kile en kvinnn med fjærkosten. Hahahaha……Det er jo den beste. Det kan skje mykje rart med slikt som utgongspunkt. (Fjærkilinga, altså.) Med mindre kjerringa blir sur for det først…
men i Maine skal det visst ikkje forekomme.

Er du tissetrengt? Dra til Skottland. Der er det eit påbud som seier at alle er pliktige til å låne ut toaletta sine om nokon bankar på og spør. Så framande på besøk er sikkert ganske vanleg der. Det er jo ein fin måte å finne ut korleis alle andre har det innanfor veggane sine. Tiss ein dag der, og neste dag her, også vidare……og vips har du vore i alle husa rundt omrkring. (Kanskje ein litt sær hobby, men……….)

I Bahrain (ei øy i den Persiske Gulfen - trur eg…) må ein gynekolog undersøke underliva til kvinnfolka ved å bruke eit speil for å få refleksjon. Han kan med andre ord ikkje gløtte direkte inn i ho. Hmmm…. Høyres komplisert ut.

Det er nok inga tvil om at det er mykje rart rundt om i verda. Det er nesten som om at eg skulle ønske at vi kunne få ei slik rar lov her også. (Som vi aller helst skal bryte.) Det kunne jo fort bli skøy!

Jaja……… Klokka går heldigvis mot midnatt og då må eg slutte av. Då treng eg i alle fall ikkje sitte her og flire for meg sjølv (inni meg) over andre lands tåpskapar.
Etter å ha konferert med meg sjølv har eg bestemt meg for å krype under dyna og sove! Wallander må klare seg utan meg i kveld. No gjespar eg og det er eit sikkert teikn på at det berre er å pelle seg i seng. Så ha ein fortsatt fin kveld og ei god natt!

Hasta luego!

IWALY!!!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar