onsdag 11. juni 2014

Eg lurar på kva litteratur Amalie Skram ville ha skrive om ho hadde levd i dagens samfunn. Eg vil påstå at samfunnet er endra grasalt frå den tida ho levde. Med tanke på at ho skreiv ut frå eigne livserfaringar, kunne det vore spanade å sjå om ho ville slått gjennom om ho hadde skrive for dagens lesarar.
Det dystre, der fattigdom og naud står i sentrum. Det sosiale laget du blei født inn i følger deg resten av livet. Slik er det ikkje i dag, i stor grad. Enkelte kjem seg aldri ut av det, men i utgongspunktet har alle norske born dei same rettigheitene til både skule og utdanning. Helseoppfølging likeså! :=)

I fleire år har eg sagt at eg har lyst til å lese heile verket "Hellemyrsfolket". Til no kjenner eg berre godt til "Sjur Gabriel", eitt av fire verk. Ergo er det kanskje på tide å hive seg over dei tre andre bøkene.
Hadde det berre ikkje vore at eg har bestilt meg ei lærebok på hebraisk…… Planen er jo at eg skal prøve å lære meg språket. Den ligg så fint her og ventar på å bli tatt i bruk.
Hellemyrsfolket………Hebraisk…….. Hmm….
Jaja, viss ikkje livet byr på verre problem enn det…..

Amaile Skram. Den viktigaste naturalisten. Ibsen har realismen. Eg trur neppe at literaturen deira er det som fenger dagens ungdommar mest. Viss ein oppsøker biblioteka rundt om i landet, vil eg tru at dei kjem langt bak i køen. Dessutan trur eg at ungdommane ikkje er dei som renn biblioteka mest ned heller. Det er jo eit kjent fenomen at dagens ungdom les mykje mindre enn tidlegare ungdommar.
Det er andre ting som fenger meir. Nettet sine sosiale forum.

Mann får grave opp lik for å ta farskapstest. Usj….. Er det lov? Ei tre år gammal grav. Og det kun av di andre slektningar nektar å la seg DNA-teste for å få svaret på enklast mogleg måte.
Ein mann er vokst opp i trua på at den som er død alltid har vore faren hans. Når den store arven skal deles ut, er det enkelte som påstår at det ikkje er den biologiske farens hans. Han blei dømt til å betale bidrag, men det var fleire som kunne vore faren. (Så då betyr det at "svin på skogen" forkom i tidlegare dager også!!)

Viss målet til "slektningane" er å prøve å hindre han i få ein positiv DNA-test i håp om å arve heile skiten sjølv, er dei ikkje særleg smart. Retten har jo tidegare dømt mannen til å betale bidrag. Då opphever dei ikkje farskapet etter at han er daud. Hallo??! Det forstår no vel alle?
Då må det jo vere det likaste at dei testar seg opp mot mannen for å få han sjekka "ut av saka". Viss dei er sikker på at det ikkje er rett far, ja då har dei vel inga ting å frykte…. No skal dei faktisk opne ei grav!! Akkurat det er superhesleg!!
(Vel, det må ein runde til i retten for å ta det heilt opp i systemet, men det ser i alle fall ut som om at det er det som blir stoda.)

Dersom nokon hadde fortalt meg at dei skulle grave opp grava til far min, ja då hadde eg eksplodert. Eg skulle personleg ha sotte der døgeret rundt for å hindre det.
At desse slektningane skal gjere seg så kostbar, ja det seier litt om kor ulike vi som menneske er. Å tru at alle er godsinna av seg, er nok ikkje forenleg med realiteten.
Så er vel arv kanskje det som skaper dei største konfliktane i denne verda. Det er synd, men sjølv dei beste vener kan bli fiendar når det kjem til nett det temaet.

Kva finn dei eigentleg i ei tre år gammal grav? Kor langt i prosessen er forråtninga komen? Eg trudde nemleg at den var komen riktig så langt, men viss dei kan finne DNA etter fleire år, ja då er det vel ikkje berre jord att der under.
Eg vil vel aller helst ikkje vite svaret. Eg syns berre det høyres ekkelt ut.

Nei, det er eksamensdag i morgon. Då kan ein ikkje sitte oppe til seine kvelden. Så då tar denne knetta straks kveld og ønsker alle ei god natt!

Hasta luego!

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar