søndag 1. juni 2014

No byrjer vi ”alle” saman å kjenne at vi er litt trøytte. Alle har jo gått minst ei mil kvar einaste dag (og då snakkar eg om dei som har gått minst). Det er ikkje akkurat kvardagskost å gjere det dag etter dag, så det er ikkje rart at vi kjenner det.
Hotellet har heis, men sidan vi ikkje bur så høgt oppe, brukar vi som oftast å ta trappene. Tru meg…..etter ein lang dag ute, er det så vidt ein orker  løfte føtene opp trinn for trinn.
Det kjennes i musklane.

I dag har vi besøkt Pantheon. Pantheon er eit ikonisk mesterverk og saman med Colosseum det mest seerverdige i Roma. Pantheon er eigentleg eit tempel, men tar eg ikkje mykje feil, blir det i dag brukt som kyrkje.
Bygget er verkeleg vel bevart. Sjølve betongkuppelen er verdas største og den har ingen synlege søyler (som du ser på biletet under).


Det er hovedalteret som ligger rett fram. Ikkje veit eg korleis dei gjer det om det holdes gudsteneste der. Då tenker eg på sitteplassar og slikt. Viss det då holdes gudstenester der, noko ein bør anta i og med at det er ei kyrkje i dag. (Det er ingen stoler i rommet.)
Eg har enno til gode å sjå Pantheon etter mørkrets frambrudd. Eg vil tru det er eit vakkert skue med lys i mørkret. Det blir nok ikkje noko tid til å oppleve det.
Vi har berre morgondagen att, og då er det Vatikanstaten som står for tur.
Vi var der tidlegare i uka, men fekk då berre sjå det heile frå taket på ein buss. No skal vi inn i herlegheiten. Peterskyrkja, Det sixtinske kapell………you  name it. Eg gler meg i alle fall.

Eg trur ikkje eg er skapt for shopping. ………. Misforstå meg rett…..Eg kan ha tider der eg er rimeleg god på å dra kort, men det kjem an på settinga. Å sleppe meg laus i ein stor by med butikkar overalt, er ikkje ei slik setting. Då ”melder” eg meg berre ut. Eg blir gåande langs gatene og kjem meg aldri inn i noko butikk (med mindre nokon drar meg med inn).
Eg trur rett og slett at ”Gud” gløymte å ta med det med shopping då eg blei skapt. Han må ha sett bort då ein skulle sjå kva kjønn eg hadde. Eller noko sånt…… Hahahaha…..

Gje meg eit shoppingsenter der alt er sentrert, ja så skal vel eg klare å dra det der kortet.
No har eg sett minst tusen butikkar og eg har kanskje vore innom 10 av dei.Og eg er i ROMA!!! Du skjønner vel då at det er noko som ikkje stemmer?!
Berre så det er sagt……. Eg har shoppa!!!! Småting til minstemann og liknande. Og EIN heil topp til meg sjølv. :=)  Vel, det kjem jo ein dag i morgon også.

I stad hamna eg plutseleg i ei musikkforretning! Eg blei sveitt då eg skjønna kva butikk det var….. STEINWAY AND SONS!! Det var så vidt eg turte å røre eit einaste piano, men eg klarte sjølvsagt ikkje å la vere.
Akkurat der og då skulle eg ønske at det berre var å dra kortet! Tenk å ha eit Steinway flygel til 500 000?! Eg hadde vore lykkeleg resten av mi tid!
Det spørs om eg ikkje hadde kommen til å brukt all mi fritid til å sitte og stirre på eit flygel då. :=)


Det var så vidt eg turte å ta bilete i lokalet, så eg berre skunda meg opp med mobilen og tok dette. Det viser sjølvsagt berre ein brøkdel av lokalet og absolutt ikkje det beste, men det prover i alle fall at eg var der! Det lever eg lenge på.
Så viss nokon av ein aller anna årsak kulle finne på å skjenke meg ei gåve……. Ja, då står eit Steinway flygel øverst på lista!!!!

I kveld er det stort sett ingen som er svoltne. Vi har jo forsåvidt spist to middagar kvar einaste dag, så det begrensar seg sjølv kor mykje plass det er i dei småmagane. (Sjølv om dei har gått bort fleire kaloriar enn dei har klart å putte i seg.) 
Så difor har vi tatt det roleg i kveld. Nokon har berre slappa av på hotellet, medan andre har vore ute og kikka litt. 
I morgon har vi bestemt at vi sover heilt til klokka ti og gjer oss klar til klokka elleve. Då er frukosten over for lengst, men då tar vi heller turen ut for å spise frukost ein annan stad. Det kan vere godt med litt variasjon! Dessutan er det jo sundag. Kjipt å måtte karre seg så tidleg ut av senga då! 

Etter frukost blir det Vatikanstaten. Denne gongen trur eg nesten vi tar buss i stadenfor føtene. Det er eit stykk eå gå, så får ein heller vurdere om ein går attende eller ikkje. 
Eg har lova at eg skal varsku gymlæraren at karakteren bør opp minst eitt hakk etter denne turen, for no er dei verkeleg i god form!! (Kanskje eit hint til dei foresatte dersom dei treng hjelp i vedskogen eller liknande!!) :=)))))



Planen var at eg skulle legge ut litt bileter i kveld, men av ein eller annan årsak er nettet her frykteleg tregt i kveld. Eg har brukt ein heil evighet på dei få bileta eg har med her allereie, så eg skal skal heller vente til eg kjem heim med å legge dei ut. (Eller i morgon…….viss det er betre då.)

Det øverste biletet er eit panoramabilete. Eg visste ikkje korleis ein kunne ta slike bileter før i går. Då var det ei av jentene som viste meg det då eg spurte kva det var. 
Det ser nesten ikkje ut som eit vanleg fotografi, men det er det altså. Og eg syns jo då sjølvsagt at det er megakult. 

Alle er kommen på romma sine og no skal denne knetta ta kveld. Wallander er framleis med meg, så det blir nok ei hyggeleg avslutning på denne kvelden også. Ha ein fortsatt fin kveld og ei god helg! 

Hasta mañana! 

IWALY!!!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar