tirsdag 26. januar 2010

Sesongavslutning!!

Gjett kven som skal benkre seg foran tv-skjermen i kveld kvart på elleve?? Eller.... litt dumt spørsmål med tanke på at det vil ta si tid å liste opp namna til 3/4 av det norske folk. :=) Haha!
EG skal lime meg fast til den gode og deilige sofaen. Det er sesongavslutning for "Greys Anatomy"! Aldri i verden om noko skal kome i vegen for det!! Hvis ikkje han der dei kallar Ask plutseleg skal slå til for fullt og øydeleggje signala. Tipper det blir mange sure sjeler her i bygda då.
Eg må innrømme at eg tykkjer dei siste episodane har vore litt triste og i overkant ekle. Det fins ei grense for kor mykje blod hovudet mitt treng å fyljast med. Trur nok det er Izzy som får mest sympati hos folket for tida. Tenk det!! Ein filmfigur gjer oss den virkninga at vi både fell nokre tårer og lever oss inn i det som om det skulle vore ein av våre eigne. Ei merkeleg verd skal vite.

I utgangspunktet er eg veldig glad i handball. Som tidlegare handballspelar har eg vore vant til å sjå dei fleste handballkampane som Noreg speler i mesterskap (i hovudsak kvinner). I si tid var eg veldig ihuga. Men.....livet har fått andre dimansjonar enn då vi trena og trena heile tida. Det var ei bekymringslaus tid då tankane kun var "egoistiske" og ein sjølv var i sentrum. Det var om å vere best til einkvar tid. Den tida er over. Det gjeld den ihuga interessa for handballen og. Spesielt når mannfolka speler.
Det er som i fotball.....dørge kjedeleg å sjå på at kvinnfolk speler. I handball er det ikkje noko særleg å følge med på desse mannebeina som spring der rundt på bana. Ikkje slik å forstå at eg ikkje ser nokre av kampane....eg er berre ikkje avhegig av å sjå dei.
Oisann......Der kom visst den eigentlege problemstillinga fram. Handball akkurat no er ikkje favoritt av den enkle grunn at då blir alle andre program flytta (les mine program), og det til seinare tidspunkt. Det er ikkje ideelt å sitje oppe og vente ein time ekstra for å få med seg blant anna "Greys" (sjølv om det er verdt det). Det betyr ein time seinare i seng og ein time trøyttare dagen derpå.
Så mi bøn blir då: La sporten få ein heilt eigen kanal der alt av sånne program sendes. Så får det bli opp til den enkelte familie å krangle om kven som skal ha tv'n. Den sterkestes rett. (Bak eitkvart mannfolk står det ei sterk kvinne! Det er det som er ideologien). Eit mannfolk får ikkje viljen sin så lenge dei sender "Greys". Ferdig med det! Trur eg har mange med meg på det :=)

Uansett! Ask, held deg borte i kveld. Eg skal sjå sesongavslutninga som eg forventer blir kjempespanande. Så har vi noko å gå å gle oss til i vente på at dei skal starte den nye sesongen litt seinare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar