søndag 31. januar 2010

Oh, so boring!!

Uff, eg er så dårleg på å ikkje vere i slag. Då hjelper det ikkje særleg på at det mest spanande som skjer her i huset er at far og son krangler om kven som skal ha tv'n. Ein vil sjå fotballkamp og ein vil sjå teikneserie. Så kan jo du som lesar tippe på kven som vil sjå kva.....:=) Hehe.
Eg for min del er så sur på heile tv'n etter å ha sett "Greys" på tysdagen. Det er den værste sesongavslutninga eg nokon gong har sett. Det er jo meininga at ei sesongavslutning skal slutte på ein spanande måte slik at vi berre skal gå å gle oss til neste sesong. Vel, slik blei det ikkje i dette tilfellet. Eg var så lei meg og provosert etter å ha sett episoden og eg har absolutt ikkje lyst til å sjå fortsettelsen. Det var så trist så trist!! Mange tårer, ja.....

Sjølv om eg ikkje har så stor interesse for tv'n for tida så har eg fulgt nok med på nyheitene til at eg har fått med meg at Krekar sin familie er blitt beskoten. No blir dei skjerma frå farer av politiet. Ikkje det at eg har brukt så mykje tid tidlegare på å gjere meg opp ei meining om han som person, men eg har då vitterleg fått med meg at veldig mange trur han er ein trussel for rikets tilstand. Litt komisk då at nettopp riket må ta ansvar for han no.
Denne skyteepisoden er visst berre ein av mange her i landet i desse dagar. Eg ser med skrekk på framtida dersom det ikkje roar seg litt snart.
Eg har ein elev som på fredag sa at vi faktisk er avhengig av kriminalitet for å ha eit politi. Eit land utan kriminalitet treng ikkje særleg mange politifolk. Då ville mange blitt arbeidlause. Sant nok....... Trur kanskje eg likevel vil påstå at denne kriminaliteten vi "ser" for tida er i meste laget.
Då eg vaks opp høyrde eg om skyting ein einaste gong. Det var faren til ein venn av meg som blei skoten. Det var derfor eg fekk vite om det. Då var eg 8 år.
I dag trur eg det er mange born som høyrer om skyting og overfall dagleg. I alle høve kvar veke. Skremmande spør du meg!! Det skal bli vanskeleg å få orden på alle problema. Om det kjem aldri så mange politifolk, om det blir aldri så mange fengselsplassar, så trur eg dei aldri vil få bukt med kriminaliteten. I tillegg kan ein tenke seg til at det er folk blant politiet som er korupte. Kven kan ein eigentleg stole på?? Kor lang tid vil det ta før landet vårt følger etter og i stor grad blir "styrt" av mafia på ein eller annan måte? Eg berre spør..... Eg har ingen kjennskap til mafia og liknande, men eg veit at dei har stor makt i mange land.
Om ein ser på mange av hendingane dei siste åra, så viser det seg at fleire og fleire bruker trusslar for å tvinge gjennom det dei ønskjer. Får dei ikkje viljen sin skal dei sprenge det og det.... Joda...Trur det er grunn nok til bekymring for at også det vil bli tilfelle her til lands, om ikkje no så om år fram i tid.

Mange skyt av di dei er i konflikt med dei som dei skyt. Kva då med alle dei som skyt eller overfaller av di dei høyrer stemmer eller av andre grunner ikkje er tilregnelege. Det er jo eit faktum at det er fleire og fleire som blir psykisk ustabile eller rett og slett psykotiske.
Kor mange er det ikkje som har drept eller har prøvd å drepe berre av di samlivet deira går i oppløysing?? Eg skjønnar sjølvsagt at det er veldig vondt når eit samliv sluttar å fungere. Etter mange år ilag blir ein ganske avhengig av kvarandre. Likevel, drepe.....?? Ganske drastisk. Rett og slett vanskeleg å forstå.
Det er eit ordtak som heiter "Utan næring døyr kjærleiken". Det trur eg på...... Men dog er vi alle ikkje like. Spørsmålet er då: Er det nokon som er verdt så mykje at det er verdt å la livet sitt gå rett i "dass"? Vil ein heller ha ei ulukkeleg kjærring berre av di ein sjølv er redd for å bli åleine? Er ein så avhengig av kvarandre?? Eg berre spør......

Vel, plutseleg kjeda eg meg ikkje lengre:=) Det har jo gått litt tid med til å skrive dette, så då rakk den følelsen å bli borte. Deilig!!

Hasta luego amigos!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar