tirsdag 27. mai 2014

Roma - tysdag 27.mai 2014.

Vi vakna til sol og varme. Innimellom var det litt overskya, men det gjorde ingenting. Når ein skal vandre i gatene, er det greit at det ikkje blir for intens sol.
Ergo var det heilt perfekt.
Alle var til frukost før halv ti og etter det var det berre å gjere seg klar for Spansketrappa




Spansketrappa…… Tja, kva skal ein seie om den? Vi kom inn frå toppen av trappa, og først blei eg ikkje så ”imponert”. Akkurat det endra seg etter at ein hadde gått ned heile trappa og fekk skue litt frå den vinkelen også.
Etterkvart blei det berre meir og meir folk der, så det blei bra folksomt.
Etterkvart som trappa fyltes med mennesker, fyltes den også med selgarar. Vesker og solbriller i fleng. Salget blei heller dårleg då dei skulle ha oss til å kjøpe noko.

Frå midtplatået i trappa var det ei som klarte å lese eit skilt kor det stod ”PRADA” på. Då kan du jo tenke deg til kor første shoppingrunde i dag starta.
Ikkje det at det blei lagt att så mange pengar der, for kven har vel råd til å kjøpe noko hos ”PRADA”? Men……Berre det å ha vore der og sett på klede…….
Det er jenter med sans for kvalitet.


Etter eit lunsj-måltid, splitta vi oss litt opp. Det var ulike interesser ute og gjekk og difor avtalte vi å møtes til eit gitt tidspunkt.
No skal det seies at det er usikkert om gutta gjorde det dei gjorde av rein interesse, eller om dei berre fulgte med……men dei har i alle fall fått trimma i dag. Vi har gått og gått i fleire timar! Mykje trim og mykje fliring.
Eg må jo berre sitere ein av dei. ”Gamle kailla og gammel mainnskit. Det e det som e Roma!”  Vi andre holdt på å knekke i hop. Den gamle mannskiten var jo då sikta til alle ruinane osv. Så sei slikt til ein italienar og du blir sikkert banka opp. (Hahhahaa…….)

Det gjekk ei lita stund og så kom følgande setning. ”Sjå ka med fluer det er:”  Det komiske med det var jo at det forskjell på fluer og fjær!!! Og så kan du jo sjølv tenke deg til kva det var han såg. I alle fall ikkje fluer.
Oppfølgingsspørsmålet var det beste av alle. Då berre bobla det i magen. Ein ny setning som berre sørga for at dette har vore ein toppers dag.
”Ka han heite han dær kongen som e på bildan dær?”
Jeeeezes!! Det var verkeleg dagens beste. Om du lurar på kvifor?! Sjå på biletet under. Fine kongen, hæ?????? Thiihihihihihihihihi……… Er det rart vi har flira mykje i dag? (Eg fekk lov til å sitere vedkommande her…) :=)



Medan vi tok oss ein liten ”rast i bakken”, oppdaga vi plutseleg ein svær måse (svær!!!!) som tok alt han hadde ut over ei due. Stakkars due, for det var ikkje akkurat mykje att av den etter at måsen var ferdigspist.


Sliten i føtene fekk vi oss ein mini-time på romma før middag. Vi gjekk litt i gatene for å finne ein triveleg plass og det syns eg vi klarte bra. Det handlar om å ta litt på sparket også. Vi endte opp på ein ”fin” restaurant og fekk god mat og drikke. I og med at dei tener godt på oss sidan vi er så mange, fekk vi gratis dessert. Kake……… Eg trur det var godt at vi hadde ein gå-bite for å kome oss attende hit til hotellet.

Vi er berre komen til kveld nummer to, men allereie kan ein skimte at det er enkelte som har lagt oss på minne og vi glir lett inn i mengden. De er som dei har kjent oss ei bra stund. (Litt kult eigentleg.)

No er det litt avslapping på hotellet. Sjølv syns eg det er deileg etter å ha vore utanomhus sidan i føremiddag. Mykje ”frisk” luft, med andre ord, i den grad ein kan kalle Roma for ein by med ”frisk” luft.
Det er i alle fall ein by med trafikk!! Og då er det ikkje snakk om køyring etter norske reglar og skikkar. Det skal vere visst. Her er det ikkje grøn mann overalt som seier at det er greit å kome over, sjølv ikkje på svært traffikkerte vegar.
Enkelte stader er det nok det, men det er like ofte at det ikkje er det. Det er berre om å snike seg ut i vegen og ”tvinge” dei som kjem køyrande til å stoppe. Eg føler vi er blitt ganske god på det allereie.


Historie, severdigheiter, shopping, mat, trim……..you name it…….. Vi kosar oss i alle fall og det er vel det viktigaste.
Gutta på tur. 

I Roma er det like lett å gå fem på som alle andre stader i verda. Det var ein artigkar som skulle lage armbånd til oss. Eg forstod jo straks at han skulle ha noko for det, men han gjorde jo på ein jæ…….smart måte slik at det ikkej berre var å seie nei. Så sa han at vi kunne betale det vi sjølv ønska. 
Eg leita fram fem euro, men då steila han. Han skulle ha ti. Så over åtti kroner for nokretrådbitar som ikkje blei fint eingong. Sjå berre sjølv på kor ujamnt. Snakk om å gå i fella. :=))) Ergo er alt akkurat som det bør vere!! 

Tamburinlys er kult!! Ei slik lampe skulle eg hatt heime.

På turen vår kom vi sjølvsagt over ein altmogleg-sykkel. DET var mat for gutta!!! Den hadde alt……slipestein, horn, mykje lys og verktøykasse, vannkanne for slipesteinen osv……. Akkurat nok masse til at dei såg for seg at den vil dei ha med heim. Einsykkel som var som ein verkstad. Mobil arbeidsplass. Kult!!









Shopping! Sminke! Fine jenter! Her skal vi attende og kjøpe meir!!! 
Som du ser….Vi storkoser oss og ser fram til fleire dagar her nede! 

Hasta luego!! 

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar