fredag 23. mai 2014

I dag kom det meg for øre at det er snakk om at vegsjefen jobbar for å få klassifisert kjøpsvikvegen frå riksveg til fylkesveg. Kva vil då det seie (dersom det stemmer)? Rykter er ein ting, sanninga noko heilt anna, men det kjem no frå ganske sikre kjelder.
Det betyr at det blir billigare for "vegsjefen". Det brukes mindre pengar på ein fylkeseg. Den er liksom ikkje like viktig som ein riksveg. Og det er klart at det no etter brannen kostar eindel å få den opprusta.
Kan det då vere slik at ein tenker at ei omklassifisering av vegen skal sørge for at dei skal slippe billigare unna?

Det signaliseres også at tungtrafikken skal styres andre vegen, E6 over skaret. (Noko ikkje tungtransporten ønsker vinterstid. Men kva betyr no det????)
Vegsjefen burde verkeleg heller jobbe for å utbetre vegen. Det var ein visjon bak sjølve "bygginga" av vegen i si tid, men det virker som om mange har gløymt det. Difor skulle eg ønske vi hadde nokon som kjempa for oss på det området.

Spør du meg, er dette eit politisk spel. Det er andre kommunar som jobbar i bakgrunnen. Vi veit jo også kven som var med på å bestemme at vegen skulle bli smalare enn først tenkt i si tid. Vi veit i kva kommune det representerer.
Eg skal vere forsiktig med å påstå noko…………, men i mitt hovud tenker dei små grå at det er logisk at dette må vere eit politisk spel frå nabopolitikararar (eller folk med interesser der). Vi veit jo at det har vore kjempa ein offentleg kamp om kor E6 skal gå i framtida.

Eg håper verkeleg at det er nokon som er vakne i denne prosessen, for ellers risikerer vi alle å bli "tatt på senga".
Vi irriterer oss allereie over at dei ikkje proriterer å ordne opp etter brannen som snart et halvanna år sidan. Det er for gale.
Vegen som var tenkt som framtidig E6 frå høgt hald skal kanskje plutseleg vere fylkesveg. Hallo? Galskapen lenge leve.

Då eg var yngre (mykje yngre - sjølv om eg absolutt ikkje er så gammal no!!!!), lurte eg mange gonger på korleis det var/er å vere tvilling. Enkelte er einegga, andre ikkje. Uansett……som regel var dei tvillingpara eg blei kjent med ganske "nære". Det var på ein måte ingenting som kunne kome i mellom dei.
Enkelte gonger høyrde vi at det fantes tvillingpar som skreiv same stilinnhald, hjalp kvarandre på prøvar (telepati) osv osv……….Lista kan vere lang……

Når tvillingpar veks opp ilag, er det vel gansle naturleg at dei "heng" mykje ilag. Det er dei som leikar ilag osv. Dei har alltid nokon å vere med. På godt og vondt.
På godt av di dei veit dei har nokon å leike med, vondt (på ein måte) på grunn av at dei kanskje då ikkje blir så integrert med andre born. Sjølvsagt ikkje i alle tilfelle. Eg skal heller ikkje anslå noko prosent, men det skjer no i alle fall.
I alle fall…. Eg brukte å lure på korleis det er å vere tvilling. Spesielt då med tanke på dei som er nært knytta kvarandre og som kanskje også er blitt vaksne, eller er på tur til å bli det.

Det som no satte "tvillingtankane" mine igong, var rett og slett at eg plutseleg kom over eit tvillingpar som deler ganske mykje. Og då meiner eg mykje!
Det er greit å dele tankar og vere der for kvarandre, men når ein i løpet av, rundt rekna, 15 år og aldri har vore ifrå kvarandre meir enn 30 minuttar til samans……. Då kan ein fort byrje å spekulere.
Dei gjer morgonstellet ilag. Dei deler Facebookprofil. Sist men ikkje minst - dei har delt kjærest.
Eg trur ikkje heilt at eg vil vite korleis det arter seg. Eg lurar no mest på om det er meininga at dei har tenkt å gjere det same når dei blir eldre…….
Den heldige guten som fekk dele dei, ja han må jo ha vore i lykkerus. Tenk å ha to kjærastar samtidig, der begge veit om kvarandre og synast det er heilt greitt!! Det må vere toppen av lykke for ein tenåring.
Litt verre blir det vel når di blir eldre og skal få seg livsledsager?!
Kva veit vel eg?? Eg berre ser ikkje heilt for meg at det skal vere tre tilstades i alle hyrdestundane.
Jaja……..

Ellers har ein jo også høyrt om dei som får smerter når den andre tvillingen skadar seg. Akkurat det fins det mange eksemplar på.
Ikkje det at eg veit at nokon av dei eg kjenner har det slik. Likevel….Det har alltid vore tvillingar tilstades (rundt meg) sidan eg var 12-13 år gammal. Det byrja då vi starta i ungdomsskulen. Då kom eg i klasse med to jenter som ikkje var einegga.
På vidaregåande var det to andre jenter. Dei er heilt klart einegga, sjølv om eg aldri spurte dei direkte om det. Det var liksom ikkje noko vi tenkte på då. Dei er prikk lik den dag i dag, så einegga er dei nok.
Ingen av desse deler partnar, såvidt eg veit…..! I følge Facebook lever dei i beste velgåande med kvar sine familiar. (Det er eigentleg ganske flott med Facebook. Det er koseleg å sjå korleis det står til med alle dei ein vaks opp og gjekk på skule med.)

Det som er litt artig, akkurat no, er at medan eg sit her og skriv om tvillngpar, ja då dukkar det jaggu meg opp eit tvillingpar her i stova. Det er ikkje tull eingong!! Snakk om timing! :=)
Det er sjølvsagt ikkje eg, men minstemann som får besøk av klassekompisar, men artig at det er akkurat dei som kjem når eg skriv om nett dette.
Så eg måtte jo sjølvsagt spørre dei om det hender dei tenker det same, eller om dei trur dei kan klare å "jukse" på ein prøve om det blir nødvendig. (Litt anna formulering, men dei skjønna kva eg meinte…..)
Kva dei svara forblir hemmeleg! :=)))

Det er enno tidleg, denne fredagen. Eg har ikkje eingong starta med middagen. (Kanskje ein idè å gjere det?!!) Så blir det vel foran tv-skjermen klokka halv åtte. Det er jo finale i "Norske talenter" i kveld, som forøvrig er årsaka til at det ikkje blei noko hytte tur denne helga.
Sånn sett er det kanskje like greit, for eg har jo litt pakking foran meg i helga. Eg gler meg til måndag!!

Ha ein fortsatt fin kveld!! Kos deg og nyt det kvelden må bringe med seg av herlegdomar!!! Jada, jada, jada……..Eg veit det høyres teit ut, men det er jo lov til å ønske ein fin kveld i alle fall!! Om den blir herleg eller ikkje………blir vel opp til kvar enkelt! :=)

Hasta luego!!

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar