fredag 16. mai 2014

16.mai. Høy musikk, limbo, masse born, godterier, energi……you name it. Eg har vore vakt på årets russediskotek, og øyrene er no glade for at dei er vel heime. Ikkje det at musikken var så alt for høg, for litt lyd skal det vere på eit diskotek, men det er ikkje akkurat noko ein er vane med i kvardagen. (Det skal vere sikkert.)

Som du ser, har dei tatt seg bryet med å pynte litt ekstra. Ellers rundt omkring han det store flagg dei har laga sjølv. Er det mai, så er det mai. 

Inga diskotek utan diskolys. Lys som beveger seg etter musikken. Det skaper litt ekstra stemning. Og stemning vat det. Om enn ikkje ute på dansegolvet, så ellers over alt. 
Når rolegdans-konkurransen starta, var det plutseleg ein haug med gutar som plutseleg hadde fordufta frå danselokalet. Eg trur nok det var frykten for å bli bydd opp til dans som sørga for det. (For dei var attende straks dansen var over.)  
Gutungen min stakk ikkje, så han fekk seg ein dans og han og "partnaren" vann seg ein kvar sin "French fries". Lykke på jord. 


Her er det limbo på høgt plan. Steffen er på tur under staven. Mora er ikkje like mjuk, men deltok! 
Hahaha…….. Det var skøy, men når staven kom ned til eit visst punkt i høgde, så måtte eg gje tapt for den yngre garde. 
Denne karen blei nummer to. Det stod melom han og ein kompis av han. Kompisen vann. 

I morgon tidleg er eg fullstendig klar over at eg kjem til å bli vekt grytidleg. Dei to siste åra har dei klart å "ta meg på senga"…….. Åra før har eg vore førebudd når dei har komen. Dei siste to åra har dei sneke seg inn i hagen og under vindauget mitt. Når dei då hamrar laus på veggen og ropar samstundes som dei sveiver den der grusomme sirenen…….Ja, då er det ikkje rart at nakkehåra reiser seg og ein sprett ut av senga fortare enn fortast. 
Årets kull er slett ikkje tammare enn dei foregåande, så eg er fullstendig klar over at dei har tenkt å la meg få gjennomgå. Berre det at dei ikkje veit at eg har planen klar! Hahahaha…… Denne gongen har eg førebudd meg, verkeleg! MEN kva det er snakk om skal eg så absolutt ikkje avsløre her. For då risikerer eg at nokon kviskrar dei i øyrene og avslører meg. 

I morgon er det feiring av nasjonaldagen. Grunlovsfeiring. Eit spesielt år med tanke på at det er 200 år sidan vi fekk ho. Eg er sikker på at det blir ein flott festdag. 
For min del startar dagen med speling klokka åtte. Revelje, heiter det så fint. Så skal vi sørge for at borna får stå i sentrum etterpå. Vi skal gjere ting felles med resten av landet. Dei kallar det for "festtog". Vi har valgt å hive oss med på den bøgja, og det er det borna som skal sørge for. 

Eg håper alle får ein super dag i morgon og at vèret held seg sånn nokonlunde. Alt er så mykje betre når det er godvèr. Så til lukke med årets 17.mai! 

Hasta luego! 

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar