onsdag 21. mai 2014

Hannes sønn (4.mnd) begravet uten hjerne. Ble aldri varslet. Det er som Hanne sjølv seier.....brutalt!
Veldig mange av oss har meininger om organdonasjon. Enkelte er svært opptatt av at flest mogleg skal registrere seg som donorar dersom ulykka skulle vere ute, medan andre tar avstand frå det. Utgongspunktet frå meiningene deira er veldig ulike og ein må sjølvsagt ha respekt for kva enkeltindividet meiner, også om det går på akkord med dine eigne  meininger.

I dag er det slik at ein kan teikne seg som organdonor. Likevel, det er til sjuande og sist dei attlevande som tek avgjerdsla. Næraste pårørande.......
Kor går eigentleg grensa mellom for kva tid systemet spør om aksept for å gjere det og til det å faktisk berre gjere det utan at næraste pårørande har sagt ja? Eg veit ikkje om det er eit spørsmål som er vanskeleg å svare på, men reglane bør jo i utgongspunktet vere ganske så klar på det området. Det bør ikkje vere rom for tvil i nokon grad.

I denne saka om den 4 månadar gamle guten som døydde i krybbedaud, har dei fjerna hjernen til gutungen for å bruke den til vidare forskning. Kanskje ei grei og viktig sak at dei kan gjere det....MEN kor er det medmenneskelege oppi det heile? Og ikkje minst...Er det lovleg å berre gjere det sånn heilt utan vidare? Når ikkje eingong mor blir varsla om det....Då blir det som ho sjølv seier, brutalt.
Hadde dei tenkt å berre gjere det i håp om at ho ikkje skulle oppdage det? Det vil i så fall vere heilt idiotisk.

No er det gått tolv år sidan han døydde, og det er først no at ho er klar over kva som skjedde. Ho er klar over det av di VG har leita i grumset og funne svaret. Og skal vi tru det som dei er komen fram til, er det snakk om at forskarar har brukt heile 700 born til å få organar av utan at foresatte har samtykka.
Har ikkje små born dei same rettigheitene som andre? Eg kan for lite om regelverket til at eg sjølv kan svare på det. Eg veit berre at oppe i MITT hovud, ja då høyres det heilt forkasteleg ut.
Hadde eg mista eit born og tolv år etterpå fått vite at hjernen ligg der i ein frysar enno....... Det ville gått sterkt inn på meg, garantert. Eg trur eg ville slitt med det.
Det er noko med det mentale.......... Om ein godkjenner det frå starten av, får ein bearbeidd det. Denne sjansen hadde ikkje desse foreldra og andre med. Den sjansen blei dei bevisst frarøva.

Joda, forskning er viktig og det er bra at organa kan vere med å hjelpe "framtida". Så er det vel heller ikkje det som er problemstillinga i denne saka. Det kan godt vere at nett denne familien ville sagt ja. Forskjellen ligg berre i at då var valget deira.
Å finne løysinga på krybbedaud må kunne gjerast på ein annan måte enn å gå bak ryggen på folk.

Det kan hende at det er eg som er rar.......men akkurat dette har eg sterke meininger om. Viss nokon tar noko frå min kropp utan at mine næraste har godkjent det....Tja, då kjem denne jomfrua til å "gå igjen" og stakkars dei det då gjeld!!! (For snill blir eg ikkje.)

Jaja, sånn går no dagane…… Eg har akkurat vore på musikkøving. No er det kvelds og avslappingstid. I morgon håper eg på "greit" vèr, for då skal eg ta meg ein liten malartur i fjorden. Det er lov til å håpe.

Uansett… Ha ein fortsatt fin kveld og sov godt til natta.
Kveldens musikktips (som mest sannsynleg ikkje vil slå godt an hos dei fleste) er Toni Childs. Meget spesiell stemme!! Ho må høyres på fleire gonger fir å venne seg til musikken. Favoritten min er "I´ve got to go now". Den har eg ofte på øyret når eg er ute og springer.

Hasta luego!

IWALY!!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar