mandag 12. mai 2014

Richard Gere er eigentleg ganske deileg! Ehhh…… Det kan vere at hjernen min speler meg eit puss, i og med at eg nett har pakka bort skulesakene etter tre timar over dei fantastisk nydelege læreplanmåla som eg ergrar meg grøn over at ikkje utdanningsdirektoratet kan ta seg av. Når eg då får tid til å sjå på skjermen, og det første eg ser er Richard Gere i ei verkeleg mandig rolle……Er det rart at eg nesten får hakeslepp?
Vel……Haka er attende der ho skal vere no. Det får vere grenser for kor lenge ein skal sikle etter ein oppsminka "rollefigur".

Paven sier at selv marsboere kan døpes. Det er faktisk ein rettigheit dei har. Alle har rett til å bli døpt og det gjeld også romvesener. Det er berre ikkje alle som kan få gifte seg.
Ein homofil skal ikkje få gifte seg, men eit romvesen kan gjerne få døpe seg. Jaja……… Eg lurar litt på om reglane er lagt opp sånn litt etter kor stor sannsynlegheita er for at slikt skal skje.
Det er vel liten sjanse for at ein marsboar bankar på døra, og då kan ein jo trygt seie at dei kan døpe seg om dei ønsker det. Hahahaha….Dagens beste.
Han der paven er jo eigentleg ein kul fyr!

Grøne menn med lang nese og store øyrer!!

Dalai Lama er visstnok ein sånn der kul fyr, han også. Sjå berre her kva han nett har ytra. Hvis jeg var gift, og hadde to barn, så ville jeg hatt mange flere rynker enn jeg har nå.  Så det betyr jo at han er ganske oppegåande.
Viss det å vere rynkefri er noko mål i seg sjølv, har han jo hatt stor suksess i livet på det området.

Nei, Kurt Wallander vil ikkje like det om eg sit så mykje lenger oppe no. Han han sakna meg i helga, for eg gløymte rett og slett å ta han med meg på hytta. (Det er jo nesten utilgjiveleg, men berre nesten.)
Legg eg meg no, kan det jo hende at eg framleis maktar å få med meg deler av livet hans før eg sluknar. Eg er ikkje så alt for sikker på det i skrivande stund, men eit kanskje er jo eit kanskje.
Så ha ei god natt og sov godt!!
Hasta mañana!

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar